Redda etter 40 minutt

Ein båt med tre personar og ein hund tok inn vatn mellom Askøy og Sotra sundag ettermiddag. Etter 40 minutt vart alle redda frå båten som tok inn vatn. – Dei var litt våte og kalde, men ellers OK, seier Jan Lillebø hjå Hovudredningssentralen på Sola

[05.02.12 17:02]

19-åring køyrte utfor vegen

Klokka halv fire i natt køyrte ein bil utfor vegen på veg til Sotra. Bilføraren vart køyrt til Haukeland. Han er mistenkt for å køyra uten førarkort og i påvirka tilstand. Ulukka skjedde rett før Sotrabrua på riksveg 555

[05.02.12 10:02]

Bil på taket

Politiet fekk natt til sundag melding om at ein bil låg på taket på Straume. Kring halv eitt om natta rykka dei ut og fekk køyrt sjåføren til lokal legevakt for sjekk.

[05.02.12 10:02]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Føler seg pressa ut av Tremorkirken fordi ho er sambuar

Føler seg pressa ut av Tremorkirken fordi ho er sambuar

Ina Marie Jensen Sewe (21) har vore ein del av Tremorkirken sidan 2005. Førre veke mista ho alle verv i kyrkjelyden fordi ho har fått seg sambuar.

Publisert 31.08.10 10:08
Endret 31.08.10 10:08

STRAUME: – Eg vart offisielt sambuar i juni, men eg har eigentleg vore sambuar i ti månader, fortel Ina Marie Jensen Sewe til Vestnytt.

Då pastoren Willy Landro i Tremorkirken fekk vita om hennar private situasjon, fekk ho beskjed om at ho vart fritatt frå alle verv i det kristelege samfunnet.

– Eg føler meg kasta ut av Tremorkirken, seier 21-åringen.

Singel då ho vart med
I 2005 hadde Ina Marie Jensen Sewe sitt første møte med Tremorkirken. Sidan den gongen har kyrkjelyden vore ein viktig del av hennar liv.

Sambuar Erling Gursli har óg vorte ein viktig del av livet til 21-åringen, og sidan juni har dei vore registrerte sambuarar.

– Me budde på kvar side av landet då me traff kvarandre, men det enda med at eg var mest hjå han. Til slutt bestemte me oss for å verta sambuarar, og han fekk seg jobb her, seier Jensen Sewe.

Ho har vore medlem i lovsangtimen, Tremorkirka sitt kor, ei god stund.

– Leiaren i lovsangtimen visste at eg skulle verta sambuar, og han sa at sambuarskap er eit vanskeleg tema, særskilt når ein skal vera eit forbilde, fortel Ina Marie Jensen Sewe.

Ho forstår ikkje heilt kvifor det skal vera eit problem å vera forbilde og sambuar.

– Willy Landro gav meg beskjed om at eg vart tatt frå alle offentlege tenester i kyrkjelyden, seier Jensen Sewe.

– Vart du kasta ut av Tremorkirken?

– Eg føler meg kasta ut på den måten eg vart behandla, seier 21-åringen.

Det var i førre veke at ho fekk beskjed om at ho ikkje kunne ha ei framtredande rolle i kyrkjelyden.

– Middelaldersk
Jensen Sewe reagerer på at ein i 2010 ekskluderer sambuarar frå verv i kyrkjelyden.

– Dette er ikkje 1600-talet, seier ho.

– Kvifor står du fram?

– Eg er sabla irritert over korleis eg er behandla, og eg vil gjerne at slike middelalderske tankar skal koma ut, seier Jensen Sewe ærleg.

No kjem ho til å halda seg i Fjell kyrkje i framtida.

– Der føler eg meg velkomen.

Barnslig
Ho meiner Tremorkyrkja si leiing oppfører seg barnslig.

– Eg vil ikkje attende til ein kyrkjelyd som fortel at eg ikkje kan ha verv sidan eg er sambuar, men som samstundes ynskjer meg attende når eg er formelt gift. Eg er skvist ut av eit kristent samfunn eg følte meg heime i. Det er ingen god kjensle, seier Ina Marie Jensen Sewe.

Stadig debatt om temaet

Eivind Algrøy er leiar av tilsynsrådet i Tremorkirken. Han kjenner til saka med Ina Marie Jensen Sewe.

– Me har ein prosess gåande hjå oss der me ser på korleis me som kristen kyrkjelyd skal halda fast på det som vår tru seier om ekteskap. Dette er ei vanskeleg sak for oss, og det er ikkje lett å stå for eit klassisk syn og samstundes ta vare på menneska i kyrkjelyden vår, seier Algrøy til Vestnytt.

– Komplisert
Hovudpastor Willy Landro kjenner godt til Ina Marie Jensen Sewe.

– Me har retningsliner for livet i kyrkjelyden, og for dei som står fram for Tremorkirken. Dette er etiske retningsliner. Eg vil ikkje kommentera hennar sak i avisa, men eg vil gje uttrykk for kva Tremorkirken står for. Det er veldig vanskelig å kommunisera dette ut til Vestnytt sine lesarar og folket på Sotra. Me har Bibelen som rettesnor, og for oss vert denne debatten kring grensesetting. Me har sagt at alle er hjarteleg velkomen i Tremorkirken, men me set visse kriterium for dei som skal vera i leiarfunksjonar, seier Willy Landro til Vestnytt.

Han legg vekt på at Tremorkirken ikkje nyttar seg av ei kald norm som kun følger Bibelen, men brukar den som ei rettesnor.

– Utfordringa vår er å kommunisera tenkninga vår at me har Bibelen som rettesnor, og at me kan opplevast som ukjærlige. Det er ei kjempeutfordring for oss, men me er ikkje ekskluderande, men inkluderande, seier Willy Landro før han legg til:

– Me trur at Gud sin gode ordning med ekteskap er det beste.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Kvinne (31) døydde

Kvinne (31) døydde

Kvinna (31) som var involvert i frontkollisjonen på Bildøy søndag døydde i dag av skadene. Tilstanden for mannen (42) er framleis kritisk.

    Framleis kritisk for par frå Øygarden

    Framleis kritisk for par frå Øygarden

    Ein mann og ei kvinne frå Øygarden ligg framleis kritisk skada på Haukeland etter frontkollisjonen på Bildøy sundag ettermiddag.

      To kritisk skadd etter ulukke på Sotra

      To kritisk skadd etter ulukke på Sotra

      Ein mann og ei kvinne er kritisk skada etter ei trafikkulukke på Bildøy.

        Fleire flyktningar til Øygarden

        Fleire flyktningar til Øygarden

        Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

          Finværet skapte bilkaos

          Finværet skapte bilkaos

          Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

            Sølv til Takvam & co

            Sølv til Takvam & co

            Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477