Trafikkuhell ved Sartor

Tre personar er ifølgje politiet involvert i ei trafikkulukke på riksveg 555 ved Sartor storsenter. Politiet fekk melding klokka 16.07 tysdag. Ein bil skal ha kjørt inn i ein annan bakfrå. Det utvikla seg raskt kø.

[21.05.13 16:05]

Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Grev seg ned i kjempesprekk

Grev seg ned i kjempesprekk

Barnehagetomta på Toftøy vert mange millionar dyrare enn venta. No skal kontrollutvalet grava seg ned i kva som har skjedd.

Publisert 04.06.12 09:06
Endret 04.06.12 09:06

Tidleg i mai 2012: Kommunalsjef Jarle Kvalvik veit at nesten alt som er løyvd til barnehagetomta på Toftøy er brukt opp. Samstundes observerer han at det er fullt arbeid på tomta. Kvalvik byrjar å nøsta opp i kor saka står, og det han finn, er skremmande: Kommunen har brukt mange millionar meir enn planlagt på opparbeiding av tomta, og det ser ut til å ha skjedd dels utan gyldige, formelle vedtak.

Arbeida på barnehagetomta skulle ha kosta 3,6 millionar kroner. Sluttrekninga blir truleg på rundt 11 millionar.

Braut loven

– Ut frå den informasjonen me har i dag, ser det ut at kommuneloven kan vera broten av di pengeløyvingane ikkje har vore oppe i kommunestyret, seier kommunalsjefen.

Bakgrunnen for saka er behovet for ny barnehage på Toftøy. Øygarden kommune planla først å byggja barnehagen sjølv. Men så vart løysinga at kommunen skulle opparbeida tomta, og at Misjonssambandet skulle leiga tomta og byggja barnehage. Tomta viser seg så å bli langt dyrare enn planlagt.

Komite for teknikk tilrådde onsdag at kontrollutvalet bør sjå nærare på saka. Den konklusjonen kjem truleg kommunestyret til å støtta.

Tre spørsmål

Då er det tre sentrale spørsmål kontrollutvalet bør finna ut av:

1: Korleis kunne prosjektet bli så mykje dyrare?

2: Har ekstraløyvingane kome utan gyldige politiske vedtak, og korleis kunne i så fall dette skje?

3: Dersom ein manglar gyldige politiske vedtak, kvifor har pengane blitt utbetalt?

Administrasjonen har dei siste vekene jobba med å finna ut av kva som har skjedd.

– Det kan vera at me manglar informasjon, men slik det ser ut i dag, har ikkje ekstraløyvingane kome opp i kommunestyret slik dei skal, seier Jarle Kvalvik.

Kommunen sin eigen jurist har konkludert med at kommunelova truleg er broten. Årsaka er at tilleggsløyvingar av den storleiken ein snakkar om her, skal opp i kommunestyret – noko dei altså ikkje har vore.

– Saka må definitivt takast tak i av kontrollutvalet, seier ordførar Otto Harkestad (Ap).

Mektig byggjenemnd

Øygarden kommune har i mange år hatt ei noko utradisjonell styring av kommunale byggeprosjekt. Den politiske plan- og byggjenemnda har i stor grad hatt detaljert styring med prosjekta, medan det vanlege er at administrasjonen står for den løpande oppfølginga  og rapporterer til byggjenemnda.

I saksutgreiinga til komite for teknikk, som drøfta saka onsdag, står det at det kan ha vore ei uheldig samanblanding av politikk og administrasjon, og at dette kan ha vore ei medvirkande årsak til overforbruket. Eit sentralt spørsmål er om det er byggjenemnda si daglege styring som også har ført til at pengar har vorte løyvd utan kommunestyret si godkjenning.

– Eg ser at det er den uryddige modellen med plan- og byggjenemnda som kan vera årsaka, seier ordføraren.

Taus leiar

Denne måten å organisera kommunale byggjeprosjekt på er no endra, slik at det i framtidige prosjekt blir administrasjonen som har den daglege oppfølginga av prosjekta.

Det var Ottar Vik (TVØ) som var leiar av plan- og byggjenemnda, og som har vore den sterke mannen i Øygarden innan byggjeprosjekt i ei årrekkje. Ottar Vik viser til at han er på ferie og ønskjer ikkje å kommentera saka i Vestnytt. Til Bergens Tidende har Vik hevda at han orienterte dåverande rådmann Torgeir Sæter om overskridingane. Men Sæter kan ifølgje BT ikkje hugsa å ha vore med på nokon slike møte.

Kyrre Styve

 

Tomta til den nye barnehagen på Toftøy er i ferd med å bli ein skandale. Kommuneloven kan ha blitt broten på fleire punkt i samband med prosjektet. Foto: Kyrre Styve

 

 

Prosjektet blir ikkje stoppa

Massive, overraskande overskridingar til tross: Tomtearbeida på Toftøy blir ikkje stoppa. Øygarden treng sårt fleire barnehageplassar, og ein barnehage treng ei ferdig opparbeidd tomt.

– Prosjektet må sluttførast, i regi av administrasjonen, seier ordførar Otto Harkestad.

Han er oppgitt over det som har skjedd. Men å la den nye barnehagen bli ståande utan asfalt, rekkverk og andre elementære ting er ikkje eit alternativ.

– Me må gjera det ferdig, seier ordføraren.

Barnehageprosjektet på Toftøy byrja så vidt i 2007, men det var i 2008 utgiftene byrja å koma. Klargjeringa av tomta skulle opprinneleg kosta 3,6 millionar kroner. Til no har ein brukt over 8 millionar, og det er behov for rundt 2,5 millionar kroner til for å bli ferdige. Dermed kjem ein opp i nærare 11 millionar kroner, tre gonger meir enn planlagt.

Mykje har gått fundamentalt gale når det gjeld barnehagetomta. Mellom anna gravde ein ut altfor mykje massar. Lastebilane som køyrde bort massane, måtte dermed brått køyra store massar tilbake.

Ein av dei forklarlege grunnane til at det vart dyrare, er at barnehagen vert større enn først planlagt. Opprinneleg skulle ein ha ein fireavdelings barnehage der, men politikarane vedtok seinare at ein burde ha fem avdelingar med sjanse til seinare utviding til seks avdelingar. Men sjølv om utvidinga var ei bestilling frå kommunestyret, ser det ikkje ut til at ein har henta inn dei naudsynte pengeløyvingsvedtaka frå kommunestyret. Dermed gjekk utgiftene over styr. Men akkurat korleis det har vorte så utruleg mykje dyrare enn planlagt, er framleis noko uklart.

– Prosjektleiinga har ikkje vore god nok når det er så store avvik, seier kommunalsjef Jarle Kvalvik.

Så vidt administrasjonen har klart å finna ut, har ingen ekstraløyvingar formelt vore oppe i kommunestyret. Litt av ekstraløyvingane har vorte lagt inn i samband med budsjettprosessane. Men dette gjeld ikkje heile ekstrasummen, og det ser uansett ikkje ut til å ha vore noko konkret vedtak om ekstraløyvingar utanom sjølve budsjettvedtaket.

Ein samrøystes komite for teknikk tilrådde på møtet onsdag at ein løyver dei 2,5 millionar kronene som skal til for å bli ferdige med tomta, men at ein samstundes sender prosjektet til kontrollutvalet. Denne løysinga kjem truleg både formannskap og kommunestyre til å støtta. Så kjem truleg saka opp att med full tyngde i kommunestyret når kontrollutvalet har sagt sitt.

– Me må ta grep om dette prosjektet, og ta grep for at dette aldri skal skje igjen, seier Ingrid Marie Toft (H), leiar i komite for teknikk.

Den nye barnehagen på Toftøy vert bygd og driven av Norsk Luthersk Misjonssamband. Den blir noko forseinka, og blir neppe klar til bruk før over jul. Difor skal det no lagast til ein mellombels barnehage i 1964-bygget på Toftøy skule, slik at ein har nok barnehageplassar komande halvår.

 

 

 

 

Tips en venn




Treng meir plass på ungdomsskulen

Treng meir plass på ungdomsskulen

Om nokre år blir ungdomsskulen på Stranda for liten.

    Privatskule med god plass

    Privatskule med god plass

    Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.

      17. mai-feiring i gråvær og varme

      17. mai-feiring i gråvær og varme

      Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

        Populær p-plass treng utviding

        Populær p-plass treng utviding

        Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

          Generalprøve for Brudansen

          Generalprøve for Brudansen

          Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

            Sender ballen videre til Fylkesmannen

            Sender ballen videre til Fylkesmannen

            Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10