Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Meir by, mindre senter

Meir by, mindre senter

Straume skal etter planen bli by. Men omforminga  startar med ei utbygging av Sartor senter.

Publisert 04.03.10 08:03
Endret 04.03.10 08:03

 «Straume sentrum: Frå kjøpesenter til by» var tittelen på ein presentasjon politikarane i Fjell formannskap fekk måndag kveld. Dei folkevalde fekk ein to timar lang gjennomgang av den områdeplanen som Norconsult og Fjell kommune no gjer siste finpuss på. Men det er altså i kjerna av senterområdet byutviklinga skal starta, med meir handelsareal. Det kan høyrast ut som eit paradoks, men det må altså bli meir senter på Sartor for at Straume skal få ein meir urban struktur.

Fagtung områdeplan

– Utgangspunktet var jo behovet for å bygga ut senteret. Me kunne søkt unntak frå plankravet og prøvd å få gå i gang. No lagar me i staden ein omfattande områdeplan som også sikrar den strukturen som trengst for å gjera Straume til by, seier eigedomsdirektør Ernst Einarsen.

I motsetnad til ei detaljregulering går ikkje denne områdeplanen ut på dato etter fem år. Prosjekta innanfor planen kan byggast ut over tiåra som kjem, opplyser Solveig Mathiesen i Norconsult. Ho har jobba tett med dei arkitektane, logistikk-ekspertane og landskapsarkitektane Sartor Holding og Ernst Einarsen har engasjert i prosessen. Samstundes har planavdelinga i kommunen hyra inn arkitektar og ekspertar på mellom anna trafikkprognosar og utbyggingsavtalar.

– Sartor treng utviding

Måndag presenterte Mathisen den nærast ferdige planen for politikarane. Konsulentar og kommune har samkøyrt seg, slik at planen ikkje treng ein eigen runde hjå planavdelinga i Fjell. Planen for senterområdet vil gå direkte til formannskapet når den snart er klar for høyring. Viss planen så vert vedteken i kommunestyret er Ernst Einarsen klar til å byrja med ei etterlengta utviding av senteret.

– Med tanke på konkurranse frå andre senter og behovet for større areal burde Sartor vore i gang med utviding for lengst, seier Einarsen.

Slik det er no, må senteret vera knepen på areala til fleire av leigetakarane. Til dømes Elkjøp har knapt med plass i høve til kva elkjeder får i andre senter.

– Fleire ønskjer å utvida, og me vil gjerne ha inn nye kjedebutikkar på Sartor. Me gjorde sist endringar i 2004, men eit senter bør endrast kvart femte år. Sartor er ute i siste liten, meiner Ernst Einarsen.

Plassar og høghus

Samstundes som Sartor bygger på senteret skal ein altså legga grunnlag for ein bystruktur på Straume. I første byggetrinn ligg mellom anna Straumsallmenningen tvers gjennom frå Grønamyrsvegen til Sartorvegen. Der møter den festplassen. I utkanten av plassen ligg tomta for eit høghus som kan bli på 13 etasjar, som skal husa mellom anna kino. Areala her er i dag overflateparkering ut mot Sartorvegen. I alt 600 parkeringsplassar må bort frå overflata. Dermed må ein bygga parkeringshus i grunnen under for å erstatta og skaffa nye plassar. Kommunen  krev arkitektkonkurranse for festplassen og høghuset.

– Eg vonar likevel at me kjem raskt i gang med kinobygget. Saman med allmenningen gjennom og nye kvartal vil eit signalbygg vera med på å tona ned den dominerande rolla senteret har i dagens «bybilde», seier Ernst Einarsen.

 

Med Sartorvegen (tidlegare Foldnesvegen) i framgrunnen kan kjerna av Straume sentrum sjå slik ut om nokre år. Første byggetrinn er her ramma inn med raudt. I framgrunnen eit høghus med kino, vendt mot Festplassen. Aust for denne ligg Nygata, ei gågate som knytter plassen saman med allmenningen austover til Grønamyrsvegen. Sartor vil også i åra framover vera økonomisk motor i sentrum, men ein ny bystruktur skal gjera kjøpesenteret mindre dominerande i bybildet. Modell: 3D Design

 

– Må få bygga slik at det løner seg

Rådmann Steinar Nesse i Fjell gjev politikarane reine ord for pengane, i spørsmålet om kva som skal til for å få lønsemd i omforminga av Straume. Politisk må ein legga til rette for lønsemd i dei ulike prosjekta innanfor områdeplanen for Straume sentrum.

– Må bygga i høgda

– Det betyr mellom anna at politikarane ikkje kan strupa byggehøgdene. Ein må bygga i høgda for at dette skal løna seg. Utan lønsemd kan ikkje utbyggarane vera med på å utvikla Straume til by, seier Steinar Nesse.

I kommunen reknar ein no på om byggehøgder på fire til seks etasjar vil vera eit godt nok utgangspunkt, for å gjera urban ombygging til eit prosjekt som er økonomisk mogeleg å gjennomføra. Rådmannen minner om at rammene ein legg for sentrum skal vara i 20 år.

– Rammene må vera klare, slik at me ikkje må reforhandla til dømes byggehøgder for kvart prosjekt som skal byggast ut, seier Nesse.

Oppglødd

Kommunen er sterkt deltakande i arbeidet med områdeplanen, og rådmannen legg ikkje skjul på at administrasjonen er oppglødd over framlegget som snart er klart.

– Målet er å få områdeplanen gjennom i kommunestyret i god tid før sommaren. Så må me laga utbyggingsavtalar for kvart prosjekt, seier Steinar Nesse.

Gjennom eit fond skal Fjell kommune bidra med pengar til offentlege plassar og gater. Kommunen vil også i framtida vera leigetakar, slik dei er det ulike stader på Straume i dag.

– Fjell har også ei tomt i søre delen av planområdet. Gjennom makebyte kan me få ei flott tomt til barnehage på sørsida av Bildøyvegen, seier rådmann Steinar Nesse.

Bustader

Viss kommunen byter bort tomta dei i dag er deleigar i, får Ernst Einarsen ei tomt som eignar seg for eit bustadprosjekt.

– Det er viktig å koma tidleg i gang med meir bustadbygging, som kan vera med på å finansiera anna utbygging. Haldninga til å bu i sentrum og marknaden her er i ferd med å endra seg til det betre, seier Einarsen. 

Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477