Trafikkuhell ved Sartor

Tre personar er ifølgje politiet involvert i ei trafikkulukke på riksveg 555 ved Sartor storsenter. Politiet fekk melding klokka 16.07 tysdag. Ein bil skal ha kjørt inn i ein annan bakfrå. Det utvikla seg raskt kø.

[21.05.13 16:05]

Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvem du er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Navn
Telefon (nn nn nn nn)
E-post
Ditt tips
Ber om utkasting av Herland og Indrevik

Ber om utkasting av Herland og Indrevik

Styret i Fjell Frp meiner Georg Indrevik og Øyvind Herland har gjort seg fortent til å bli ekskludert frå partiet. No sender dei saka til fylkesstyret i Frp.

Publisert 17.06.12 15:06
Endret 17.06.12 15:06

Øyvind Herland har ikkje lagt fram den mykje omtalte byggjesaksmappa han har samla sidan slutten av 90-talet, trass i gjentekne oppmodingar frå blant andre styret i Fjell Frp.

– Vi ønskjer ikkje å ta så drastiske skritt mot våre eigne, men ein stad går grensa, seier leiar i Fjell Frp, Trude Farstad (bildet).

Driv ikkje med vingling

På eit styremøte for tre veker sidan blei det vedteke at Herland og Indrevik skulle få ein frist på 14 dagar til å leggja mappa fram for Frp-styret. Viss ikkje ville det bli sett i gang eksklusjonsprosess.

– Øyvind Herland har vi ikkje høyrt frå. Indrevik viser til at det er Herland som har mappa, og han meiner dessutan at dei to ikkje har gjort noko gale, seier Farstad.

Ho meiner partiet har strekt seg langt.

– Når vi har sagt at vi skal gå vidare med saka, så gjer vi det. Vi driv ikkje med vingling, seier Farstad.

Dermed blir det opp til styret i Hordaland Frp å ta stilling til om saka frå Fjell Frp skal avvisast, eller om ho skal sendast vidare til sentralstyret for avgjerd.

– Fylkesstyret har ikkje møte før i slutten av august, så det kan gå vinter og vår før saka blir avgjort, seier Farstad.

Uavhengig av ansiennitet

Som leiar for seniorgruppa til Fjell Frp, har Georg Indrevik møterett, men ikkje stemmerett, i styret. Ifølgje Farstad var han til stades onsdag då saka blei behandla.

– Korleis var stemninga i den situasjonen?

– Det er aldri morosamt å ha ei slik sak, og eg er den første til å beklaga at vi må gå til slike skritt. Men som medlem, uavhengig av ansiennitet, har ein å retta seg etter reglane og det partiet ber om, meiner Farstad.

– Korleis trur du fylkesstyret vil vurdera saka?

– Det er aldri godt å seia på førehand, seier Trude Farstad.

Privat som sure sokkar

– Kjempegreier. Dei må berre senda saka vidare, seier Øyvind Herland. Han såg ingen vits i å svara på den siste oppmodinga frå styret.

– Dei kan få saksnummera. Dette er ei privat mappe. Hadde Frp-styret bede om innsyn i mi gjeldsliste eller min økonomi, hadde eg også sagt nei, seier Herland.

Han ser ikkje at partiet har noko rettsleg grunnlag for å forlanga å få sjå mappa.

– Dei kan ikkje ekskludera meg for sure sokkar heller. Dette tar eg med knusande ro, seier Herland.

– Men kva synest du om at dei vil kasta deg ut?

– Eg ikkje vera medlem i eit parti. Ein kan ikkje stilla seg på linje viss linja er broten, seier Øyvind Herland.

Vestnytt fekk i går ikkje kontakt med Georg Indrevik.

 

fakta:

* Øyvind Herland (Frp) har i mange år jobba med å samla saker og dokumentasjon som han meiner beviser systematisk forskjellsbehandling i byggjesaker i Fjell. Då han sjølv fekk pålegg om å retta opp i eit ulovleg tiltak på Ekren, meinte han dette var «takk for sist» frå administrasjonen si side på grunn av arbeidet med mappa.

* Georg Indrevik sa i fjor haust til Vestnytt at Ap-politikarar generelt ser ut til å få oftare godkjenning enn andre i byggjesaker. Han opplyste at han hadde hjelpt Herland med å samla dokument til mappa. – Etter at vi kom i posisjon, har vi fått tilgang til arkivet, sa Indrevik i fjor haust.

* Både kontrollutvalet i Fjell kommune og styret i Frp har bede om å få sjå mappa, utan å lukkast.

* Styret i Fjell Frp har bede administrasjonen og dei tilsette i kommunen om orsaking for påstandane som Herland og Indrevik fremja.

 

Tips en venn




Privatskule med god plass

Privatskule med god plass

Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.

    17. mai-feiring i gråvær og varme

    17. mai-feiring i gråvær og varme

    Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

      Populær p-plass treng utviding

      Populær p-plass treng utviding

      Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

        Generalprøve for Brudansen

        Generalprøve for Brudansen

        Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

          Sender ballen videre til Fylkesmannen

          Sender ballen videre til Fylkesmannen

          Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

            - Innbruddet ødelegger resten av ferien

            - Innbruddet ødelegger resten av ferien

            Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10