Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
 Må køyrast til skulen

Må køyrast til skulen

Smal veg, ubrøyta møteplassar og tung anleggstrafikk skremmer ungane frå Eie frå å gå til skulen på Bjorøy.

Publisert 20.02.10 10:02
Endret 20.02.10 10:02

– Skulevegen er skummel, tykkjer Martine Bjorøy Larsen.

Dei andre ungane som er med og møter Vestnytt denne morgonen, har heller ikkje lyst til å gå til skulen, slik tilhøva er på vegen frå Eie no om dagen. Langs den smale, kommunale vegen går lastebilar i skytteltrafikk til og frå eit anleggsområde i enden av vegen. Der skal det etterkvart koma opp eit nytt byggefelt.

Ønskjer å gå

Men med høge brøytekantar og dårleg brøyta møteplassar på den frå før smale vegen, skaper anleggstrafikken ekstra utfordringar. Særleg for dei 25 småskule-ungane som bur langs denne vegen.

– Det er ingen foreldre som ønskjer å senda ungane til fots slik tilhøva er no. Sjølv har eg heldigvis høve til å bringa og henta, seier Elisabeth Bjorøy Bøe.

Ho tykkjer det er trasig å måtta køyra ungane til skulen. Dei har godt av den mosjonen skulevegen gjev, om det berre hadde vore trygt å gå.

– Slik det er no, køyrer alle ungane til skulen. Bjorøy lir under dårleg planlegging frå politikarane si side. Det gjeld både på veg- og skuleområdet, meiner Harald Bjorøy.

Han sit i samarbeidsutvalet ved Bjorøy skule og meiner politikarane i Fjell har gjort den klassiske utbyggingstabben på Bjorøy.

– Ein opnar for kraftig tilflytting før ein har utbetra infrastruktur som skule og vegar, seier Harald Bjorøy.

– Bjørneteneste

I enden av Eie-vegen bur Morten Bjorøy. Han fryktar at kommunen gjer både nye og noverande bebuarar langs vegen ei bjørneteneste, ved å opna for utbygging utan å stilla krav om at vegen først skal utbetrast. Nettopp utbygging av eit nytt bustadfelt og veg knytt til dette feltet er bakgrunn for den anleggstrafikken som no går føre seg på vegen til Eie. Morten Bjorøy meiner trafikksituasjonen er så farleg at kommunen straks bør gje gratis skuleskyss til barna langs vegen. Dessutan stiller han spørsmål ved om vegen frå 1970-talet i det heile tåler tyngda av anleggstrafikken.

– Det er fem store lastebilar som meir eller mindre har køyrt kolonne på vegen dei siste vekene. Vegen er ikkje bygd for slik tungtrafikk og særleg vegskuldrane vert no brotne ned, meiner Morten Bjorøy.

– Skader på vegen

På toppen av dette kjem frosten som etter fleire veker med kulde gjev tele i vegen. Bjorøy meiner at vegen allereie syner teikn på skade.

– Kommunen bør setta ei grense for kor tung last bilane kan køyra med. Ein bør også styra køyringa betre slik at det ikkje hopar seg opp med lastebilar, meiner Bjorøy.

Med den snørike vinteren me no har, vert dessutan brøytinga for dårleg langs den smale vegen.

– Med brøytekantar vert vegen endå smalare enn vanleg. Dei få møteplassane me har langs denne vegen må også brøytast skikkeleg, meiner Morten Bjorøy.

Regulering

På sikt tek han til orde for fleire og betre møteplassar langs den kommunale vegen til Eie. Slik han ser det burde utbyggaren på Eie vore med og forskottert utbetring av vegen. Slik situasjonen er no meiner Bjorøy at Fjell kommune må starta opp ein reguleringsplan for å utbetra vegen, slik at den vert trafikksikker for både skulebarn og bilistar.

Nicholay Bjorøy Larsen, Joachim Bjorøy Larsen, Mats Leander D. Lie, Martine Bjorøy Larsen og Siren Bjorøy vil ikkje gå til skulen på Bjorøy, slik trafikken no er langs vegen frå Eie. Bak Morten Bjorøy, Harald Bjorøy og Elisabeth Bjorøy Bøe. Foto: Karstein Sæverås

 

 

– Vegen tåler lastebilane

Eigedomssjef Atle Justad i Fjell kommune har vore i kontakt med entreprenøren, som står for anleggstrafikken langs vegen til Eie.

– Våre folk har vore på staden etter at Morten Bjorøy tok kontakt. Så langt me kan sjå, er der ingenting ein kan klandra entreprenøren for, i høve til måten denne trafikken vert avvikla, seier Atle Justad.

Kan ikkje stansa

Eigedomssjefen meiner han ikkje har noko grunnlag for å stansa trafikken av lastebilar, då akseltrykket skal vera innanfor dei grensene vegen tåler.

– Eg stolar på vurderinga frå våre fagfolk. Dei seier at vegen tåler dei lastene som vert køyrt der no. Men eg skjønar godt at folk opplever trafikksituasjonen som farleg, seier Atle Justad.

Eigedomsavdelinga har også vore i kontakt med den ansvarlege for brøytinga av vegen, for å få han til å brøyta den eine, skikkelege møteplassen som finst langs den kommunale vegen. Leiar Daniel-Victor Sandvik (Frp) i plankomiteen i Fjell er samd i at det trengst fleire møteplassar langs vegen til Eie. Han meiner at også dei private avkjørslene langs vegen bør haldast frie for snø.

Dialog

– Eigedomssjefen bør ha ein dialog med entreprenøren. Både for å halda vegen best mogeleg no, men også for å sjå om ein kan finna fleire møtestader som enkelt kan byggast ut, seier Sandvik.

Han viser til at entreprenøren har maskiner i området og tilgang på steinmassar frå utbyggingsområdet på Eie. Men eigedomssjef Atle Justad er skeptisk til å gå på tiggarferd til entreprenøren Sartor Maskin.

– Me har ingen midlar sett av til denne vegen i år, sett bort frå at me skal utbetra veglysa til Eie. Ein må nok ta dette planmessig, med tanke på både løyve frå grunneigarar og pengar på kommunen sitt budsjett, seier Atle Justad.

Eigedomssjefen opnar derimot for ein dialog med Sartor Maskin om å styra anleggstrafikken, slik at lastebilane ikkje køyrer i den tida ungane skal til og frå skulen.

Vil ikkje stilla krav

I fjor haust vedtok kommunestyret i Fjell reguleringsplanen for 15 nye hus på Eie. Arbeidarpartiet kom då med framlegg om at dei nye bustadene ikkje kan få bruksløyve før skulevegen er gjort trygg, heilt frå Eie til skulen på Bjorøy.

– Det fekk ikkje Ap fleirtal for. Denne reguleringa vart starta då dei enno sat med makta. Me kan ikkje i praksis stansa slike planar etter at utbyggar har lagt inn store ressursar i reguleringa, meiner Daniel Victor Sandvik.  


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477