Føreslår å leggja ned Pollen og Tofterøy skular
Sund bør ha fem barneskular i framtida i staden for sju. Det kjem fram i skulerapporten som politikarane har bestilt.
Endret 25.02.10 14:02
SUND: Kommunestyret i Sund fekk tysdag presentert dei tre rapportane dei har bestilt om skulane i kommunen. Planleggjar Terje Gregersen i Norconsult la fram hovudtrekka i rapportane på Nordsjøfartmuseet i Telavåg, der også FAU-representantar frå barneskulane var inviterte.
Pollen og Tofterøy
Bakgrunnen for arbeidet som no er gjort, er eit vedtak i kommunestyret desember 2008. Ap fekk den gongen eit overraskande fleirtal for at Sund skulle starta planlegging for bygging av ein ny, stor skule med plass til 350 elevar.
Etter å ha sett på skulebygga i kommunen, kapasitet og elevtalsutvikling, konkluderer Norconsult med at Sund bør byggja ut Skogsvåg skule i staden for å byggja heilt nytt.
– Skogsvåg skule går for halv maskin i dag. Det er den desidert flottaste skulen i kommunen, og skulen fortener fleire elevar, lærarar og foreldre, meiner Gregersen.
God plass på Skogsvåg
Ifølgje rapporten er det plass til mellom 140 og 160 elevar ved Skogsvåg skule, medan det dette skuleåret berre går 98 elevar ved skulen.
– Skogsvåg skule bør dimensjonerast for 350 elevar, meiner Gregersen. Det vil då bli plass til elevane ved Pollen skule (biletet). Per i dag bur 70 prosent av elevane ved Pollen skule på Hammersland.
– Vår anbefaling er at Pollen skule enten blir nedlagt eller at ein byggjer ny skule, seier Gregersen. Norconsult vurderer Pollen som ein lite føremålstenleg og framtidsretta skulebygning.
– Vi har vurdert tomta ved Skogsvåg skule, og tomta tåler ei skuleutviding som gir plass til totalt 350 elevar, seier Gregersen.
Byggja ut Stranda skule
Men det aller første kommunen blir anbefalt å gjera, er å byggja ut Stranda skule. Den tilrådinga er i tråd med planane som kommunen alt har.
På Stranda skule går det no 130 elevar, medan det eigentleg berre er plass til mellom 100 og 120. Alt til hausten passerer elevtalet 150 på Stranda. Ifølgje rapporten er netto læringsareal per elev på skulen berre 5,7 kvadratmeter i dag.
– Eit netto læringsareal på mindre enn seks kvadratmeter per elev blir rekna for å vera veldig lite, kommenterer Gregersen.
For dyrt med tre skular
Når Stranda skule uansett må utvidast, meiner Norconsult at elevane på Tofterøy bør flyttast over dit. På Tofterøy går det i dag 35 elevar.
Norconsult meiner det sentraliserte alternativet som blei vurdert i ein skulerapport frå 2006, også ville vera ei tenleg og framtidsretta løysing. Denne modellen inneber bygging av ny skule i Spildepollen, samt utviding ved Stranda og Skogsvåg skular. Då vil Tofterøy, Sund, Glesnes og Telavåg skular bli nedlagt.
Men denne løysinga vil bli svært kostbar, og elevar ved fem av dagens skular må få nytt skuleareal. Konsulentane går difor ikkje inn for denne modellen.
Stranda kjem først
Den tilrådde utvidinga ved Skogsvåg vil kosta om lag 72 millionar kroner. Utvidinga ved Stranda skule vil kosta mellom 55 og 68 millionar kroner, alt etter om ein også byggjer gymnastikkanlegg.
Det kom få politiske signal og reaksjonar på rapporten på tysdag. Det som er kjent frå før, er at Ap, KrF og Frp er positive til å endra dagens skulestruktur, medan Høgre er delt i spørsmålet.
– Det som skjer vidare no, er at saksgruppe for levekår og nærmiljø går i gang med å sjå på Stranda skule, der det hastar mest. Så får vi ta oss tid til å vurdera innhaldet i rapportane, meiner ordførar Albrigt Sangolt.
Kommuneval neste år
Kommunalsjef Jon Erik Egeland i Sund meiner skulestrukturen og løysingane som blir anbefalte, er moderate og balanserte.
– Eg trur tidspunktet er gunstig for å diskutera skulestruktur. Til neste år er det kommuneval, og partia får no god tid til å innarbeida standpunkta sine i partiprogramma, seier Jon Erik Egeland.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



