Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]
¨

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Velta hengar på Sotrabrua

Ein tom hengar velta i vinden på Sotrabrua og traff ein bil i fronten, søndag ettermiddag. Operasjonsleiar Terje Hilland opplyser at ingen er skadd og at politiet har løyst opp i trafikksituasjonen, men køane heng att.

[13.05.12 16:05]

Dykkar teken av straumen

Ein dykkar er funnen i god behald etter å vore sakna ved Hellesøy, tidleg søndag ettermiddag. Dykkaren skal ha blitt teken av straumen, men kom til rette etter ein halvtimes søk. Luftambulansen rykka ut, melder bt.no.

[13.05.12 14:05]

Jente påkjørt på Landro

Ei jente som var ute og lufta hunden vart påkøyrt av ein bil, seint laurdag kveld. – Bilen traff jenta slik at ho fall, men føraren stansa ikkje og saka vert meld til politiet, opplyser operasjonsleiar Jan Steimler.

Føraren gav seg altså ikkje til kjenne. Jenta hadde skrubbsår og ein del smerter etter påkjørsla, både i beina og i ei skulder.

[13.05.12 10:05]

Styreval hjå seniorradioen

Seniorradio Vest har hatt årsmøte, og der vart følgjande styre valgt: Ole-Johan Bårdsen (leiar), Arne Martin Engelsen, Eva Lotsberg, Sverre Bungum, Nils Risnes og Wenche Bjorøy.

Seniorradioen lagar radio retta mot den vaksne delen av befolkinga i Fjell, Sund og Øygarden, og sender på Radio Sotra sin kanal kvar torsdag med reprisar dei påfølgjande tre dagane.

[10.05.12 08:05]

Storebø rådmann til over sommaren

Avtroppande rådmann Gerhard Inge Storebø vert i administrasjonssjef-stolen fram til over sommaren. Tysdag skal Sund kommunestyre ha siste ordet i høve til mannen som er innstilt som ny rådmann

– Stig Arne Thune er innstilt, men det er kommunestyret som skal bestemma. Eg kjem nok til å sitta ei stund til, seier Storebø.

– Så du vert rådmann i sommar også?

– Eg tar sommarferie som rådmann i Sund, ja, smiler Gerhard Inge Storebø.

[10.05.12 08:05]

Folkemøte før sprenginga

Kystverket er klare til å gå i gang med utsprengjing av leia, i nærleiken av Bjorøytunnelen. Delar av duken på innsida av tunnelen er no fjerna, slik at ein skal kunna kontrollera om sprenginga fører til auka lekkasje i tunnelen.

Fjell kommune har ikkje vore inne i biletet, med tanke på å gje løyve til denne førebuinga i tunnelen. Det opplyser informasjonsrådgjevar Vigleik Brekke. Han reknar med at andre styresmakter som vegkontor og fylke har vore inne. – Me jobbar no med å ferdigstilla beredskapsplanen og klargjera igangsettingsløyve. I tillegg planlegg me eit folkemøte, truleg veka etter 17. mai. Alt dette må på plass før sprengjinga kan starta, seier Vigleik Brekke.

[10.05.12 08:05]

Fann båt på rek

Ein tolv fots båt rak i land på Skålevik søndag. Politiet har ikkje klart å finna eigaren, og lurer no på om det er nokon som har lyst å ha båten sin tilbake. Båten er ein Crescent 380 med ein 4 hestars Yamaha påhengs.

[09.05.12 13:05]

Nok ein båt stolen

Klokka 10.05 vart det meldt om at nokon at stolen ein Askeladden 445 Hunter med registreringsnummeret RBR602 frå Bildøy. Båten hadde ein 50 hestekrefters Honda som påhengsmotor.

[08.05.12 15:05]

Tatt med hasj

Ein person vart pågripen av politiet då han sov i eit busskur på Kolltveit søndag morgon. Personen var ute av stand til å klara seg sjølv, og hadde hasj på seg.

[06.05.12 13:05]

Thune innstilt som Sund-rådmann

Fagsjef i Tryg, Stig Arne Thune, er innstilt som ny rådmann i Sund kommune etter Gerhard Inge Storebø. Thune er ein av tre søkjarar som blei tekne inn til andre gangs intervju.

– Då både vi og rekrutteringsbyrået landa på same kandidat, blei innstillinga enkel, seier varaordførar Kari-Anne Landro (H) i tilsettingsutvalet. Dei andre i utvalet er to hovudtillitsvalte i kommunen, ordførar Ove Trellevik (H) og Kjell Arve Vorland (Sp). Det er kommunestyret som skal ta endeleg stilling til kven som får jobben. Det gjer dei i møte 15. mai.

[04.05.12 16:05]

Skogsvåg knuste all motstand

6. divisjonslaget Skogsvåg fekk Bergensstjerne på besøk i helga. Kampen som utspelte seg på matta nær Sundhallen vart ein fiasko for gjestane frå Bergen. Då Skogsvåg var ferdige med Bergensstjerne, så sto det 9-1 på dommarkortet.

[29.04.12 16:04]

Sund-ungdomar fekk pris

Andreas Vik Nilsen frå Høyland og Torstein Viksøy frå Klokkarvik fekk Lions sin ungdomspris for 2012. Juryen framhevar det arbeidet dei har gjort innan Sund Rock Club, og det rockeklubben har fått til.

Det var andre ungdommar i klubben som hadde foreslått dei to prisvinnarane, som vert framheva som særleg aktive pådrivarar for å få til ein god rockeklubb. Prisen vart delt ut på Lions sitt distriktsmøte i Øystese, og inneber også ein pengepremie på 7500 kroner som går til rockeklubben.

[27.04.12 13:04]

Fylkesrådmannen blir bybanesjef

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen sluttar i jobben. No skal han bli direktør i Bybanen AS. Nilsen er født i 1946, og har vore fylkesrådmann i Hordaland i meir enn seksten år.

[27.04.12 13:04]

Pengar til hamneutgreiing

Fylkesutvalet i Hordaland har løyvd 700.000 kroner for finna ut om det er mogeleg å plassera ny hamn på Flesland. Det har lenge vorte jobba med ny storhamn for bergensområdet.

Eitt av alternativa er å dela funksjonen mellom fleire hamner, mellom anna Ågotnes. Utgreiinga til fylkeskommunen skal kartleggja om det finst areal i Flesland-området som let seg bruka til hamn.

[27.04.12 13:04]

Frontkollisjon på Sotra

To bilar frontkolliderte ved Knappskog onsdag morgon. Politiet fekk melding om ulukka klokka 07.19. Tre personar er sendt til undersøking hjå kvalifisert personell. Skadeomfanget er førebels ukjent.

.

[25.04.12 08:04]

Stolen båt funnen att

Politiet fann sundag att ein uregistrert stolen båt i Arefjordspollen. Båten er ein Finnmaster 520 påsett ein 60 hk Tothatsu påhengsmotor. Den er kvit på farge, og påsett ei blå kalesje.

Årsaka til at politiet er ganske sikre på at båten er stolen, er at påhengsmotoren er kobla. Politioverbetjent Bjørn Hagen ved Askøy, Sotra og Øygarden lensmannsdistrikt opplyser at gjerningspersonane hittil ikkje er tekne. Sidan båten er uregistrert, har politiet heller ikke klart å kome i kontakt med eigaren.

[24.04.12 09:04]

Brann i busskur

Politipatruljen var i Øygarden då dei oppdaga ein brann i eit busskur på Rong. Politifolka sløkte brannen, som dei reknar med var påsett då det var dynka med brennbar væske inne i skuret.

[22.04.12 10:04]

Båtførar kjørte på land

Politiet blei tilkalt då ein 50 år gammal båtførar kjørte på land ved Cornelius restaurant ved Bjorøy klokka halv tolv fredag kveld. Mannen blei ikkje skadd, men han blei frakta til lege for blodprøve då han framstod som berusa.

[21.04.12 10:04]

Sotra ute av cupen

Sotra tapte 2-5 for Austevoll i 2. kvalikkrunde i NM for menn onsdag kveld. Det stod 2-2 etter ordinær tid, men Austevoll avgjorde i ekstraomgangene. Nest-Sotra går inn i cupens første ordinære runde.

[19.04.12 07:04]

Kvinne funnen død i sjøen

Tysdagsmorgon om lag klokka 0900 vart ein person sett flytande i sjøen tett ved land utfor Sauøy ved Alvøy i Øygarden. Ifølge politiet var personen i sjøen var ei kvinne i 40-åra  som var død då politiet kom fram.


 

Politoverbetjent Bjørn Hagen ved Askøy, Sotra og Øygarden lensmannsdistrikt opplyser at kvinna vil verta obdusert, og politiet har nett kome i gang med etterforskingsarbeidet. Hagen vil ikke spekulere i dødsårsaka, og vil venta til obduksjonen er ferdig før han uttalar seg meir konkret. Han stadfestar at politiet kjenner identiteten til kvinna.

[18.04.12 12:04]

Lange køar mot Bergen

Ein kollisjon aust for Sotrabrua i femtida tysdag førte til lange køar på riksveg 555 i retning Bergen.

[17.04.12 17:04]

Innbrot i lastebil

Nokon braut seg inn i ein lastebil på Straume natt til tysdag. Tyven knuste ei siderute og stjal dieselkort, gps, mobiltelefon, skjerm til ryggekamera og seks flasker cola.

[17.04.12 09:04]

Påkjørsel ved brua

Ein bil vart påkjørt bakfrå på riksveg 555 ved avkøyringa til Knarrevik tysdag morgon. Den eine føraren skal ha fått smerter i nakken etter smellen. Uhellet skapte noko kø vestover.

[17.04.12 09:04]

Trening for godt vaksne

Onsdag føremiddag kan dei over 60 i Øygarden koma seg ut av godstolen og ut på trening. I regi av Frisklivssentralen blir det då trening for godt vaksne, med styrkeøvingar og balansetrening.

Tilbodet er retta både mot kvinner og menn, og finn stad på treningssenteret på Rong. Planen er å ha trening for dei på 60+ kvar onsdag framover.

[13.04.12 13:04]

Siste kortnytt

Eldre artikler

Siste kortnytt

VestNytt
Skjenet 2, 5353 Straume
Redaktør: Elisabeth Netland

Telefon: 56 33 65 00
Telefax: 56 33 04 10
Vakttelefon: 480 09 477