Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Oppbevarte narkotika

Politiet fikk natt til fredag melding om støy og bråk fra en leilighet et sted i Fjell. Politipatruljen kjørte til stedet, og tok seg inn i leiligheten. – I leiligheten ble det funnet en mindre mengde med narkotika.

[10.05.13 15:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Får tre millionar kroner til kjøp

Får tre millionar kroner til kjøp

Viss Fjell kommune får avtale med hytteeigarane i Geitvika eller oreignar friluftsområdet, stiller staten med tre millionar til innløysinga.

Publisert 24.08.12 13:08
Endret 24.08.12 13:08

SØRE STRAUME: Det er Direktoratet for naturforvaltning som løyver tre millionar kroner i statleg medverknad til sikring av Geitvika som friluftsområde. I fjor søkte Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) om midlar og i årets statsbudsjett er det sett av pengar til dette. Gruppeleiar for Ap i Fjell, Marianne Bjorøy, meiner det er viktig at kommunen bidreg slik at innbyggarane kan få nytte av pengane i form av eit større og betre friluftsområde.

– Det er ikkje kvart år me har sjansen til å få så store statlege bidrag til å sikra friluftsområde for folk i Fjell. No gjeld det å nytta seg av sjansen, meiner Marianne Bjorøy.

Uvanleg mykje pengar
Ho peikar på at tre millionar kroner er eit uvanleg høgt bidrag frå staten, til å dekka kjøp av eigedom til friluftsføremål. Ei oversikt frå direktoratet over årets tildelingar stadfestar dette. Berre kommunane Tønsberg og Rana har fått tildelingar i same storleik, av ein samla sum for heile landet på vel 32 millionar kroner. Direktoratet for naturforvaltning stiller samstundes klare krav for tildelinga. Viss ikkje det er råd å få ein minneleg avtale om kjøp av den aktuelle hytteeigedommen i Geitvika, krev Direktoratet at Fjell vedtek oreigning av eigedommen. Før dette året er omme må kommunen visa vilje ved å setja i gang prosessen.

Kan mista plassen
I eit brev om tildelinga viser Direktoratet til Hordaland fylke sin uttale om Geitvika. Naturforvaltninga er samd i at sikring av friluftsområdet her vil vera svært positivt og viktig for at folk skal få høve til å driva friluftsliv i Straume-området.

– Eg sit i kultur- og ressursutvalet på fylket, der me så langt har greidd å halda Geitvika høgt på prioriteringslista. Det kan bli vanskeleg viss ikkje me nyttar denne sjansen, seier Marianne Bjorøy.

Ho viser til at kommunestyret gjennom Straumeplanen allereie har peika på Geitvika og sett den av til friluftsføremål.

– Oreigning er ikkje noko ein skal ta lett på, men me må ikkje avvisa det verkemiddelet når samfunnsnytta er så stor, meiner Bjorøy.

Denne veka var plankomiteen på synfaring i Geitvika. Leiar Jan Arthur Nilsen (H) såg ingen alternative løysingar for å få eit større og betre friluftsområde på søre Straume, då han og medpolitikarane tok vika i augesyn.

– Slik det ser ut no står det mellom å leggja reguleringsplanen ut på høyring slik han er, eller å ta ut den omstridde hytteeigedommen, seier Jan Arthur Nilsen.

Tydeleg signal
Debatten på gruppemøta måndag og i komitemøtet tysdag i neste veke vil avgjera kva fleirtalspartia går for.

– Saka som skal opp i plankomiteen er ikkje eit vedtak om oreigning, men det vil vera eit kraftig signal å leggja ut reguleringa med hytteeigedommen som del av planområdet. Det er utfordringa når me også ønskjer å ta vare på interessene til hytteeigarane, seier Nilsen.

– Kor mykje vekt vil du leggja på at BOF har fått innvilga søknaden om statleg bidrag til innløysing frå Direktoratet?

– Eg set stor pris på at BOF har sett i gang reguleringa og på tilsagnet om statlege pengar til kjøp. Straume treng område til friluftsliv og eg har tru på utvikling av Geitvika, seier Jan Arthur Nilsen.

Direktoratet for Naturforvaltning gjer det elles klart at føresetnaden for dei tre millionar kronene er at BOF tek på seg ansvaret med drift og tilsyn med friluftsområdet i Geitvika. Viss ikkje saka er avslutta innan sommaren 2014 trekkjer Direktoratet tilsagnet om pengar.

Tips en venn




17. mai-feiring i gråvær og varme

17. mai-feiring i gråvær og varme

Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

    Populær p-plass treng utviding

    Populær p-plass treng utviding

    Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

      Generalprøve for Brudansen

      Generalprøve for Brudansen

      Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

            Driftsmodell på hengjande håret

            Driftsmodell på hengjande håret

            Opplegget for korleis drifta av Sotra Arena skal vera frå hausten av gjekk gjennom i komite for finans med knappast mogeleg margin.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10