Langt større enn Klostergarasjen
Den planlagte parkeringshallen under Sartor Storsenter blir nesten lik Klostergarasjen i Bergen. Berre større.
Endret 03.01.12 10:01
Så sant alle løyve kjem på plass i tide, startar arbeidet med den store parkeringshallen under Sartor Storsenter midt i april. Innkjøringa til hallen kjem i krysset like ved Sprek og Blid, sør for senterområdet, og det er herfrå ein sprengjer seg nedover til området der hallen skal liggja.
Inn ved treningssenteret
– Innkjøringa til sjølve hallen blir under kjøttdisken til Ica, smiler Ernst Einarsen i Sartor Holding.
Det blir fire etasjar med parkeringsplassar i hallen, med totalt 1.500 plassar. Til samanlikning er Klostergarasjen i Bergen bygd med 950 plassar. Veidekke Entreprenør AS står for bygginga, medan Asplan Viak har prosjektert hallen. Det er dei same aktørane som teikna og bygde Klostergarasjen.
– Hallen under Sartor blir alt i alt svært lik Klostergarasjen, fortel Einarsen.
Både inn- og utkjøring til parkeringshallen skal skje via tilførselstunnelar som kjem opp i krysset ved treningssenteret.
– Også løysinga for inn- og utkjøring blir som i Klostergarasjen, seier Einarsen.
Fjernar frå bakkenivå
Det har vore mykje diskusjon om kor mange parkeringsplassar som trengst på Straume. Det er kommunen som krev at parkeringsplassane skal under bakkenivå før senterområdet kan vidareutviklast. Fylkesmannen har vore kritisk til omfanget av parkeringsplassar og har pålagt kommunen å laga nye forskrifter for dette.
800 av p-plassane i hallen blir erstatning for plassar som forsvinn frå bakkenivå.
– Alle dagens parkeringsplassar forsvinn, bortsett frå 650 plassar ved Obs-en, opplyser Einarsen. Det betyr at også plassane under tak, både ved Ica og ved biblioteket, blir erstatta.
I Straumeplanen er det lagt opp til bygging av 300 bustader i senterområdet. Desse innbyggjarane skal også parkera i hallen.
Hall nummer to på vent
Det finst planar for endå ein parkeringshall under senteret, nord for den som no blir bygd, og dermed nærare bussterminalen.
– Den blir ikkje sprengt ut i denne omgang, seier Einarsen.
Kva som skjer med hall nummer to og kor stor den eventuelt blir, er avhengig av kva kommunen kjem fram til og kva Fylkesmannen vil akseptera.
Hallen som skal byggjast no, skal etter planen stå klar i november 2014. Sjølve sprengningsarbeidet vil ta om lag eitt år. Sartor Holding hadde ikkje bygd eit parkeringsanlegg til 350 millionar kroner om dei ikkje hadde fått pålegg om det.
– Men vi ser jo at det er positivt å få parkeringa bort frå gatenivå, seier Einarsen.
Blir ferdig med sprenging
Det er ikkje så komplisert og fordyrande å sprengja ut ein hall under eksisterande bygg som ein gjerne skulle tru. Einarsen er i alle fall nøgd med løysinga samanlikna med meir konvensjonelle anlegg.
– No gjer vi oss ferdige med sprenginga ein gong for alle. Nye bygg kan etterpå byggjast på flat mark, utan at vi må sprengja ut kjellar til parkering under kvart bygg, forklarar han. Han håpar det vil vera positivt også for naboar.
– Vi sparar kanskje fleire tiår med sprenging, seier han.
Fleire politikarar i Fjell har vore kritiske til at all trafikken må gjennom sentrum for å koma til innkjøringa til hallen i sør.
– Vi må huska på at om lag halvparten av våre handlande kjem frå bysida og buområda i aust. Dei vil ta den nye vegen til Storskaret, som skal vera ferdig i 2014, påpeikar Einarsen.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



