Trekkspelarar på festningen

Nord-irske Pride of the Birches trekkspel-band skal spela både på Sartor Storsenter og Fjell festning om kvelden 18. mai, saman med Bjørn Eldevik frå Fjell trekkspelklubb. Dei skal også gå i 17. mai-tog i Bergen.

[15.05.12 14:05]

Sponheim snur på brua

Fylkesmann Lars Sponheim har sendt ut det han kallar ei presisering til høyringsfråsegna om Sotrasambandet. Fylkesmannen skriv at han kan trekkja motsegna mot firefelts bru, dersom to av felta vert reservert for bybane.

[15.05.12 12:05]

På tabelltopp

Mandag vant Skjergard sin fjerde strake fotballkamp i 5. divisjon avdeling 1. Daniel Sørenes scoret begge målene i 2-1-seieren over Inter Bergen.
Nå leder laget fra Øygarden 5. divisjon avdeling 1.

[15.05.12 08:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
- Firefelts bru for dyrt og tidkrevjande

- Firefelts bru for dyrt og tidkrevjande

Sund-ordførar Ove Trellevik (H) meiner at ei tofelts bru parallelt med Sotrabrua er den raske og rimelege løysinga for sambandet.

Publisert 29.12.11 10:12
Endret 29.12.11 10:12

SOTRASAMBANDET: Trellevik viser til at ei firefelts bru i høgspenttraseen, som Fjell og vegvesenet har gått inn for, fort kan kosta så mykje at det knapt vert løyseleg for alle som skal betala bompengar. Det må også folk i Sund og Øygarden gjera, sjølv om det er politikarane i Fjell og Bergen som snart skal i gang med vedtak om kommunedelplanar.

– Den store brua kan fort kosta oss mellom åtte og ti milliardar kroner, alt etter kven som tek rekninga for å legga høgspenten i kabel. Ingen veit kor lang tid det tek, og ein risikerer 70 kroner i bompengar berre for å løysa Kolltveit-Liavatnet, hevdar Ove Trellevik.

Sund-pakken
Han fryktar at det å tvihalda på ny, firefelts bru i høgspenten kan bli øydeleggjande for heile regionen. Nye tiår med kø kan bli resultatet. Som eit betre, raskare og rimelegare alternativ kjem ordføraren med det han på bloggen sin kallar Sund-pakken;

* Ei ny Sotrabru på to felt parallelt med eksisterande bru, med plass til syklistar og fotgjengarar. Brua kan bli dimensjonert for framtidig bybane.

* Nye 2 + felt og sykkelvegar frå Kolltveit i vest til Storavatnet i aust.

* Opprusting av dei dårlegaste vegstrekningane nord og sør for Kolltveitkrysset.

* Prosjektet kan realiserast mykje fortare enn løysinga med ny firefelts bru i høgspenttraseen.

* Ei løysing som gjer framtidig fastlandssamband sør på Sotra mot Bergen/Flesland realistisk på litt lengre sikt.

Pakken er basert på kommunestyret i Sund sine tidlegare vedtak, samt ein analyse Ove Trellevik deler med dei fleste som står i kø.

– Kapasiteten på vestre innfartsåre Sotra – Bergen er sprengt. Det er dagleg lange køar og næringslivet lir store tap grunna den dårlige trafikkavviklinga. Difor er det viktig å finna konseptet som snarast løyser dagens trafikkutfordringar, seier Ove Trellevik.

Stein på stein

Han meiner at Bergen kommune allereie er godt i gang, ved at dei har fått regulert og finansiert kollektivfelt i Drotningsvik. Viss Fjell får gjort tilsvarande jobb mellom Straume og Sotrabrua, meiner Trellevik at regionen har starten på eit konsept som kan løysa køane i minst eit par tiår framover.

– Då kan me bygga vidare på det som er i gang, med ei ny, tofelts bru. Det vil gje kollektivfelt, gang og sykkelveg, 2+løysing for bilane og brua kan byggast slik at ho er sterk nok for ei eventuell bybane i framtida, seier Ove Trellevik.

Han har merka seg byrådet i Bergen sitt vedtak om planprogram rett før jul og meiner «Sund-pakken» svarar best også på Bergen sine utfordringar. Trellevik viser til at Bergen har 2+ løysing på søre innfartsåre (Flyplassvegen) og at bypolitikarane satsar på slike løysingar også på andre innfartsårer til Bergen.

– To felt i kvar retning, der det eine er for kollektiv og dei som er to og fleire i bilen, bør halda også frå vest. Eg skjønar godt at Bergen ikkje vil ha seks felt inn på Storavatnet med alt det kan bety av trafikkaos, seier Sund-ordførar Ove Trellevik.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477