Informerte om busetting av flyktningar
Øygarden er klare til å ta i mot flyktningar allereie neste år etter at kommunestyret sa seg svært positive onsdag ettermiddag.
Endret 14.11.09 11:11
Informasjons- og mangfaldsdepartementet (IMDI) har sendt ein førespurnad til Øygarden kommune om å ta i mot og busetja flytkningar frå neste år. Talet på flyktningar er 15 personar 2010 og 40 totalt dei tre neste åra.
Onsdag informerte IMDI eit lydhøyrt kommunestyre, som skal ta si avgjerdsle kring denne saka 9. desember.
Kaare-Andreas Krog har arbeidd på bergenskontoret til IMDI sidan byrjinga av 90-talet. Han har vore med på dei to periodane då Hellesøy hadde asylmottak, og han har god røynsle med korleis det gjekk.
– Eg vil definera samarbeidet som ganske vellukka. Øygarden har tradisjon for å ta sin del av den nasjonale oppgåva, seier Krog, som i går informerte kommunestyret i Øygarden om kva det inneber å ta i mot flyktningar som er busettingsklare.
Olav Martin Vik åpna ballet med si positive innstilling til IMDI sin førespurnad.
– Øygarden må kunne klara å ta i mot nokre flyktningar. Me tar sikte på å legga fram denne saka i desembermøtet vårt, sa ordføraren til dei andre representantane i kommunestyret.
Målsettinga for busetting av flyktningar i Noreg i 2010 er 10.000. Dette er i all hovudsak menneske frå Eritrea, Afghanistan, Somalia, dei palestinske områda og Irak. Nokre overføringsflyktningar kan kome frå Bhutan óg.
I tida 1994 til 2001 har det vore busett 52 flyktningar i Øygarden kommune.
– Kommunen får eit integreringstilskot kvart år over fem år. Etter det vert det forventa at dei skal handsamast som vanlege borgarar, fortalte Krog til representantane.
Målet til IMDI er at 65 prosent av flyktningane som kjem til Noreg, skal ut i arbeid eller utdanning. Resultatet for 2007 var 50 prosent og i fjor 53 prosent.
Dei fleste av politikarane var vakne under denne seansen, og fleire kom med spørsmål til saka.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



