Meir samarbeid om strandsona
Kommunane i vest jobbar med ein felles plan for areala langs sjøen. Prosjektet kan gje øykommunane større spelerom i strandsona.
Endret 04.09.12 15:09
– Samarbeid om ein felles plan for strandsona har vore svært positiv for Sunnhordland. Kartlegginga av areal har også gjeve regionen uttelling for langt meir strandsone enn dei var registrert med i oversikta til statistisk sentralbyrå, seier Askøy-ordførar Siv Høgtun (H).
Betre dialog med staten
Saman med ordførarar og rådmenn frå Øygarden, Fjell og Sund var ho i går føremiddag til stades då styreleiar Ove Trellevik sette møtet for Regionrådet Vest på Rong. Prosjektleiar Torgeir Sæter gjorde greie for fleire av dei prosjekta som kommunane i regionen no vurderer, mellom dei ein felles kommunedelplan for strandsone og byggesaker.
– Ein felles regional politikk for strandsona kan vera nyttig også for kommunane i vest. I Region Vest har me fått orientering om erfaringane frå Sunnhordland. Prosjektet har mellom anna gjort dialogen med Fylkesmannen langt betre for kommunane i sør, seier Torgeir Sæter.
Målet med prosjektet i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er å bruka den nye plan- og bygningslova slik at delar av strandsona får stå urørt, medan andre delar kan brukast til bygging. Ønsket er å få ned talet på dispensasjonssøknader og skapa ei bærekraftig forvaltning av strandsona i regionen.
Vil forankra arbeidet
Siv Høgtun var tilstades då sunnhordlendingane vitja prosjektleiinga på Askøy. Ho vil trekkja dei folkevalde i alle fire kommunar med i arbeidet så raskt som råd, helst når formannskapa er samla til Tinget i Vest om to veker.
– Politikarane må få vita meir om kva dette er og få høve til å gje signal om kommunane skal gå vidare med samarbeid om strandsone og byggesaker. Me må få vita kvifor dette samarbeidet er viktig å bruka tid og krefter på, seier Høgtun.
Strandsone-samarbeidet er del av eit større regionprosjekt der også samarbeid om byggjesaker og arealplanleggjing står på agendaen. Askøy-ordføraren har lansert tanken om å bruka kommunedelplan som arbeidsmåte for strandsona. Det er ein plan som i så fall må handsamast i kvar kommune, slik at alle fire kommunestyra må gjera vedtak i plansaken.
Skeptisk til ressursbruk
Ordførar Otto Harkestad (Ap) i Øygarden stiller spørsmål ved bruken av tid og ressursar på ein slik kommunedelplan.
– I Øygarden jobbar me på overtid med ny arealplan, som skal vera klar til neste sommar. Eg vil vera varsam med alt som kan forstyrra arbeidet ved ei planavdeling som har meir enn nok å gjera, seier Harkestad.
Han peikar også på at det frå staten si side er gjeve strengare retningslinjer for arealbruken i strandsona kring Bergen, samanlikna med kva som er tilfelle i Sunnhordland. Harkestad vil likevel ikkje utelukka at ein felles strandsonepolitikk kan gjera det lettare å koma til semje med Fylkesmannen, når det er noko kommunane ønskjer å byggja i kystbeltet.
– Strandsona er vanskeleg å unngå i Øygarden, så me er dei første til å støtta prosjekt som fører til betring. Me vert stadig meir frustrert over kor lite det vert opna for av verdiskapande tiltak, seier Otto Harkestad.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Siste kortnytt
- Trafikkuhell ved Sartor [21.05.13 16:05]
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Privatskule med god plass [20.05.13 09:05]
- Generalprøve for Brudansen [16.05.13 15:05]
- Giske smakte på ung skaperkraft [23.04.13 08:04]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]



