Ja til golfhotell - men eigarane fryktar Sotrasambandet
Fjellpolitikarane seier ja til planane om eit golfhotell på Kolltveit. Men spørsmålet blir kor mykje de nye Sotrasambandet vil øydeleggja av banen.
Endret 08.06.12 08:06
– Vi kan ikkje byggja golfhotell utan å ha ein fullverdig golfbane. Utan golfbane har vi ingenting å tilby ein golfklubb, seier Olaug Evanger (bildet), eigar av Kobbeltveit golf og naturpark.
Nytt samband øydelegg
Golfbanen på Kolltveit har i dag drivingrange på 250 meter, pitch- og putbane med ni hòl og hovudbane med ni hòl. Det er hovudbanen som står i fare for å bli rasert når det nye Sotrasambandet skal byggjast.
– Vel dei å byggja fire nye felt gjennom fjellet med tunnelutløp sør for dagens utløp, ser det ut til at vi mistar fire hòl. Byggjer dei to nye felt, slik rådmannen i Fjell går inn for, mistar vi to hòl på nordsida av dagens tunnelutløp, forklarar Evanger.
Saman med ektemannen Bjørn Evanger har ho sendt inn merknad til Sotrasambandet.
– Uansett kva for løysing dei går for, øydeleggjer det for oss. Vi vil uansett få behov for meir areal på vestsida av riksvegen, seier Olaug Evanger. Men der er det friluftsområde og turstiar, og truleg vil også fylkesmannen ha eit ord med i laget dersom det skal gjerast om til golfbane.
Ny veg opp til hotellet
Planane om å utvida tilbodet på Kolltveit med eit hotell med 30 hotellrom og 20 leiligheiter, restaurant, klubbhus, møtelokale, golfbutikk og golfsimulator har vore under utarbeiding og behandling i fleire år.
Då komité for plan og utvikling skulle behandla saka tysdag kveld, var det største spørsmålet kor lokalvegen opp til sjølve hotellet skulle gå. Nokre av naboane som bur langs dagens veg opp til anlegget, har klaga på forslaget om å utvida vegen. Dei ønskjer ikkje auka trafikk mellom husa, og dei ønskjer ikkje å avstå grunn til utviding av vegen.
– Vi er bekymra for det å ta seg til rette på annan manns eigedom, sa Henning Lundekvam (H). Komitéen var samrøystes i å godkjenna alternativet med ny veg rundt svingen framfor å utvida dagens veg.
Skuffa over vegval
Olaug Evanger blir skuffa når ho høyrer at politikarane går inn for løysinga med ny veg.
– Det øydelegg mykje av uteområdet framfor hotellet, i tillegg til at det må ei fæl skråning til for å få bygd vegen, seier Evanger. Kostnaden med dei to vegalternativa skal vera relativt lik.
– Men det blir ikkje så fint som vi hadde håpa. Vi var veldig glade for innstillinga frå administrasjonen, seier Evanger. Fagfolka i kommunen meinte at det beste ville vera å utbetra og utvida dagens veg, då den nye vegen utgjer eit dramatisk inngrep i naturen. Ei utbetring av dagens veg ville også gi fortau og trafikktryggleik langs dagens veg.
Vera eller ikkje vera
Det er kommunestyret som skal gjera endeleg vedtak om golfhotellet, men framdrifta for prosjektet er no altså avhengig av eit langt større prosjekt.
– Vi må venta på vedtak om Sotrasambandet, seier Evanger. I innspelet golfbaneeigarane har sendt inn til vegvesenet, krev dei at eventuelle nye golfområde på vestsida av vegen må vera ferdig opparbeida og grodd før det blir sett i gang arbeid med nytt tunnelløp.
– Finn vi ikkje ei løysing på dette, har vi ingen golfbane lenger, seier Olaug Evanger.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Siste kortnytt
- Trafikkuhell ved Sartor [21.05.13 16:05]
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Giske smakte på ung skaperkraft [23.04.13 08:04]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
- Privatskule med god plass [20.05.13 09:05]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]


