– I går gjekk det over all forventning, seier Benjamin Torsvik søndag.

Han finn stadig på nye sprell for å samla inn pengar til kreftsaka. Denne gongen gjekk han 74 kilometer frå nord til sør i Øygarden.

Vêret har vore nydeleg, og han har glade følgjesvener, men det er likevel krevjande med ein slik langtur.

– Det verste er kanskje at eg slit med å få i meg nok kaloriar. Eg lever vel normalt på rundt 1500 kaloriar per dag. Laurdag forbrann eg 5000, seier han.

På heimgarden var det pause med familie og andre støttespelarar. Hovudpersonen sjølv foreviga augneblinken. Foto: Kyrre Styve

For å få i seg nok næring, prøver han å eta alt han får i seg.

– Chips, kyllinglår, sjokolade, energibarar. Alt som går ned, seier Torsvik.

I tillegg drikk han store mengder cola, samt smoothies og vatn.

Folk har kunna kjøpa etappar og gje pengar til turen. Laurdag gjekk Torsvik til Ågotnes. Søndag går han heilt til Viksøy.

– Eg er ikkje så godt kjent der, eg går til vegen stoppar, seier han.

Benjamin Torsvik har med seg følgje på alle etappar. Men han er den einaste som går heile vegen. Foto: Kyrre Styve

Vestnytt møter friskusen rett nord for Morlandskrysset søndag føremiddag, ved garden der han vaks opp. Ein stor heiagjeng har møtt opp, og nokre av dei blir med han på ei eller fleire etappar vidare.

Den kanskje sprekaste innsamlingsturen Benjamin Torsvik har tatt, var då han gjekk atten turar til Liatårnet på éin dag. Pulsen blir ikkje fullt så høg av å gå Øygarden på langs, men det er like fullt krevjande.

– Eg merkar at eg eigentleg ikkje er skapt for å gjera slikt over to dagar. Det er noko med å kunna koma heim og siga saman etter éin dag, og sleppa å tenkja på at ein skal opp og ut også dagen etter, seier Torsvik.

Benjamin Torsvik våga ikkje å setja seg ned i pausen. – Då stivnar eg nok, seier han. Foto: Kyrre Styve

Laurdag var det antydning til gnagsår. Søndag har han tatt med seg alt som finst av teip og gnagsårplaster, for å klara å koma til endes heilt sør. Siste etappe går frå Tofterøy-krysset litt før klokka 18 søndag kveld. Benjamin Torsvik har forlengst planen klar for kva han skal gjera når han er ferdig med turen.

– Då skal eg prøva å halda meg vaken og sjå siste del av Biler-filmen, eg fekk ikkje sett han ferdig laurdag kveld, seier han.

Blide og støttande turvener gjer slitet lettare å takla for hovudpersonen. Foto: Kyrre Styve

Torsvik sin innsamlingsaksjon heiter Strilasløyfo, og går til same pott som Hans Jarle Einarsen og Sartor sin lokale «Krafttak mot kreft» i Øygarden. Einarsen var sjølv med på fleire av etappane.

– Frå Hellesøy til Torsvik hadde me med oss ordførar Tom Georg Indrevik. Eg og han har begge solid konkurranseinstinkt, så me vart på førehand samde om å gje oss der, seier Einarsen.

Vêret kunne knapt ha vore betre under langturen. Foto: Kyrre Styve

Sjølv om Benjamin Torsvik har hatt god tid til å tenkja i løpet av dei mange mila, veit han førebels ikkje kva sprell Strilasløyfo blir neste år.

– Då er det femårsjubileum. Men eg veit ikkje om eg skal gjera noko ekstra stort. Eg har sagt at om det blir større og større opplegg, blir det sånne Frank Løke-vibes. Og det gidd eg ikkje, seier Benjamin Torsvik i det han tek fat på kyrkjevegen sørover mot Fjell gard.

På etappen mellom Morlandkrysset og Fjell gard hadde han med seg både tobeinte og firbeinte. Foto: Kyrre Styve

Totalt vart det 103.243 steg på Benjamin Torsvik før han var framme på Viksøy søndag kveld.

Årets Krafttak mot kreft i Øygarden nærmar seg no 900.000 innsamla kroner. Totalt har dei fått inn over åtte millionar på 14 år. Pengane går til ulike føremål innan kreftsaka, mellom anna til forsking.