Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Måtte forsterka taket mot snøen

Måtte forsterka taket mot snøen

Taket i kantina på Sotra vidaregåande på Bildøy er prega av snømengdane. Tysdag vart kantina stengt medan ein fekk på plass ekstra støtter.

Publisert 24.02.10 15:02
Endret 24.02.10 15:02

BILDØY: – Me oppdaga ein dragar me ikkje stolte på, så den har me støtta opp, fortel Roald Orvedal. Han er drifts- og vedlikehaldssjef ved eigedomsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Bakgrunnen for uroa er dei store snømengdane denne vinteren. Snøen legg seg i mange tong tunne lag på taka. Og på Sotra vidaregåande skule var ein altså litt i tvil om ein av dragarane i taket ville takla vekta.

­– Det kunne vera fare for at konstruksjonen var for hardt belasta. No er det ordna med støtter, men me kjem og til å gjera ei varig endring der, seier han.

Kantina er no opna att, og fylkeskommunen gjer sitt for å halda oversikt over kva snøen gjer med andre bygg i deira eige.

– Me har sendt ut ein epost til alle om at dei må følgja med og sjå, om ein høyrer knakelydar eller liknande. Me er taknemmelege for tilbakemeldingar. Det er konstruksjonar med flate tak som er mest utsett, og det er jo veldig lenge sidan ein har hatt slike snømengdar som no, seier Orvedal.

Etter at dei støtta opp taket på Sotra vidaregåande, har det kome endå meir snø. Om no det går over til våtare snø, blir det stor belastning på mange tak. Spesielt store hallar med stort spenn kan vera i faresona, og dei siste åra har ein hatt tilfelle der til dømes taka i idrettshallar har rasa saman under vekta av mykje snø. Men å dra opp på alle tak for å fjerna snø manuelt, er ikkje aktuelt for fylkeskommunen.

– Risikoen er nok større for at nokon då dett ned enn risikoen for at taket rasar saman, seier Roald Orvedal til Vestnytt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477