Sotra med storseier

Sotras fotballherrer var i storslag lørdag ettermiddag. Laget vant hele 7-0 hjemme mot Eid. Simen Birkelund scoret de fire første målene. Jørgen Greve, Ivar Valø og Kristoffer Snekkevik scoret også for vertene.

[19.05.12 18:05]

Promillekjørte på nasjonaldagen

Ein ung mann vart torsdag ettermiddag pågripen av politiet på Ågotnes. Han er mistenkt for å ha vore rusa då han kjørte bil.

[17.05.12 20:05]

Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Frp samla om bru

Frp samla om bru

Frp-politikarar frå Fjell, Sund, Bergen og fylkestinget går inn for kombinasjonen av bru og tunnel i det nye sambandet.

Publisert 29.01.10 14:01
Endret 29.01.10 14:01

SOTRASAMBANDET: Det er løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen kombinert med tunnel frå brufestet i Drotningsvik til Storavatnet, som Framstegspartiet i region vest, Bergen og Hordaland no samlar seg om.

– Lukkeleg
– Med kryssløysing i fjellet kan også trafikken i Drotningsvik koplast på. Eg er lukkeleg for at også Frp sine folkevalde i Bergen no støttar denne løysinga, seier varaordførar Georg Indrevik i Fjell.

Onsdag ettermiddag kalla fylkestingsgruppa inn til møte om sambandet, ved partiet sitt kontor i Bergen. Spørsmålet er kva alternativ som skal bli med i det vidare arbeidet med kommunedelplanen for Sotrasambandet. Både ordførar Gunnar Bakke og fleire av Frp sine folk i bystyret i Bergen var med på møtet. Til liks med byrådet går Frp inn for at det såkalla konsept F, alternativ C7 (firefelts bru og tunnel) skal greiast ut vidare.

– Det er fantastisk at me no kan vera samde på tvers av kommunegrensene om ein slik høyringsuttale, meiner Indrevik.

Planlegg vidare
Han representerte Fjell Frp i møtet, saman med gruppeleiar Anita Garlid Johannessen. Også Frp er opptekne av at ein på sikt finn løysingar for trafikkveksten frå Storavatnet mot Liavatnet og påkoplinga til Ringveg Vest. Der skal andre byggesteg frå Sandeide til Liavatnet stå klart før Sotrasambandet er ferdig.

– Me ser problema som trafikkveksten vil skapa. Det er avgjerande at planlegginga av løysingar på vestre innfartsåre ikkje stansar med Sotrasambandet, seier Georg Indrevik.

Bein og billig tunnel
Men fleire fryktar at køar og trafikkbelastning ikkje blir løyst med det sambandet som no ligg i løypa. Etter det Vestnytt forstår skal mellom andre Indrevik vera begeistra for eit framlegg frå Ingvald Strømme, ein av grunnleggarane av Sartor Senter på 1970-talet. Han tek til orde for å sprenga ein tunnel på kring ti kilometer, frå vestsida av Kolltveit og vidare under Bildøy, Straume, Knarrevik, Drotningsvik og Lyderhorn, med tunnelutslag ved Liavatnet. Slik meiner han ein kan få ein relativt rimeleg tunnel i så å seia bein linje frå Kolltveit til Liavatnet. Der får ein direkte påkopling til Ringveg Vest og den nye vegen som er under bygging mot Sandsli/Kokstad og Flesland.

– For seint ute
– Eg har bidrege med underlagsmateriale til Strømme. Han har laga eit flott framlegg med fleire gode sider. Problemet er at det kjem så altfor seint, meiner Georg Indrevik.

Fordelane han ser går på kostnader og omsynet til lokalmiljø langs dagens veg. Ikkje minst ville ein sleppa ein fire-felts motorveg tvers gjennom det nye by-området Straume/Bildøyna. Men når samferdselsministeren har gjort det klart at fleire tunnel-utgreiingar er uaktuelt, fryktar varaordføraren i Fjell at eit nytt alternativ no vert bortkasta tid.

– Me må ha som mål å få bygginga av det nye sambandet i gang, helst med start i 2013 og opning kring 2017. Då har me diverre ikkje tid til å gå meir inn i Strømme sitt framlegg, meiner Indrevik.

Han meiner fire-felts bru er beste, moglege løysing for nytt fastlandssamband, men vil likevel jobba for å unngå motorveg gjennom Straume.

– Eg vil jobba for å samla støtte til tunnel frå Arefjord til Kolltveit. På det strekket har me betre tid til å finna løysingar og her er Fjell planmynde åleine, påpeikar varaordføraren. 

Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477