Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Ber strilane spara i gode tider

Ber strilane spara i gode tider

– Mange tenkjer at dei skal planlegga økonomien sin, men altfor få gjer noko med det, meiner Alvhild Tofterå Berge.

Publisert 16.05.08 15:05
Endret 16.05.08 15:05

PRIVATØKONOMI: Fjellsokningen er regiondirektør i Sparebank1 SR-bank, som har fått laga ei undersøking der dei mellom anna spør kor godt rusta fjellsokningar og bergensarar er mot uventa utgifter i privatøkonomien.

– Dei fleste har ein solid økonomi, men saknar ein langsiktig plan for økonomien sin. Alle som ikkje allereie har teke ein prat med banken sin om sparing og forsikringar gjer lurt i å ta turen, meiner bankdirektøren.

Manglar pengar i bakhand
Det gjeld fleirtalet som er i ein god økonomisk situasjon, men ikkje minst gjeld det mindretalet som ikkje har pengar i bakhand og kanskje byrjar å slita med store lån og høgare rente.

* Nær 20 prosent eller kvar femte av fjellsokningane og bergensarane i undersøkinga har ingen pengar i bakhand til uventa utgifter.

* Litt over 25 prosent eller kvar fjerde person har ein buffer på under 10.000 kroner.

– For dei dette gjeld vil eg seia at dei spelar eit høgt spel, seier Alvhild Tofterå Berge.

Viss bilen bryt saman eller noko anna uventa kjem på har desse lite pengar å henta fram frå kistebotn.

– Det vert fort veldig dyrt viss ein må til med naudløysingar som forbrukslån. Det er høg risiko knytt til ikkje å ha ein buffer, seier regiondirektøren.

Tenkjer mykje, gjer lite
I undersøkinga merkar ho seg at kring 42 prosent svarar at det dei fryktar mest i privatøkonomien sin er uventa utgifter. Samstundes er det altså vel 44 prosent som har under 10.000 kroner i bakhand.

– Det fortel meg at mange tenkjer at dei burde skaffa seg ein buffer, men at mange av desse i praksis ikkje gjer noko med situasjonen, seier Tofterå Berge.

Ho fortel at ho allereie i 1997 gjekk ut og råda folk til å spara meir pengar, i forkant av nedgangstidene rundt årtusenskiftet. Då fekk ho mange reaksjonar frå folk som meinte dei ikkje hadde rom for å setta av pengar til sparing. Som bank-kvinne veit Alvhild Tofterå Berge at ein del personar og familiar er i ein situasjon der alt dei tener går med til å betala lån og andre naudsynte utgifter.

– Poenget er at same kva økonomisk situasjon ein er i vil det vera lurt å planlegga og legga eit løp saman med banken. Viss ein har store lån og byrjar å slite med rentene får ein ikkje kjeft om ein går til banken. Me er der for å finna løysingar, påpeikar Tofterå Berge.

Fleirtalet greier seg godt
Ho fryktar ikkje ein reprise på krisa kring 1990, sjølv om mange unge har lånt til langt over pipa for å skaffa seg bustad og fått ei rekkje renteauker det siste året. Tal i banken si undersøking viser at 10 prosent meiner dei ikkje tåler ytterlegare renteauke. I følgje Bergens Tidende aukar både talet på tvangssal i Bergen og talet på betalingsmerknader til privatpersonar i Hordaland. Men regiondirektøren trur ikkje at folk flest no står framfor noko krise. Tofterå Berge jobba i bank også tidleg på nittitalet og hugsar korleis folk sleit med å halda på huset når dei mista jobben.

– I dag har me ein heilt anna situasjon i arbeidsmarknaden. Så lenge folk har jobb går det stort sett bra, seier Alvhild Tofterå Berge.

Ta høgde for endringar
Men mange med høge inntekter køyrer eit travelt løp der dei også brukar mykje av pengane dei tener.

– Folk burde legga seg opp pengar i gode tider. Kva om dei vert sjuke eller uføre? Eg vil ikkje skremma folk, men livet er faktisk slik at det brått kan endra seg dramatisk, påpeikar Tofterå Berge.

Om ein er heldig og får vera frisk opplever stadig fleire at livsløpet endrar seg på måtar som får økonomiske følgjer. Til dømes endar kring halvparten av alle ekteskap i skilsmisse.

– Det er ikkje dumt å setta seg ned og planlegga for ulike livsløp. Våre tal viser at 73 prosent av oss ikkje har noko plan for økonomien sin. Det bør dei gjera noko med, viss folk som har rom for å spara ikkje har gjort det før må dei for all del byrja no, meiner regiondirektøren.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477