Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Kan heita Nordre Fjell

Kan heita Nordre Fjell

Nordre Fjell ungdomsskule, Tranevågen og Skogen  er blant namneforslaga til den nye skulen på Ågotnes.

Publisert 29.01.10 15:01
Endret 29.01.10 15:01

ÅGOTNES: – Det har vore eit utruleg engasjement om namnespørsmålet. Det hadde me ikkje venta, seier skulesjef Ellen Hansen i Fjell kommune.

Den nye skulen på Ågotnes treng eit namn, og kommunen har etterlyst forslag. Då fristen gjekk ut denne veka, hadde det kome inn nær 50 forslag.

– Me har fått inn forslag frå enkeltpersonar og i tillegg frå elevråda på Ulveset, Ågotnes, Hjelteryggen, Tellnes og Gangstøgarden, fortel skulesjefen.

Blant forslaga finn ein Steingarden, Skogen, Naturskogen, Tranevågen, Hamramyra (som tomta heiter) og Nordre Fjell ungdomsskule.

– Det har vore ein fantastisk oppslutnad, seier skulesjefen.

Braut tradisjonen
Tidlegare har det vore praksis i Fjell å kalla skulen opp etter området der den ligg. Men administrasjonen har ikkje lagt opp til at nyeskulen skal heita Ågotnes ungdomsskule. Dei viser til at denne tradisjonen vart broten då ein namnga Liljevatnet skule.

– Den låg i utmarka til Arefjord, men borna frå Arefjord skulle ikkje gå der. Difor gjekk me utanfor tradisjonen og ga skulen namn etter vatnet der, seier ho.

Men det er mange som helst vil at skulen skal bli heitande Ågotnes ungdomsskule. Det er danna ei facebook-gruppe til støtte for dette. Samstundes er det og danna ei tilsvarande gruppe for namnet Vindenes ungdomsskule, fordi dei meiner at skulebygget eigentleg ligg på Vindenes.

Det er politikarane i komite for drift som skal bestemma skulenamnet. Anita Leganger, som står bak facebook-gruppa for Ågotnes-namnet, har vorte oppringt av komiteleiar Vidar Arnesen (Frp).

– Han likte dårleg at me har danna ei slik gruppe, og det ga han tydeleg uttrykk for. Men kommunen ba om engasjement, og no har dei fått det, seier Leganger.

Identitet
Vidar Arnesen legg vekt på at det ikkje er lagt opp til ein namnekonkurranse.

– Det fungerer ikkje slik at dei som trommar saman ei gruppe og får mange medlemmer, får bestemma namnet. Det er å kasta blår i augo på dei som engasjerer seg om dei får inntrykk av at det er ein konkurranse, seier han.

Men Anita Leganger viser til at dei er i sin fulle rett til å kjempa for Ågotnes-namnet.

– Me er alle fullt klar over at det ikkje er ein konkurranse. Eg tykkjer det er utruleg at dei kan føla seg trua av dette, seier ho.

Leganger meiner at Ågotnes ungdomsskule er namnet som best fortel kor skulen ligg.

– Då veit ein kor skulen er, og det gjev ein identitet, seier Anita Leganger.

Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477