Landa avtale med Statoil verd 250 millionar kroner
Sontum Fire & Safety har dratt i land ein gigantavtale med Statoil. – Dette betyr fleire årsverk, seier ein stolt dagleg leiar Audun Hellesøy.
Endret 11.03.10 14:03
ÅGOTNES: Sontum Fire & Safety driv med sørvis og vedlikehald av brannutstyr på land og sjøbaserte installasjonar.
I to år har Audun Hellesøy og resten av Ågotnes-firmaet arbeidd intenst med Statoil for å få kontrakten. I fem år skal dei sørga for at brannvernutstyret til det delstatlege oljeselskapet held forskriftsmessige mål.
– Me startar opp 15. mars. Dette er ein rammeavtale, som gjer at me har totalsørvis i heile Statoil på dette feltet, smiler Audun Hellesøy.
Han har all grunn til å smila. Då Vestnytt i fjor sommar skreiv om Sontum, var dei 15 tilsette.
Ein ny avtale betyr mellom 10 og 12 nye årsverk - minst.
– Me har gjort ein kanonjobb. Det er svært morosamt og utruleg tilfredsstillande å sitta her no, seier Hellesøy.
Blir ein av dei store
Audun Hellesøy lova i fjor sommar at han skulle satsa på Ågotnes. Då finanskrisa slo inn over landet, var næringslivet på Ågotnes ikkje skjerma, og mange merka nedgangen på kroppen.
Sontum har kjempa seg gjennom denne krisa, og kan no sjå framover med heva hovud.
– Me har fått til noko som mange store aktørar ikkje har fått til. Me har fått ein rammeavtale på tre år med opsjon på to til, seier Hellesøy.
Kontrakten har ein årleg verdi på kring 40 til 50 millionar kroner.
Styrker posisjonen
Frå før har Sontum kundar som brannvesenet på Ågotnes og forsvaret. No ser dei mot endå større fisk i havet.
– Me har planar om å verta større. Det er mange aktørar der ute, og me har ikkje tenkt å kvila på laurbærblada, gliser Audun Hellesøy.
Han legg til at dei fleste tilsette i bedrifta er frå regionen.
– Me legg vekt på lokal arbeidskraft, seier den daglege leiaren.
Det var spisskompetansen som gjorde at Statoil gjekk for Sontum.
– Me sit på spesialkompetansen på vårt område. No vil me verta endå betre, seier Hellesøy.
Frå i fjor sommar til mars i år har Sontum tilsett åtte personar. Når året er omme, er dei truleg i nærleiken av 30 tilsette.
Jamn auke
Dei siste åra har Sontum Fire & Safety hatt ei omsetning på kring 30 millionar kroner. Den positive vekstkurva har vorte synleg i ein ellers så mørk marknad.
– Eg har ei von om at denne krontrakten kan gje positive ringverknadar for fleire firma på Ågotnes. Me har mange underleverandørar som vil merka at me aukar i volum, seier Hellesøy.
– I fjor sommar sa du at du ikkje tenkjer særleg på den pågåande finansielle verdssituasjonen. Då sa du at om ein satsar, så vinn ein?
– Me vant, gliser Audun Hellesøy før han legg til.
– Eg føler me har gjort det riktig strategisk. Me har vore nøkterne og ikkje tilsett for mange. Me har holdt på dei me har, og dermed og holdt på kvalitane våre, seier han.
Sontum Fire & Safety er eit heileigd dotterselskap av Stavanger-baserte Valco Group
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



