- Endeleg har me eit treningssenter i Sund
Ove Trellevik stod fremst i rekka av gratulantar då det første treningssenteret vart opna i Sund.
Endret 04.09.12 09:09
Laurdag morgon på den første haustdagen var ordførar Ove Trellevik på plass med kjede og treningsskjorte. Den aktive ordføraren har ofte gått ut med bodskapen om at folk må trimma og trena meir enn mange gjer i dag.
Laurdag hylla han dei som har tatt sats i kommunen og starta treningssenteret.
– Det er fantastisk å kunne opna det første treningssenteret i kommunen. Dette må ein formidla til alle innbyggarane i kommunen, seier Trellevik om opninga til Sprek og Blid.
Trening for alle
Ordføraren har lite problem med å snakka om opninga av eit kommersielt treningssenter.
– Nei, dette er eit for godt tilbod til å la vera å snakka om det. Her finn ein eit treningsopplegg for alle, både ung og gamal. Eg er glad me endeleg kunne opna senteret, seier ordføraren.
Personleg er han hekta på Veten, og er stadig på turar opp den populære turstien, men då han fekk sjå kva som prestenterte seg i det nye senteret til Sprek og Blid, så vart han freista til å kombinera treninga si.
– Trening gjev livslyst og auka glede i livet. Eg unner alle å kjenna på dette, seier Trellevik før han tok tak i saksa og opna treningssenteret offisielt.
Folksomt første dagen
Det var mange som var møtt opp for å vera med på opninga - nokon for å signera treningskontrakt og andre var berre nyfikne.
Eirik Lillebø er gründeren bak treningskjeda Sprek og Blid.
Han hadde vore i bygget dei siste 27 timane då Vestnytt fekk eit par ord.
– Me har stått på for å få dette ferdig. Det er godt å sjå at me vart klare til opninga, smiler ein sliten, men glad Lillebø.
Dette er treningssenter nummer 12 innanfor kjeda.
– Det har vore ei lang reise frå planlegging til i dag, seier Lillebø medan sundsokningane kikka på det nye treningssenteret i kommunen.
Heider til Nordstrand
Både ordføraren og treningsgründer Lillebø nemner politikar Harald Nordstrand som den som tok opp temaet treningssenter i Sund.
– Det var Nordstrand som tok kontakt med meg og spurte om me kunne få dette til. Han har sjølv alltid vore aktiv, og dette var noko han ville skulle skje i Sund, seier Lillebø.
No håper han at sundsokningen set pris på tilbodet dei no har fått.
– Kor mykje har dette kosta?
– Me har brukt kring 13 millionar kroner på innreiing og utstyr, seier Eirik Lillebø til Vestnytt.
Kring 70 nysgjerrige var innom treningssenteret første dagen.
Eirik Lillebø og ordførar Ove Trellevik var begge glade for at Sund endeleg har fått eit eige treningssenter. Foto: Kai Svellingen Flatekvål
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Sender ballen videre til Fylkesmannen
Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.
Siste kortnytt
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
- Tre innbrudd samme natt [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Flyttar forsyning, styrkar subsea på Ågotnes [18.04.13 08:04]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Rektor er habil i skulesaka [21.04.13 11:04]
- Statoil vurderer å flytte fra Ågotnes til Mongstad [12.04.13 14:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]


