Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Gravide røyker meir i regionen vår

Gravide røyker meir i regionen vår

 Diverre har ikkje alle forstått at det er farleg å røyka - spesielt når ein er gravid. – Det er foruroligande tal i 2012, seier Vidar Arnesen.

Publisert 17.01.12 09:01
Endret 17.01.12 09:01

Frå januar i år trådde lova om folkehelsearbeid i kraft. Det er i det høvet at Folkehelseinstituttet har utarbeidd ei oversikt over helsetilstanden i befolkninga til kvar einskilde kommune i Norge.

Like mange uføre

Øygarden er ein av kommunane som tidlegare har slitt med mange uføretrygda (under 45 år) i kommunen. Dette har no utjamna seg, og kommunen ligg akkurat på gjennomsnittet til resten av landet.

– Statistikk er statistikk, men det er klart at dette har vore tema hjå oss i fleire år, og det er tydeleg at det er gjort eit godt stykke arbeid frå administrasjonen si side, seier leiar for komité levekår i Øygarden kommune, Kjetil Rong (H).

Han legg til at politikarane også har sett seg inn i situasjonen og sett fokus på temaet.

– Me har gjort dei nødvendige løyvingar for å få framgang i arbeidet med uføretrygda i kommunen, seier Rong.

Ein skal heilt attende til 2003 for at Øygarden låg eit stykke høgare på lista over antall uføre i kommunen. I 2008 hadde kommunen betrakteleg færre uføre i høve til resten av landet. Statistikken syner at dette no har utjamna seg.

Lågare enn snittet

Fjell har alltid vore lågt på denne statistikken. Medan resten av landets kommunar har eit snitt på antall uføre på 2,25 prosent, ligg Fjell på to prosent. Dei siste ti åra har kommunen i snitt vore fleire prosentpoeng lågare enn resten av landet.

– Det har kanskje litt med geografien vår å gjera. Me er meir aktive her ute i distriktet. Men mykje av arbeidet i høve uføre er å følgja opp dei som er på veg ut av sjukmeldinga og inn i uføretrygda. Der er det førebyggande arbeidet svært viktig, og dette arbeidet ligg mitt hjerte nær, seier leiar for komité for drift i Fjell, Vidar Arnesen (Frp).

 Sund kommune ligg også lågare enn snittet. Antallet uføretrygda under 45 år ligg no akkurat på snittet med resten av landet.

– Me må vera nøgd med at me ikkje ligg høgt oppe denne lista. Me har kanskje for mange uføretrygda i kommunen, men dette er noko me kan gjera noko med, seier leiar for saksgruppa levekår og nærmiljø i Sund, Esther Vetås til Vestnytt.

Sjølv om våre tre kommunar ligg på landssnittet, betyr ikkje det at Norge er flinkast i klassen i høve folk med uføretrygd. Dei siste ti åra har prosentdelen som får sjukemelding og uføretrygd vore høgare i Norge enn i andre OECD-land.

Mange gravide røykjer

Dessverre syner tala frå Folkehelseinstituttet at kvinnene enno ikkje har forstått - eller vil forstå - at det er farleg å røyka når ein er gravid.

Undersøkingar syner at gravide i Øygarden røyker når dei kjem til første svangerskapskontroll. Faktisk svarer 25 prosent av alle desse ja på at dei røyker.

– Det var eit høgt tal for Øygarden. 25 prosent er fem prosent over landssnittet, og det er svært bekymringsverdig. Det er faktisk svært bekymringsverdig at ein i det heile tatt røyker når ein er gravid, seier Kjetil Rong.

– For folk burde veta betre?

–  Det er klart at folk burde det ja, svarar Rong.

Øygarden kommune har satsa på folkehelse og sett av pengar til slikt arbeid.

– Målet vårt må vera at talet på kvinnelege røykarar har gått ned neste gong denne undersøkinga kjem, seier Rong.

I Fjell har kvinnene vore noko flinkare, men dei siste undersøkingane frå Folkehelseinstituttet syner at talet på kvinner som kjem til første svangerskapskontroll og røyker, berre aukar.

Fjell ligg no rett over landsgjennomsnittet med 21 prosent som røyker når dei er gravide.

– Eg meiner at den dagen ein er gravid, så slutter ein å røyka umiddelbart. Eg forstår ikkje kvifor jentene ikkje er klar over at dette er skadelig for både ein sjølv og fosteret. Det er foruroligande tal i 2012, seier Vidar Arnesen.

Han håper at ei ny folkehelselov kan verta bidragsytande for tiltak som får ned slike tal.

Sund kommune er ikkje særleg mykje betre. 22,5 prosent av alle kvinner som kjem til første svangerskapskontroll, seier at dei framleis nyttar seg av kreftpinnen sjølv om dei er gravide.

– Dette er ikkje godt nok, og det er svært bekymringsfullt at kvinner som vert gravide vel å fortsetja med røykinga, seier Vetås.

Ho meiner at kommunen bør diskutera dette og at ein bør byrja med meir haldningsskapande arbeid for å få bukt med røykinga.

– Det er vel i første rekke jordmødrene som må driva haldningsskapande arbeid, men ein bør også på kommunalt nivå arbeida for å få folk til å slutta med røyken, seier Vetås.

Få blir mobba

Tal frå Folkehelseinstituttet syner at få vert mobba på ungdomsskulen i nokon av våre tre kommunar. Øygarden kommune ligg langt under landsgjennomsnittet i høve til kor mange tilfelle av mobbing som vert rapportert inn på foreldremøta.

Fjell kommune ligg akkurat på landsgjennomsnittet i høve mobbing, medan Sund kommune har litt fleire rapporterte tilfeller av mobbing enn dei to andre kommunane.

Undersøkinga tek for seg tiandeklassingane i kommunane.

Me vert eldre

Me vert eldre i dette langstrakte landet vårt, og i Fjell, Sund og Øygarden vert me endå eldre. Ein mann vert i snitt 77 år gamal i Noreg, medan ei kvinne vert 82 år gamal, skal me tru Folkehelseprofilen for 2012.

Alle komiteleiarane i Fjell, Sund og Øygarden er samde om ei sak i dette høvet.

Ein vert gamal her fordi ein trivst.

– Det er flott å bu i Sund, seier Esther Vetås.

– Det er ikkje uten grunn at me vert eldre enn gjennomsnittet. Me går mykje turar her ute. I tillegg er det svært godt å bu i Fjell kommune. Eg trur me har det svært godt her, og difor vert folk eldre, smiler Vidar Arnesen frå Fjell Frp.

– Øygarden er ein svært god plass å bu, og særskilt for eldre, som får god omsorg i kommunen. Me har eit godt miljø for dei eldre, også fordi det har vore politisk satsa på dei siste åra, seier levekårsleiar Kjetil Rong.

– Har torsken noko å gjera med den høge levealderen i Øygarden?

– Så klart. Kosthaldet har mykje med levealder å gjera, og her ute et me mykje fisk, smiler Kjetil Rong.

Fleire gravide som kjem til førstegangsundersøking røyker enn ellers i landet. Det syner tal frå Folkehelseinstituttet. Illustrasjonsfoto: Kai Svellingen-Flatekvål

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477