Kan verta slutt på klasseturar
Klasseturar til utlandet er vanleg på ungdomstrinnet i Fjell. Men no kan prinsippet om gratis grunnskule setja ein stoppar for turane.
Endret 26.03.09 08:03
– Skulen skal vera gratis, ein skal ikkje gjera forskjell på born med ulik sosial bakgrunn, seier Kjellbjørg Lunde, utdanningsdirektør i Hordaland.
Mange av ungdomsskule-klassane i Fjell dreg på klasseturar til utlandet, gjerne til Tyskland. Johannes Spilde Lie skal til Berlin i oktober saman med klassekameratane på Ulveset skule.
– Eg gler meg. Eg har høyrt frå andre klassar som har vore på tur at dei vert betre kjent og meir samansveisa, seier han.
Men skuleturar av denne typen vert ikkje betalt av kommunen. Elevane må sjølv stilla med pengar, og Berlin-turen kostar nesten 5000 kroner.
– Me gjer ein del ting for å samla inn pengar. Mellom anna har me hatt konsert i Fjell kyrkje, fortel Johannes.
Ulovleg eigendel
Å samla inn pengar gjennom konsertar, lotteri og sponsing, er lov. Men sjølv om konserten vart ein stor suksess, står det framleis att 4000 kroner i eigendel per elev. Og uansett kva aktivitetar elevane finn på vidare, ligg det an til å verta ein solid sum i eigenbetaling.
– Det er ikkje lov å belasta den enkelte elev eller foreldre med giroar, seier Kjellbjørg Lunde.
Og det at foreldra må vera med og betala, er eit relativt vanleg fenomen i Fjell. No har kommunen fått signal frå Fylkesmannen om at dei må revurdera praksisen med utanlandsturar. Utdanningsdirektøren er klar i sin omtale av slike turar.
– Skulen skal vera gratis. Me skal ikkje ha turar som ikkje alle elevar har råd til å vera med på. Gratis er gratis. Og skulane bør ikkje læra elevane opp til lovbrot, seier Lunde.
Ho fortel at dei ofte får meldingar frå foreldre som reagerer på summane, men som tykkjer det er problematisk å ta det opp med skulen.
– Det er lov å samla inn pengar til turar, men ikkje lov å arrangera turar som inneber foreldrebetaling, seier Kjellbjørg Lunde.
Kan verta slutt
Utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen har tatt opp problemstillinga med Fjell kommune. No skal kommunen drøfta det saman med skulane. Utfallet kan bli at det vert slutt på klasseturar til utlandet.
– Me må finna ut kva praksis me må leggja oss på, og me må ha ein felles politikk for alle skulane. Det kan ikkje vera slik at nokre skular er greie og tillet klasseturar, og andre ikkje, seier skulesjef Ellen Hansen i Fjell kommune.
Det skulane formelt kan redda seg i land på, er at ansvaret for klasseturane i utgangspunktet ikkje ligg under skulane. Elevane søkjer seg fri frå skulen under klasseturen, opplegget vert utforma av foreldre, og det er foreldre med på turane. Det er ofte også lærarar med på turane, men desse er då ikkje betalt av kommunen.
– Formelt sett har dei alt på det tørre. Men det er eit minefelt, seier skulesjefen.
Utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde er ikkje samd i at formalitetane tillet dyre utanlandsturar.
– Har det karakter av å vera ein skuletur for ein klasse, er det i skulens regi, seier ho.
Undervisning
Det er dessutan sjeldan slik at skuleturane er heilt frikopla frå undervisninga. Ofte brukar ein tema knytt til turane i undervisninga, både før og etter sjølve turen. Johannes Spilde Lie har gått Russarstegen ved Fjell festning og vore i Telavåg som førebuingar til klasseturen til Tyskland.
– Ein lærer ganske mykje av det, seier han.
Men Johannes og dei andre niandeklassingane på Ulveset kan altså bli dei siste i Fjell som dreg på klassetur til utlandet. Alternativet er at kommunen betalar for klasseturane, slik at ein unngår rekningar til foreldra.
– Det har neppe kommunen pengar til, seier skulesjef Ellen Hansen.
Ho peikar på det også finst andre problemstillingar enn det at foreldra blir belasta med tusenlappar i eigendel. At det er vanskeleg for funksjonshemma elevar å vera med, og at flyktningar og andre utan pass ikkje kan reisa ut av landet, er også problematisk – spesielt sidan turane gjerne vert knytt opp mot undervisninga.
– Det blir fort eit undervisningsopplegg rundt turane. Det er eit tankekors i forhold til elevar som ikkje er med, seier Hansen.
Gratis skulegang
Det er eit grunnleggjande prinsipp at grunnskulen i Noreg skal vera gratis. Utdanningskomiteen på Stortinget kom i 2003 med ei presisering av reglane for klasseturar. Her viser ein til at det ikkje skal takast betaling for skuleturar sjølv om desse går føre seg utanom vanleg skuletid, så lenge turane i nokon grad vert ein del av opplæringa. Utdanningsdirektoratet meiner at dersom det er lærarar med på turane, styrkar det oppfatninga om at det er å rekna som ein skuletur – og då kan ein ikkje ta betalt. Både utdanningskomiteen og direktoratet legg vekt på at det skal mykje til før ein kan hevda at ein klassetur ikkje heng saman med skulen og opplæringa.
Faren til Johannes Spilde Lie, Kristofer Lie, er førebudd på å måtta betala ein del for sonen sin klassetur.
– Men det er ei veldig utfordring for dei som ikkje har råd. Slik sett er eg skeptisk til denne måten å gjera det på, seier Kristoffer Lie.
Kortare leirskular
Diskusjonen rundt foreldrebetaling gjeld og leirskular, der ein ofte har hatt ein viss eigendel som foreldra må betala. No har den kommunale ramma vorte auka, slik at Fjell kommune betalar inntil 1500 kroner per elev som skal på leirskule. – Det er mogeleg at me kan laga eit litt enklare og kortare leirskuletilbod, som i heilheit vert dekka av dei 1500 kronene, seier skulesjef Ellen Hansen. Retningslinene for leirskular i Fjell kommune skal opp i komite for drift om ein månad.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



