Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Oppbevarte narkotika

Politiet fikk natt til fredag melding om støy og bråk fra en leilighet et sted i Fjell. Politipatruljen kjørte til stedet, og tok seg inn i leiligheten. – I leiligheten ble det funnet en mindre mengde med narkotika.

[10.05.13 15:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Landro seier ja til ordførarkjedet

Landro seier ja til ordførarkjedet

– Hehe, eg vil ikkje spekulera i om eg blir ordførar eller ikkje, men det er klart eg har førebudd meg på at det kan skje, seier Kari-Anne Landro. Men først må Erna vinna valet.

Publisert 07.09.12 11:09
Endret 07.09.12 11:09

Det var tysdag god stemning i Sund kommune då haustens første kommunstyre vart sparka i gang. Med nyheita om at Ove Trellevik har landa ein sjetteplass på stortingslista til Hordaland Høgre, var det mangt eit smil blant dei folkevalde, enten fordi dei var stolte - eller glad for å bli kvitt Trellevik.

Landro klar

Varaordførar Kari-Anne Landro (H) vil ikkje spekulera i om Trellevik kjem seg på tinget eller ikkje. Men om Høgre-ordføraren i Sund må flytta seg over fjellet og til tigerstaden, så er varaordføraren førebudd på å tre på seg ordførarkjedet på fast basis.

– Eg føler meg i stand til det, ja, men det er langt fram, smiler Landro til Vestnytt.

Ho har skjønt det lenge at Trellevik har hatt politiske ambisjonar, og ho har forstått at viljen til å senda ordføraren til Oslo har vore stor i Hordaland Høgre også.

– Om ordføraren vil dette, så skal han få gjera det, seier Landro.

Ho trur Trellevik vil verta ein styrke i Oslo.

– Eg trur han vil vera seg sjølv der som her. Han er ærlig, ivrig og han er utålmodig, skryt Kari-Anne Landro.

Ho tykkjer det er bra for regionen Høgre om Trellevik kjem seg på Tinget, men trist for Sund Høgre.

Skoge stolt

Gruppeleiar i Sund Høgre, Nils Kåre Skoge, beklager at partiet kan mista ein så dyktig politikar til Oslo.

– Det kviler eit stort ansvar på Sund Høgre om Ove Trellevik forsvinn austover. Me har hatt to store ordførarar i Albrigt og Ove, så me har store sko og fylla om dette vert situasjonen, seier Nils Kåre Skoge.

Men gruppeleiaren er glad for at Sund Høgre med Trellevik på Tinget, har ei stemme rett inn i hjertet av det politiske Noreg.

– Han gløymer nok ikkje kor han kjem i frå, smiler Nils Kåre Skoge lurt.

Synd for Sund

Gruppeleiar for KrF, Beate Husa, tykkjer det er synd for Sund om Trellevik forsvinn frå lokalpolitikken. Men Husa er sikker på at han vil vera ein ypparleg representant i Oslo.

– Eg trur han kjem til å gjera masse for regionen på Tinget, seier Husa.

– Så du er ikkje glad for å kanskje bli kvitt han?

– Hehe, nei, eg er glad i Oven. Han er ein dyktig ordførar, ler Beate Husa.

Vel...

Gruppeleiar Nina Glesnes i Sund Ap kjenner at ho må gratulera sin argaste politiske motstandar i Sund-politikken med sjetteplassen på Høgre-lista. Men ho ber Trellevik «fiksa» litt på retorikken sin.

– Ove Trellevik er ein mann med meiningars mot, men det vil visa seg om han klarer seg blant dei store i rikspolitikken, smiler Nina Glesnes lurt.

Ho er ikkje heilt sikker på at retorikaren Ove Trellevik vil klara seg like godt i Oslo som i Sund

– Retorikken hans held ikkje mål, men eg må jo tru at Erna Solberg har kurs for det, smiler Nina Glesnes.

Endeleg val i oktober

Først gjenstår det å sjå om Hordaland Høgre sine eigne politikarar vil godta at Ove Trellevik og dei andre på nominasjonslista får den plassen som er foreslått. Så står riksvalet for tur i 2013.

Tips en venn




17. mai-feiring i gråvær og varme

17. mai-feiring i gråvær og varme

Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

    Populær p-plass treng utviding

    Populær p-plass treng utviding

    Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

      Generalprøve for Brudansen

      Generalprøve for Brudansen

      Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

            Driftsmodell på hengjande håret

            Driftsmodell på hengjande håret

            Opplegget for korleis drifta av Sotra Arena skal vera frå hausten av gjekk gjennom i komite for finans med knappast mogeleg margin.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10