«Eg valde å vera open om Utøya. Det har vore betre å snakka det ihjel enn å tia det ihjel»
– Eg hoppar ikkje like høgt lenger når eg høyrer skarpe lydar. I tillegg søv eg betre om natta. Eg har vore heldig som har kome så lett frå det, seier Ruben Håvik eit knapt halvt år etter terroren 22. juli på Utøya.
Endret 06.01.12 13:12
STRAUME: Det er gått over fem månader sidan Ruben Håvik (23) og ei venninne gøymte seg i skogen på Utøya. Medan Anders Behring Breivik gjekk rundt som falsk politimann, redda 23-åringen frå Sund livet med å halda seg heilt i ro.
Det har ikkje vore berre berre å vera Utøya-overlevande, men Håvik kjenner seg heldig. Han kom i frå det med både liv og god psykisk helse.
Sleit i byrjinga
Livet går vidare for Ruben Håvik. Han går på skule, og han arbeider på Rema 1000 i Skogsvåg. Minna etter terrorangrepet på AUF-leiren på Utøya ligg framleis som eit tungt bakteppe, men kvardagen byrjer gå lettare etter kvart.
– Det har gått på fram, som me seier i Sund. Eg sleit mykje med å sova etter 22. juli. I tillegg var eg svært skvetten og vár for skarpe lydar, fortel Ruben Håvik.
Men tida har lega såra, og han slit ikkje med søvnproblem lenger.
– Det gjekk stort sett greit med meg. Eg har ikkje møtt nokon vegg, og eg kjenner meg heldig. Eg har opplevd flashback der eg såg bilde og høyrer att lydar frå den dagen. Men det har meir eller mindre gitt seg, seier Ruben.
Surrealistisk
Han minnast dei to timane han låg bak eit tre med ei venninne og gøymte seg for drapsmannen. Då dei endeleg var i sikkerheit, virka det heile svært surrealistisk for Ruben.
– Det var heilt forferdeleg å sjå folk som var drept rundt oss. Ein trudde på ein måte ikkje det ein såg, seier 23-åringen.
Fengslingsmøta har han ikkje følgt med på i det heile.
– Nei, det var eg ikkje klar for. Eg har heilt bevisst ikkje sett på det, seier Håvik.
– Den komande rettsaka då?
– Den skal eg følgja med på, seier Ruben.
Venninne for livet
Ho som Ruben gøymte seg saman med i skogen er blitt ein nær venn etter den tragiske juli-dagen.
– Eg vart kjent med ho i sommar, og etter Utøya har me hatt svært god kontakt. Eg har faktisk hatt god kontakt med dei som var på Utøya frå Hordaland, seier Ruben.
Men vennskapet med venninna han sprang til skogs med er spesielt.
– Ho sa ganske greit at venner for livet får ei heilt anna betydning etter 22. juli, fortel Ruben.
I byrjinga snakka dei mykje om Utøya og det som skjedde der. Etterkvart er samtalen gått over til meir daglegdagse ting.
– Eg fekk mykje hjelp med å snakka om dette med ei som hadde opplevd det same. Det har hjelpt meg mykje, seier Ruben Håvik.
Han bestemte seg tidleg for å vera open om sine opplevingar på Utøya 22. juli.
– Eg ville vera open om dette - både overfor folk og media. Det er betre å snakka det ihjel enn å tia det i hjel, seier Ruben.
– Korleis har folk vore? Har ein spurt deg direkte om hendinga, eller er ein meir tilbakehalden med å stilla spørsmål?
– Det har vore veldig varierande. Somme går rett på medan andre har vore redde for å stilla feil spørsmål, seier 23-åringen.
Politikardraumen
Livet har gått vidare for Ruben også politisk. Den engasjerte 23-åringen vart vald som vara i Sund kommunestyre denne hausten, og sidan då har han møtt på alle kommunestyremøta.
– Eg er blitt meir politikar etter 22. juli. Eg er meir engasjert, og behovet for å arbeida for demokratiet i Noreg er stort, seier han rett ut.
For det er heiltidspolitikar som er den store draumen.
– Kva hugsar du best frå tida etter Utøya?
– Folkemassane som samla seg i heile Noreg. Eg var med i fakkeltoget i Bergen den 25. juli. 50.000 mennesker sa alt for meg. Det synte meg kva verdiar som står høgast hjå oss, seier Ruben Håvik.
Han veit no at me er ein nasjon som står saman.
– Me er eit folkeslag som ikkje lar noko som helst øydelegga for oss, seier Håvik.
– Har du merka nokon endringar i samfunnet etter 22. juli?
– Me er blitt mykje meir samla etter den dagen. Dette er noko som har ramma kvar einaste bygd og by i Noreg. Svært mange kjente eller kjenner nokon som var der, seier Ruben.
Ringte til mor
Då han låg og gøymte seg for drapsmannen den 22. juli, hadde han allereie ringt til mor si, Yvonne Håvik. Undervegs forsøkte ho å ringa sonen.
– Eg tok telefonen og kviskra at ho ikkje måtte ringa. Så slo eg av telefonen. Etterpå ringte eg ho, men eg må ærleg seia at eg ikkje hugsar kva eg sa sjølv eller kva ho sa, fortel 23-åringen.
Sund-politikaren ser framover - med ei sterk tru at Noreg kom sterkare ut som demokrati då tragedien råka oss alle. Han er i alle fall ein av dei som framleis trur på eit Noreg tufta på akkurat det.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



