- Det dei gjer i Øygarden er svært interessant
Barneminister Audun Lysbakken (SV) vart svært inspirert etter eit møte med Familiens hus i Øygarden. Rådmann Torgeir Sæter er stolt.
Endret 26.05.11 10:05
Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV) vitja Øygarden tysdag føremiddag. Der fekk han møta både ordførar og ei gruppe tilsette i Familiens hus.
Inspirert
– Eg vert absolutt inspirert av å møta dei tilsette i Familiens hus, for å få høyra kva dei har gjort her ute, seier Audun Lysbakken til Vestnytt.
Møtet vart amputert på grunn av oske frå Island, men ministeren nytta tida maksimalt då Øygarden kommune presenterte si samanslåing av PPT-tenesta, barnevernet, helsestasjonen, avdelinga for psykisk helse og familiesenteret, med helsestasjonen i hovedsetet.
Regionalt samarbeid
Ordførar Olav Martin Vik (TVØ) innleia det korte møtet med å fortelja om det regionale samarbeidet mellom Askøy, Fjell, Sund og Øygarden med sine nær 60.000 innbyggjarar.
– Me er i forkant av samarbeidsreformen, sa ordføraren til Audun Lysbakken.
Han la til at kommunane trengte tre element frå regjeringa i høve til regionalt samarbeid; pengar, delaktigheit og friheit.
Pionérarbeid
Så var det Anna Nesje Nes frå Familiens hus sin tur. Det dyktige familieoverhovudet har vorte ein av dei viktigaste medspelarane i Familiens hus sin suksess, takka være kommunalsjef Åse Vik.
– Om nokon skal få kreditt for at Familiens hus er blitt ein suksess, så er det kommunalsjef Åse Vik. Ho har stått i bresjen for dette prosjektet frå byrjinga. Det har gitt resultat. Både Vik og dei tilsette har arbeidd systematisk for dette, seier ein stolt rådmann Torgeir Sæter.
Stolt var Audun Lysbakken óg.
Han ba om ordet fleire gonger og spurte inngåande om fleire av ordningane som vert gjennomført i Familiens hus. Blant anna er barneministeren opptatt av å fanga opp borna før det er for seint, og sørga for at dei ikkje vert kasteballar i systemet.
– Der kjem Familiens hus inn. Ei slik ordning kan forhindra at born vert kasteballar i systemet, seier Lysbakken.
– Familiens hus finst no fleire stader i Noreg, men i all hovudsak i små kommunar. Passar ordninga i både store og små kommunar?
– Det er ikkje sikkert. Forskjellige kommunar krev forskjellige løysingar, seier Audun Lysbakken til Vestnytt.
– Godt skussmål
Torgeir Sæter tek ministerbesøket som ein dokumentasjon på at Øygarden har tatt dei rette grepa kring arbeidet med born og unge.
– At statsråden kjem for å få veta meir om Familiens hus i Øygarden, er ein klapp på skuldra til Øygarden og eit prov på at me faktisk er leiande i dette arbeidet. Det har me óg merka på rekrutteringa av fagfolk. Når me har ledige stillingar, har me god innsøkning fordi me har eit godt ord på oss, seier Torgeir Sæter.
Rådmannen tykkjer det er svært positivt at Audun Lysbakken kjem til kommunen for å hausta erfaringar han vil bruka i sitt arbeid som minister.
Rett til Fjell
Etter presentasjonen i Øygarden bar turen rett til rådhuset i Fjell der han ville snakka om prosjektet «Betre saman for barna». Ordførar i Fjell, Eli Berland (H), kunne ønska statsråden velkomen til rådhuset der han fekk informasjon om samhandlingsprosjektet mellom Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.
– Eg er spent på å få høyra meir om dette prosjektet, sa ein roleg og fri for oske-stress minister til Vestnytt før han vart køyrt sørover mot Fjell.
Stenger Stegeviksvatnet
Ny algeoppblomstring gjer at Øygarden kommune no stenger Toftøy vassverk. Frå i dag av kjem drikkevatnet på Toftøy til å koma frå Blomvåg vassverk.
Ventar med gangbruer og busstopp
Vegen frå Arefjord til Storskaret blir så dyr at han må delast i to byggjetrinn. Gangbruer for kryssing av vegen og busshaldeplassar ser ut til å måtta venta.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Siste kortnytt
- Øygarden får meir eigedomsskatt [22.05.12 10:05]
- Folkemøte om kulturplanen [22.05.12 10:05]
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Barnevernsbarn kan få erstatning [10.05.12 08:05]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



