Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Fryktar katastrofa når vêret tek tak i Sund

Fryktar katastrofa når vêret tek tak i Sund

Ordførar Albrigt Sangolt vil vera førebudd neste gong stormen legg eit teppe over kommunen hans. Torsdag samla han troppane i tungt snødriv.

Publisert 29.03.08 10:03
Endret 29.03.08 10:03

5. mars var Sund isolert. Trafikken kollapsa i snøvêret, og riksveg 555 ved Krossleitet var delvis sperra etter at snøen hadde lagt seg tett på vegbanen. Helikopterhadde vore hjelpelaust med det vêret som var den dagen.


Drøfta beredskapen


Det var difor ordførar i Sund, Albrigt Sangolt, kalla inn til rådsmøte med fleire involverte partar torsdag kveld. Samstundes med Sangolt si bøn om førebudd beredskap, så lava det ned utanfor, og ein kunne mest ikkje sjå kor ein var då det snøa som verst.


– Eg ønsker å drøfta beredskap og tiltak for å få på plass ein god plan for tryggleik i situasjonar med ekstremt vêr, sa Albrigt Sangolt til forsamlinga.
Både lensmann og ambulansepersonell møtte opp i vintervêret torsdag kveld for å syna fram si meining kring beredskap i dårleg vêr.


Særs nøgd med oppmøtet


Ordføraren frykta at folk ikkje skulle møta opp for å diskutera eit emne som engasjerer Sangolt i høg grad.
– Eg hadde fått høyra litt på førehand at temaet var litt overdrive, men eg vart letta då eg såg kor mange som kom, seier Sangolt.
Sjølv stod han opp klokka tre natt til fredag og såg snøvêret som dreiv utanfor.


– Det var blitt litt kaldt ute, seier Sangolt som trur høgare makter óg var med då møtet vart planlagt.
– Snøvêret kom som sendt frå himmelen, smiler Albrigt Sangolt.
No skal han få samla representantar frå Fjell kommune, Sund, vegkontoret og lensmannskontoret for å diskutera spesielle tiltak når det gjeld vintervedlikehald på Krossleitet.


– Me kan kanskje få ordne eit ekstra køyretøy frå vegkontoret, som har spesiell fokus på området Krossleitet, seier ordføraren.
I alle høve vil han gjera noko for å trygga innbyggarane i kommunen.


– Me må finna gode løysingar, inntil det nye fastlandssambandet i sør er komen, seier Albrigt alvorleg.


Tek vêret på alvor


Borgny Forland er leiar for besøkstenesta i Sund. Saman med Olaug Kallestad var ho på møtet torsdag. Forland fekk føla tøvêret på kroppen den 5. mars.
– Eg merka det i aller høgaste grad. Eg følgde ein pasient til lækjaren den dagen, og måtte brått organisera drosjen og lækjarbesøket. Me måtte få sjåføren til venta på oss, og me måtte få lækjaren til å ta oss inn med ein gong. Hadde me ikkje fått til det, så hadde me ikkje kome oss heim den dagen, seier Forland.
Ho føler kommunen tek saka svært alvorleg.


– Me fekk utbytte av møtet. Eg føler at kommunen har fokus på saka, og at dei verkeleg tek det på alvor. Men eg skulle først og fremst hatt attende sjukebilen til Sund, seier Borgny Forland.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477