Lettar trykket mot Knappen Sjø
Fylkesmannen i Hordaland krev no at Ragn-Sells og Veolia Miljø ryddar opp i den ulovlege flisefyllinga på Vorland i Sund.
Endret 04.03.10 08:03
I fjor var det Knappen Sjø som fekk pålegg om å fjerna alt avfall frå det utfylte området på Vorland. No er det Ragn-Sells AS og Veolia Miljø som får pålegg om fjerning og varsel om tvangsbot frå Fylkesmannen i Hordaland.
Legg ansvaret på dei store
– I haust hadde vi ikkje oversikt over forureinarane. Det har vi no. Etter mange samtalar med aktørane har vi no sendt pålegg om fjerning og varsel om tvangsmulkt til dei to hovudaktørane, seier fylkesmiljøvernsjef Terje Aasen hos Fylkesmannen i Hordaland.
Både Ragn-Sells og Veolia risikerer bot på 100.000 kroner kvar om dei ikkje følgjer opp pålegget.
Det lokale entreprenørselskapet Knappen Sjø frå Sund har tatt imot fleire tusen tonn avfallsflis frå dei store selskapa Ragn-Sells og Veolia Miljø. Då pålegget kom frå fylkesmannen i fjor, bestilte Knappen Sjø ei omfattande undersøking frå selskapet Cowi. Desse analysane stadfesta at fyllinga er forureina av ei rekkje miljøgifter, i hovudsak arsen, bly, sink, PCB, PAH og såkalla bromerte flammehemmarar.
– Eg føler meg lurt. Dei har levert noko anna til meg enn det dei har sagt, sa Willy Tveit til Vestnytt då rapporten var klar.
Oppklarande møte
Etter at rapporten var ferdig, har fylkesmannen si miljøvernavdeling hatt det dei kallar oppklarande møte med Ragn-Sells og Veolia.
– Dei har tatt ansvar, seier Terje Aasen.
Pålegget om opprydding går no altså til dei store selskapa, ikkje til Knappen Sjø.
– Det betyr ikkje at Knappen Sjø slepp fri, for vi trekkjer ikkje tilbake pålegget frå i fjor før vi veit at alt er i orden, seier Aasen. Han meiner likevel Knappen Sjø har gjort det dei i første omgang skulle gjera.
– Dei har gjort ein god jobb med rapporten og forslag til tiltak, meiner Aasen.
Må reinsa sigevatnet
Dei to selskapa er pålagt å etablera eit reinseanlegg av sigevatnet frå fyllinga. Reinsinga skal vera på plass innan 1. april. I tillegg skal dei innan 1. mai presentera ein tidfesta plan for fjerning av avfallsflis.
Ragn-Sells har opplyst at dei har levert nærare 18.000 tonn flis til området, medan Veolia har meldt inn 7-8.000 tonn.
– Sjølv om partane har levert ulik mengde, blir dei pålagt likt ansvar, seier Aasen.
Etter samtalane med partane oppsummerer fylkesmannen saka slik:
* Det er semje om at tiltak må gjennomførast.
* Det er semje om at første tiltak må vera å byggja eit reinseanlegg for sigevatnet.
* Eitt av selskapa meiner det er energipotensiale i fyllinga og at det bør hentast ut, medan det andre selskapet er mest innstilt på å la flisa bli liggjande og få fyllinga godkjent.
Kan ikkje bli liggjande
Når fylkesmannen krev fjerning av flisemassane, er det fleire grunnar til det:
* Fjerning er ei løysing som er i tråd med dagens avfallspolitikk. Det er i dag forbode å deponera (lagra) organisk materiale.
* Gjenvinning skal prioriterast framfor deponering som sluttbehandling av avfall.
* Å etablera eit deponi på Vorland er ikkje i tråd med arealplanen til Sund kommune.
* Massane er forureina av tungmetall og miljøgifter. Det er påvist PCB i 19 av 20 prøvar.
– PCB-forureininga tyder på at det finst rivingstrevirke frå bergensområdet i massane, meiner Terje Aasen.
Ragn-Sells og Veolia har tre veker på seg dersom dei vil klaga pålegget inn til Klima og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT).
Har ikkje bestemt seg
Direktør for strategi og samfunnskontakt i Veolia Miljø, Runa Kerr, stadfestar at selskapet har fått pålegget frå fylkesmannen.
– Vi vil vurdera det nøye før vi bestemmer oss for kva vi gjer vidare, seier Kerr.
– Stemmer det at de har vedgått ansvar, eller vil de klaga på pålegget?
– Eg oppfattar ikkje at vi har diskutert ansvar, men vi er pålagt å fjerna flisa. Utover det ønskjer eg ikkje å kommentera saka før vi har fått vurdert pålegget, seier Runa Kerr.
Administrerande direktør Bjørn Hoel i Ragn-Sells AS var i går på reise og ikkje tilgjengeleg for kommentar.
Willy Tveit er letta
Willy Tveit i Knappen Sjø er letta over at han ikkje lenger sit åleine med ansvaret for det som har skjedd på Vorland.
VORLAND: – Det er på ingen måte slik at eg skrik hurra eller feirar med cognac. Men det er klart eg er letta, seier dagleg leiar og eigar Willy Tveit i Knappen Sjø.
Han synest det var urimeleg at han åleine i haust blei pålagt å fjerna massane.
– Det var rimeleg at eg dokumenterte kven som hadde levert massar, men det var beinhardt å få pålegg om å fjerna massane, seier Tveit.
Han fortel at selskapet no har brukt 750.000 kroner på dokumentasjon og rapportar.
– Eg har gjort det dei ba meg om. Mitt ansvar ligg der framleis, men no er det økonomiske lagt på dei som har levert massane. For massane er ikkje reine slik eg fekk papir på at dei var, seier Tveit.
Han vil ikkje spekulera i korleis dei forureina massane kunne hamna i Sund.
– Om selskapa visste om det eller ikkje, er umogleg for meg å seia, meiner Tveit.
Sjølv om han er letta, seinkar han ikkje skuldrene heilt.
– Eg er framleis fortvila over heile opplegget, og lei meg for at vi hamna i denne situasjonen. Saka er ikkje ferdig, vi er framleis ein del av opplegget. Men eg er glad eg ikkje har så mange millionar kroner på skuldrene lenger, seier Willy Tveit.
Leiter etter veteranbussar frå vår region
Rutebilhistorisk foreining Hordaland manglar bussar frå Fjell, Sund og Øygarden. No er dei på jakt etter vekkgøymde klenodium.
– Samanslåing på sikt
Region vest får no pengar frå staten til samarbeid, mellom anna innan barnevernet. – Ei viktig støtte til regionen, seier Olav Martin Vik.
Iguanen får nytt hjem
Iguanen som sist uke ble beslaglagt hos Johnny Midttveit på Klokkarvik, kan folk snart se i en dyrepark på Karmøy.
Prøvde å selga kai utan å eiga den
Terje Nordøy har havna i havnetrøbbel mot si eiga vilje. Øygarden kommune har lista kaia han er medeigar i, som offentleg. – Det morosame er at Øygarden og Sotra Rutelag forsøkte å selga kaien i 1986, ler Terje Nordøy.
Siste kortnytt
- Stjal stereoanlegg fra bil [30.07.10 10:07]
- Leter etter båteier [28.07.10 03:07]
- Ulovlig bruk av vannscootere [28.07.10 09:07]
- Nytt innbrudd i bolig [26.07.10 02:07]
- Nest-siger over Os [24.07.10 08:07]
- Brann var bål [26.07.10 08:07]
- Brøt seg inn i hus på Straume [23.07.10 10:07]
- Politihundene fant biltyv [22.07.10 10:07]
- Påkjørt i fotgjengerovergang [22.07.10 10:07]
- To vogntog i klem [19.07.10 11:07]
- Mann fra Øygarden omkom [19.07.10 11:07]
- Måtte avslutte langvarig fest [19.07.10 11:07]
- Fant kattunge i Kolltveittunnelen [13.07.10 01:07]
- Mistanke om promille etter ulykke [13.07.10 10:07]
- Tyv tok bensintank [09.07.10 02:07]
- Sjekkar promille etter kantring [09.07.10 02:07]
- Mistenkt for promillekøyring [09.07.10 01:07]
- Tatt dagen derpå [07.07.10 09:07]
- Innbrudd i hytte [02.07.10 02:07]
- Kjørte helt på jordet [02.07.10 02:07]
Mest lest
- Sei di meining om framtidas Straume [29.06.10 10:06]
- Vått på Hellesøy [17.07.10 02:07]
- Tok «sjufjellstur» på asfalt [13.07.10 08:07]
- Billettsystemet er på plass [02.07.10 01:07]
- På oppdrag frå kommunen [02.07.10 01:07]
- Fratatt førerkort etter kjedekollisjon [13.07.10 03:07]
- Stort steinalderfunn på Bjorøy [22.07.10 03:07]
- Dykkelykke på Tofterøy [07.07.10 09:07]
- Døscherholmen inn i ny tid [16.07.10 02:07]
- Fikk kulturpris for Nordsjøløypen [29.06.10 10:06]
- Dødsulukke på Sotra [26.06.10 07:06]
- Klargjør Hellesøy til folkefest [15.07.10 10:07]
- Sommeravslutning med seier [26.06.10 11:06]
- Prøvde å selga kai utan å eiga den [23.07.10 05:07]
- Nattlige golftyver tatt på fersken [16.07.10 02:07]
- Varmer opp for Jethro Tull [09.07.10 01:07]
- Konsesjon til Kollsnes-vindmølle [09.07.10 02:07]
- Bløffa om sakna kamerat [21.06.10 09:06]
- Vurderer lågare SFO-pris [17.06.10 10:06]
- Syng om livet på øyane [25.06.10 02:06]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 07:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 04:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 02:09]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 03:08]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]
- Sund gjekk på kjempesmell i retten [13.11.07 12:11]
- Kan verta slutt på klasseturar [26.03.09 08:03]





