Lokkar bysjeler til Jesus med nytt bedehus
Indremisjonen vil at også Jesus skal ha ein markant plass i byen som er planlagt på Straume. Dei vil byggja eit stort bedehus like ved innkjøringa til Straume Idrettspark.
Endret 03.07.12 10:07
STRAUME: Medan mange bedehus slit med oppslutnaden, opplever Brattholmen Indremisjonslag å vera i medvind.
– Situasjonen for Brattholmen er atypisk, stadfestar Johnn Hardang, styreleiar i Midthordland Indremisjon.
Samlar 120 menneske
Dagens bedehus på Brattholmen er i trangaste laget.
– På ein gjennomsnittleg søndag samlar vi 120 menneske i bedehuset, fortel Atle Våge i Straume Forum AS. Dette selskapet er oppretta for å få realisert planane om å byggja nytt bedehus på Straume. Tomta ligg like ved vegen ned mot idrettsparken, og det er i dag Egill Danielsen Stiftelse som eig tomta. Danielsen driv den kristne privatskulen i idrettsparken.
– Vi har opsjon på å få kjøpa tomta så sant Fjell kommune godkjenner byggjesøknaden, seier Våge. Og søknaden ligg no hos kommunen og ventar på behandling.
Grendahus og interiørbutikk
Tidlegare var det tre bedehus på Litlesotra.
– Bedehuset på Foldnes er blitt grendahus, og forsamlingshuset i Knarrevik er blitt interiørbutikk, slår Våge fast.
Samstundes har Litlesotra gjennomgått ei enorm utvikling, og med planane om utvikling av Sotra kystby er det venta ytterlegare fart i folkevekst og aktivitet.
– Vi tenkjer strategisk. Vi vil vera dristige, framtidsretta og relevante, seier Hardang.
– Og det finst ikkje betre plassering enn denne, legg Våge til.
Kulturhus og konferansar
Det nye bedehuset er også planlagt som forsamlings- og kulturhus, og tanken er å kunna leiga ut til konferansar på kommersielt grunnlag.
– I første etasje ønskjer vi å få på plass ein ideell gjenbruksbutikk. Det finst ikkje på Sotra i dag, seier Våge. På same plan som gjenbruksbutikken er det planlagt garasjeanlegg med plass til 30 bilar.
– I hovudetasjen skal vi ha forsamlingssal med scene og fleksible veggar inn til mindre konferanserom, opplyser Våge. På det meste vil det bli plass til 700 sitjeplassar i hovudsalen.
Samlar faste gåver
Deler av toppetasjen håpar initiativtakarane at landsadministrasjonen til Indremisjonen vil takka ja til.
– Dei har i dag administrasjon på Bildøy. Vi har føreslått at dei sel huset sitt der og kjøper seg inn i dette prosjektet i staden, seier Våge.
Prosjektet er kostnadsrekna til 48 millionar kroner. Det betyr eit krav til eigenkapital på 8 millionar kroner.
– Deler av eigenkapitalen tar vi inn ved å selja dagens bedehus. Resten får vi inn gjennom gåver, dugnad og eigeninnsats, opplyser Våge.
For å dekka renter og avdrag på lån, har arbeidsgrupa kome til at det trengst 100.000 kroner i månaden gjennom faste gåver, i tillegg til leigeinntekter på huset og inntekter frå gjenbruksbutikken.
Gjengen er klar til å setja i gang så snart kommunen har gitt løyve.
– Eit slikt prosjekt må vera i framdrift for å kunna realiserast, seier Johnn Hardang.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Siste kortnytt
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
- Tre innbrudd samme natt [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Rektor er habil i skulesaka [21.04.13 11:04]
- Giske smakte på ung skaperkraft [23.04.13 08:04]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]


