- Me kjem for seint til førstetimen nærast kvar dag
Fleire elevar frå Sotra slit med å koma seg tidsnok til skulen på Laksevåg. Grunn: Skuleruta går ikkje lenger. Dermed blir elevane utestengt første time.
Endret 04.09.12 11:09
Vilde Landro (17), Sindre Toft (17), Susann Øvretveit (16) og Helena Håkonsund (16) slit med å koma seg tidsnok til Laksevåg vidaregåande skule. Grunnen er at Skyss har slutta å køyra skulerute frå Straume til skulen. No må dei ta rutebussen, noko som gjer at dei langt over 100 elevane frå Sotra som går på skulen, enten må stå opp før fem om morgonen - eller koma for seint til skulen.
Ruta gjekk i fjor
Tidlegare år har skulebussen frå Straume gått til Laksevåg. Då var det ingen elevar som kom for seint på skulen - utanom dei vanlege grunnane; latskap og skulking. No kjem elevane for seint fordi dei ikkje rekk skulen om dei skal reisa heime i frå til normal tid.
– Den vanlege rutebussen køyrer ikkje til skulen. Det tar eit kvarter å gå til skulen frå bussen, i tillegg til at bussen går på ugunstige tider, seier Vilde Landro til Vestnytt.
Mange av elevane som kjem frå Sotra endar opp med å springa over motorvegen for å spara inn tid.
Ikkje at det hjelp. Laksevåg vidaregåande har nemleg innført straff for forseintkomming.
– Kjem me for seint, kjem me ikkje inn i klassen - om det så berre er fem minutt, seier Sindre Toft.
Elevane må innfinna seg i biblioteket der dei får fråverslapp og merknad på at dei har vore vekke.
Ti timar fråver til no
Dei fire elevane har til saman fått ti timar fråver frå skulen sidan dei byrja for to veker sidan. I tillegg kjem merknadane, noko som kan skada karaktersetjinga når skuleåret nærmar seg slutt.
– Det er heilt uhaldbart at me skal verta straffa fordi me ikkje har skulebuss, seier Susann Øvretveit.
Alle dei fire elevane protesterer høglydt på ordninga skulen har innført, samt at Skyss har kutta ut skulebussen.
– Svært mange elevar skal frå Sotra til Laksevåg. Det burde vera grunn til å ha ei skulerute, seier Helena Håkonsund.
Underskriftskampanje
No har elevane sett i gang ein underskriftskampanje på skulen for å få attende skuleruta.
– Me har skaffa 98 underskrifter. I lag med underskriftene skal me senda eit brev til rektor og Skyss, seier Vilde Landro.
Foreldre har ringt til rektor og klaga inn saka
– Det er mange frå Sotra som vert straffa for dette, seier elevane.
Mange elevar over brua
Rektor Jens-Petter Storheim bekreftar at Laksevåg vidaregåande skule har mange elevar frå Sotra.
– Fylket har dialogen med Skyss, og det er dei som set opp busstilboda. Me må akseptere dei forhold som dukker opp, seier Storheim til Vestnytt.
Korkje han eller andre i skuleadministrasjonen visste om at skuleruta frå Straume til Laksevåg er blitt kutta ut.
– Me var ikkje kjent med dette før elevane gav oss beskjed.
Han bekreftar også at skulen har innført ein forseint-regel i august.
– Den ordninga går ut i dag, men me har hatt ei ordning som har gjort at elevar som har kome for seint, ikkje har fått koma inn til første time. Dei er blitt registrert i biblioteket, og dei er blitt oppdatert i høve undervisninga, seier rektor Storheim.
Han fortel at elevane ikkje skal få fråver for dette.
– Sidan dei har fått dokumentert at dei har møtt opp, så skal dei ikkje få fråver, seier rektoren.
Dei som ikkje møter opp korkje til time eller bibliotek, får fråver som vanleg.
Kartlegg problemet
Rektoren på Laksevåg vidaregåande har ikkje tenkt å la dette gå stille forbi. No vil skulen kartlegga problemet.
– Det første me skal undersøka er kor mange elevar som ikkje har nokon moglegheit til å koma seg til første time i tide. Det er nokre elevar som er i den situasjonen. Dei skal me få ei ordning med. Men me har også ei gruppe som kan koma seg til første time, men må ta ein tidlegare buss. Den gruppa må akseptera at ein må venta litt, seier rektor Jens-Petter Storheim
– Kvifor ikkje berre be Skyss setta opp att skuleruta frå Straume?
– Me kjem til å ta kontakt med opplæringsavdelinga i fylket. Det er dei som må ta den dialogen for oss, seier rektor.
Underskriftskampanjen tykkjer han godt om.
– Det vitner om engasjement. Det ønsker me av elevane våre. Det er ganske allright, seier rektor Storheim.
Ingen skulebuss
Skyss seier seg veldig leie for at ein del elevar får problem med å koma tidsnok på skulen.
– Skyss har diverre ikkje økonomiske rammer til å tilrettelegga for skuleskyss spesielt for desse. Elevar i vidaregåande er normalt henvist til å benytta seg av ordinært busstilbod, seier kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Dreyer hjå Skyss.
Ho legg til at det ikkje er mogleg å tilpassa skuleskyssbehovet for alle elevane som skal rundt på skulane i Hordaland.
– Skulebussen vart tatt vekk fordi det generelle tilbodet vart styrka, seier Dreyer til Vestnytt.
Danset på Rongesundbrua
– Det var skoleelever ved Øygarden ungdomskule som først kom på ideen om brodans på Rongesundbrua, sier elevrådsleder Julie Pettersen
Ba Erna om friare tøyler
Sotra vidaregåande skule vil ha meir praksis inn i dei teoretiske linene. Erna Solberg er lutter øyre.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
Siste kortnytt
- Innbrudd i bolighus i Bildøybakken [24.05.13 15:05]
- Innbrudd i bolighus på Fjell [24.05.13 15:05]
- Trafikkuhell ved Sartor [21.05.13 16:05]
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
Mest lest
- Danset på Rongesundbrua [24.05.13 15:05]
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Generalprøve for Brudansen [16.05.13 15:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Privatskule med god plass [20.05.13 09:05]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Populær p-plass treng utviding [16.05.13 15:05]
- Treng meir plass på ungdomsskulen [22.05.13 11:05]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]



