Lovar ny havfestival til neste år
Arrangør Gert Nordvik rekna med at parkeringsplassen ved Syltøy skule ville dekka behovet. Der tok han feil.
Endret 24.08.10 09:08
– Det er kome folk over all forventning, seier Gert Nordvik midt i folkevrimmelen. Midt på dagen på laurdag talte han opp 800 selte billettar.
– Ein del av dei er familiebillettar, så det må ha vore over 1.000 menneske innom så langt, meiner han.
Det er så god respons at Nordvik ikkje ser annan utveg enn å varsla Havfestival på Storesund på Syltøy også neste år. Gjennom sitt eige selskap Havopplevelser har han sjølv tatt ein økonomisk risiko ved å arrangera historias første festival på Syltøy.
– Om vi går i pluss, veit eg ikkje heilt enno, seier Nordvik.
Høljeregn på fredagen
Fredag kveld regna det nemleg kattar og hundar under konserten på Storesund.
– Likevel kom det 200 menneske, noko som er imponerande med det vêret. Og stemninga var heilt kanon, fortel Nordvik.
Køen for å få seg ein tur med Elias-båten til Redningsselskapet var til tider lang på laurdag. Også hoppeslotta, gråtass, hesteriding og ansiktsmaling er populære aktivitetar for barna.
– Dette er jo heilt 17. mai, seier Alexander Nesse med munnen full av hot dog med steikt løk.
– Det kan aldri bli for mykje steikt løk, seier han. Sjølv har han tatt turen til Syltøy først og fremst for å høyra den lokale helten Endre Nordvik, kjent frå tv-programmet X-Factor. Han spelar på lastebilscenen som er sett opp på området.
Fekk dobbelt opp
Silja Kolltveit med barna Marcus og Matilde frå Kolltveit har alt vore nokre timar på Storesund.
– Vi har kjørt med Elias, fått ansiktsmaling og sett på akvariet. Det var litt lange køar, men det er likevel eit barnevenleg og flott arrangement, meiner Kolltveit.
Fleire av dei Vestnytt snakka med, hadde alt vore på Langøymarknaden eller var på veg dit etter Havfestivalen. Ein skal ikkje sjå bort frå at begge arrangementa tente på kvarandre.
– Det er veldig greitt for oss at dei to arrangementa er på same dag. Vi skal bort på Langøymarknaden no, fortel Silja Kolltveit.
Kanotur i vinden
Kaja Haukeland og klassevenninna Sunniva Kausland hoppar elegant på land etter ein kanotur.
– Det var gøy, men litt vanskeleg, fortel Kaja.
– Ja, vi blei slept inn igjen, ler Sunniva. Vinden og straumen blei litt for sterk for dei to femteklassingane på Ulveset skule.
– Men vi blei heile vegen følgt av ein mann i kano som passa på oss, fortel dei. Tidlegare i dag har dei vore på havrafting, sett på akvariet og høyrt Endre spela.
– Og så har vi kjøpt snop, smiler Kaja.
Gert Nordvik meiner det store oppmøtet er eit teikn på at det er behov for aktivitet lokalt.
– Vestsida er ein dødsone. Det er tydeleg at det er marknad for å få til noko her, seier han. Nordvik rosar Egil Storesund og familien hans, som eig Storesund.
– Utan dei hadde dette aldri gått, slår han fast.
Det er vanskeleg å sjå for seg seg at det har stått fleire bilar parkert langs vegane på øyane på vestsida nokon gong før.
– Parkeringsplassen ved skulen var tydelegvis ikkje nok. Det må vi sjå på til neste år, smiler Gert Nordvik.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



