Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Døscherholmen inn i ny tid

Døscherholmen inn i ny tid

Dei tradisjonsrike bygga som står til nedfalls på Døscherholmen i Sund kan bli erstatta med moderne utforma fritidsbygg.

Publisert 16.07.10 14:07
Endret 16.07.10 14:07

DØSCHERHOLMEN: – Dette blir bygg som representerer vår tid, seier ein av utbyggjarane, Bjørn Arthur Kleppe, som sjølv bur på Døscherholmen.

Tenkte tradisjonelt først
Nord på Tofterøy i Sund, med utsikt vestover mot Glesnes, ligg Døscherholmen. Ein gong var holmen ein aktiv handelsstad med fiskemottak, trankokeri, post og butikk, men det er nokre år sidan no. Dei siste åra har to familiar jobba for å få godkjent ei utbygging av fritidsbustader på holmen. Etter fleire rundar med kulturavdelinga ved Hordaland fylkeskommune, blei reguleringsplanen endeleg godkjent i fjor.

– Vi hadde i utgangspunktet planar om å byggja alt i tradisjonell stil, men kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune ønskte ikkje at det skulle byggjast tradisjonelle rorbuer her, seier Kleppe.

Gjennomtenkt utforming
Nyleg sendte arkitekt Rolv Eide AS inn skisser på dei nye bygga som skal førast opp på sørsida av holmen. Samtidig blir det søkt om såkalla rammeløyve og ansvarsrett, som må til før sjølve bygginga kan starta.

– Eg synest bygga blir steikande tøffe, smiler Kleppe.

Der nothengja står i dag, skal det førast opp tre bygg i tre etasjar – til saman ni einingar. Det gamle trankokeriet som i dag står utan tak, skal erstattast med to nye fritidsbygg. Det blir mogleg å gå mellom bygga.  På innsida av holmen er det planlagt felles uteområde med kai og båtplassar i flytebryggjer.

Kjøken og opphaldsrom er plasserte mot sør og vest i bygga.

– Dette vil gi leilegheitene gode lys- og solforhold, skriv arkitekten.

I fasadane mot aust blir det derimot minimalt med vindaugo, slik at uteplassen ved kaien blir mest mogleg usjenert.

Til politisk behandling
Saksbehandlar Sigrid Midttveit i Sund kommune fortel at søknaden nok kjem til politisk behandling i planutvalet, sjølv om administrasjonen teknisk sett har høve til å godkjenna søknaden på eiga hand.

– Det har vore mykje diskusjon om desse planane. Er det bygg som kolliderer med det vi har frå før i kommunen, må politikarane få lov til å meina noko om det, meiner Midttveit.

Bjørn Arthur Kleppe ser ikkje bort frå at det kan bli murring og diskusjon om utsjånaden på bygga.

– Murring blir det om alt her i landet. Men vi lever i 2010, og det må vera rom for litt nytenking. dette blir eit anlegg som vil vera noko eige i kommunen, meiner Kleppe.

– No er det også slik at fylkeskommunen har forlanga noko moderne. Vi følgjer den godkjente reguleringsplanen, som er utarbeidd i nært samarbeid med fylkeskommunen, seier Kleppe.

Han håpar grunnarbeida kan ta til i haust og reknar med at byggeperioden vil vara i eitt til haltvanna år.

– Prosessen har tatt lang tid. Men slik det no blir, har det vore verd å venta på. Vi er mykje meir nøgde med denne utforminga enn den vi starta med, understrekar Bjørn Arthur Kleppe.

(Fotomontasje: Arkitekt Rolv Eide AS)

Bygga sør på  Døscherholmen i Sund står i dag til nedfalls. Bygga sør på Døscherholmen i Sund står i dag til nedfalls.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477