Trafikkuhell ved Sartor

Tre personar er ifølgje politiet involvert i ei trafikkulukke på riksveg 555 ved Sartor storsenter. Politiet fekk melding klokka 16.07 tysdag. Ein bil skal ha kjørt inn i ein annan bakfrå. Det utvikla seg raskt kø.

[21.05.13 16:05]

Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Frå rektor til skulesjef i Fjell

Frå rektor til skulesjef i Fjell

Wilhelm Anglevik er tilsett som ny skulesjef i Fjell. Han kjem frå jobben som rektor ved Knappskog skule.

Publisert 02.07.12 15:07
Endret 02.07.12 15:07

STRAUME: Anglevik vert med det mannen som tek over stafettpinnen frå Ellen Hansen, skulesjef i Fjell dei siste åtte åra.

– Eg er audmjuk med tanke på den tilliten Fjell kommune no viser meg. Større tillit enn dette kan ein knapt få i kommunal samanheng, seier Wilhelm Anglevik.

Godt grunnlag
Han var ein av 12 søkjarar då stillinga som skulesjef vart ledig. 58-åringen ser mykje godt å byggja vidare på i Fjell-skulen, men også utfordringar i dagens situasjon og for åra som kjem. Anglevik meiner det har både fordelar og ulemper å koma frå rektorkollegiet til jobben som skulesjef.

– Eg kjenner Fjell-skulen gjennom 32 år og tør seia at eg kan skule. Eg veit kvar skoen trykkjer, seier Anglevik.

Han veit kva moglegheiter rektorar og lærarar i Fjell har, samt kvar det buttar mot i høve til falege og sosiale vilkår. Samstundes ser han at det kan by på utfordringar når ein er «avla av standen» og kjenner dei ein skal leia.

– Ein kan dimmast på synet for verkebyllar i systemet. Det er ein risiko eg er klar over, seier Wilhelm Anglevik.

Han vil føra vidare den faglege satsinga på basisfag som norsk og realfag. I tillegg til det faglege legg han stor vekt på å utvikla den sosiale kompetansen hjå elevane.

Felles løft mot mobbing
– Med denne skulesjefen vil Fjell setja inn endå større ressursar mot det me kallar uønska åtferd. I praksis tyder det å førebyggja hærverk og satsa på eit felles løft mot mobbing i Fjell-skulen, seier Anglevik.

Røynsla som rektor på Knappskog har lært han at det fysiske læringsmiljøet har mykje å seia for korleis elevane presterer og trivselen ved skulen. Knappskog skule er bygd ut og rusta opp kraftig dei seinare åra. Slik er det ikkje ved alle skular i Fjell, samstundes som skulen har mål om eit likeverdig pedagogisk tilbod.

– Eit godt, fysisk miljø er ikkje det einaste som betyr noko, men det er ein viktig føresetnad for trivsel og læring, seier Anglevik.

På «nye» Knappskog skule har han praktisk talt ikkje opplevd hærverk. No ønskjer den nye skulesjefen at dei fysiske arbeidsvilkåra ein kan tilby lærarar og elevar vert eit sentralt punkt i debatten om skulestruktur i Fjell. Samstundes meiner Anglevik at han som fersk skulesjef er den siste som bør gje eit tal på kor mange skular Fjell skal ned til frå dei 18 skuleeiningane ein har i dag.

– Det spørsmålet eg stiller er kva me må gjera for å møta dei krava dyktige lærarar stiller for å jobba i Fjell. Samt kva som skal til for å skapa eit godt læringsmiljø prega av trivsel og tryggleik, seier Wilhelm Anglevik.

Tips en venn




Treng meir plass på ungdomsskulen

Treng meir plass på ungdomsskulen

Om nokre år blir ungdomsskulen på Stranda for liten.

    Privatskule med god plass

    Privatskule med god plass

    Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.

      17. mai-feiring i gråvær og varme

      17. mai-feiring i gråvær og varme

      Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

        Populær p-plass treng utviding

        Populær p-plass treng utviding

        Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

          Generalprøve for Brudansen

          Generalprøve for Brudansen

          Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

            Sender ballen videre til Fylkesmannen

            Sender ballen videre til Fylkesmannen

            Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10