God plass på Danielsen barneskule
Sjølv om den formelle godkjenninga ikkje er på plass, prøver den kristne friskulen Danielsen no å fylla opp 1. og 2. klasse på Straume.
Endret 01.11.07 09:11
– Styret vedtok i september at vi startar opp 1. og 2. klasse neste haust, opplyser rektor Martin Ruud.
Søknadsfristen gjekk ut 15. oktober, men så langt er det søkt om plass til berre 20 elevar totalt til dei to klassane.
Forventa større respons
– Vi er ikkje nøgde med responsen. Det er så mange som har sagt at vi må starta opp barneskule, så vi ventar på ein del foreldre, seier rektoren.
Til ungdomsskuleklassane på Danielsen er det enorm pågang. Her er klassane fulle lang tid på førehand.
– Slik er det ikkje til barnetrinna så langt. Men 20 elevar er likevel nok til at begge klassane blir starta opp, seier Ruud.
Søknadsfristen gjekk ut 15. oktober, men med så god plass er det framleis mogleg å melda seg på.
Purrar på godkjenning
Danielsen ventar framleis på den formelle godkjenninga frå direktoratet. Fleirtalet i Fjell kommunestyre har uttalt seg positivt til etablering av barneskulen.
– Når no Frp, KrF og Høgre er komne til makta i Fjell, er støtta i kommunen enno større enn før, meiner Ruud.
Skulen har forsiktig purra direktoratet for å få godkjenninga på plass.
– Vi ser det som ein formalitet. Godkjenninga kjem før oppstart, trur rektoren.
Planlegg nytt skulebygg
Den langsiktige planen er å gi eit tilbod på alle trinn i barneskulen, og gjerne parallellklassar dersom pågangen aukar. I første omgang har skulen plass til ein 1. klasse og ein 2. klasse i lokala dei har i dag.
Danielsen ønskjer å kjøpa ei tomt i området som ligg sør for skulen og idrettsanlegget til Øygard. Dette området er i dag ikkje utbygd.
– Vi har vore i kontakt med grunneigarane. Det er mange interessentar i området, som først må regulerast til allmennyttige føremål, seier Ruud. Her vil Danielsen byggja ein fullverdig barneskule inkludert SFO.
Vandrar i tru
Skal Danielsen kunna utvida med fleire klassar frå hausten 2009, må nytt skulebygg stå klart innan den tid.
– Vi håpar dette går i orden, seier rektoren. Elevane som eventuelt startar opp på Danielsen til hausten, vil kunna fullføra barneskulen uavhengig av nytt bygg.
– Kvifor er ikkje pågangen større, trur du?
– Noko anna enn offentleg barneskule er kanskje ein uvant tanke. Kanskje ventar folk på den formelle godkjenninga. Men vi er sikre på at den kjem. Det handlar om å vandra i tru, seier Martin Ruud.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



