Dei lagar Noregs beste røykelaks
Røykelaksen som Sotra fiskeindustri lagar, er kåra til Noregs beste, og no har verksemda problem med å levere nok laks til kundane.
Endret 21.08.11 11:08
I produksjonshallane i Porsvika i Sund luktar det røykt, og vakumerinspakkinga av ferdig preparert laks går på høggir. Blant eit trettitals kvinnelege arbeidarar står dagleg leiar Kjell Inge Eide (52) og smiler ekstra breitt – torsdag vann Sotra fiskeindustri førstepris for sin kaldrøyka laks. I konkurranse med 34 andre lakseprodusentar var det laksen frå heilt sør på Sotra som fekk den høgaste utmerkinga av fagdommarane på den anerkjente Aqua Nor-fiskerimessa i Trondheim.
– Vi er stolte. Og eg tenkjer sjølvsagt at dette er stort for ei verksemd som oss. Men det er ikkje eg som har vunne denne prisen åleine, det har vi alle gjort saman, seier Eide.
Må utvide kapasiteten
Nesten 20.000 tonn fersk laks blir pakka og forsvinn i containerar ut frå Sotra fiskeindustri i Porsvika kvart år. 4000 tonn blir filitert, og nesten 1400 tonn røykt før det blir sendt ut på marknaden. Men dette er langt frå nok til å dekke etterspørselen, og produksjonen skal no aukast. Når nye tørkeomnar er på plass, vil kapasiteten bli auka med nær 50 prosent, og det vert mogleg å produsere opptil 10 tonn røykelaks på kvart åttetimars skift.
Kjell Inge Eide er klar på at gull i det som blir rekna som noregsmeisterskapen i lakseforedling, vil gjere produkta frå Porsvika endå meir ettertrakta.
– Vi slit med å klare ordrane og må utvide kapasiteten. Alle aktørane i bransjen legg merke til kven som vinn desse kåringane. Utfordringa vår blir no å bruke denne sigeren riktig i marknadsføringa av fisken vår, seier Eide.
Får ikkje bygge ut
70 produsent av laksen frå Sotra fiskeindustri går til eksport, og det er spesielt Italia som er blitt den viktigaste marknaden. Røykelaks frå Porsvika er no å finne i åtte italienske supermarknader, og i år skal det også fraktast nær 300 tonn laks til Australia. Eide jobbar også med å få innpass hos fleire daglegvareverksemder i Noreg, i dag får ein kjøpt fisk frå Sotra fiskeindustri hos Rema 1000 i Sør-Noreg og hos Coop-kjeden.
Nivået på produkta som deltok i konkurransen, var svært høg, opplyser fagsjef Svein Reppe i Norsk sjømatbedrifters landsforening. I tillegg til pris for beste kaldrøyka laks vart det delt ut prisar i tre andre klassar: Varmrøyka laks, gravlaks og open klasse.
– Rekordmange verksemder deltok i år, og det har ikkje vore lett å nå til topps. Dei som har vunne sine kategoriar, kan med rette kalle seg noregsmeistrar, sier Reppe.
Om Sotra fiskeindustri får det som dei vil, blir det betrakteleg meir aktivitet i Porsvika dei komande åra. Nye produksjonsbygg er teikna, og Eide ventar berre på klarsignal frå politikarane. Fylkesmannen har sett ned foten to gongar for utviding i retning sørover for eksisterande bygg.
– Filetavdelingen utvida vi i fjor. Men vi treng meir plass, seier Eide.
Fakta Sotra fiskeindustri
Fiskeverksemd i Porsvika i Sund kommune. Produserer rundt 25.000 tonn fersk og røykt laks kvart år.
Omsetjing på 267 millioner kroner i 2010. Resultat etter skatt på 768.000 kroner.
Rundt 150 tilsette. Grunnleggjar, medeigar og dagleg leiar er Kjell Inge Eide.
Sotra fiskeindustri vart kåra til årets verksemd i Sund, Fjell og Øygarden av Vest Næringsråd, DNB Nor, Nordea og Sparebanken Vest i 2009.
Vinnarar i NM i røykt og grava laks 2011
Open klasse: Gjendemsjø fisk AS, Brattvåg, Møre og Romsdal
Varmrøykt laks: Mikals laks AS, Skiftun, Rogaland
Gravet laks: Br. Remø AS, Sula, Møre og Romsdal
Kaldrøykt laks: Sotra fiskeindustri, Sund, Hordaland
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



