25 prosent auke i omsetjinga
– Vi satsar på aktiv turisme og merkar klart oppgangen etter nysatsinga på marknadsføring av Øygarden kommune som reisemål, seier dagleg leiar ved Nautnes Fiskvær, Ove Forstrønen.
Endret 10.08.09 08:08
B-sak:
Nautnes Fiskevær har hatt god auke i sommarmånadane juni og juli i forhold til fjoråret.
– Eg trur magasinet er ein heilt klar årsak til auken i omsetjinga, fortel Nautnes. – I juni gjekk omsetjinga opp med 20 prosent og, i juli var det om lag 25 prosent auke, fortel Ove Forstrønen.
Nautnes Fiskevær leiger ut tjue leiligheiter til turistar. Forstrønen ser svært positivt på auken i omsetjinga:
– Slik kan vi satse vidare, blant anna ved å pusse opp gamalt utstyr og investere i meir utstyr, til dømes båtar. Slik situasjonen er no ser Nautnes veldig lyst på framtida.
– Området ligg i eit miljø med gode fiskeplassar og naturleg badeanlegg. Sidan det heller ikkje er langt til Bergen, og vi driv utleie av båt og overnatting, er vårt tilbod attraktivt for turistar, meiner Forstrønen.
I år har drifta vorte utvida med utleige av kajakk. Og tilbodet har vorte populært blant turistane.
– Det er hovudsakleg bilturistar som reiser hit, men vi fraktar også turistar med charterbåt frå Bergen sentrum. Han er positiv til utviklinga vidare.
– Vi er svært nøgde med kommunen si satsing, seier Forstrønen.
Ikkje nøgde med besøket
Hos Blomvåg Fjordhotell er ikkje optimismen like stor:
– I fjor renoverte og pussa vi opp hotellet, og då var det vanskeleg å oppretthalde eit godt tilbod til turistar. Heller ikkje i år har vi hatt den pågangen vi ynskjer, seier Steinar Knapskog som er dagleg leiar ved Blomvåg Fjordhotell.
Han meiner turistnæringa har fått ein nedtur. Blomvåg Fjordhotell tilbyr primært eit overnattingstilbod for turistar der fisketurisme står i fokus. Hotellet vil også satse på å selje bedriftspakkar til næringslivet i lokalmiljøet.
– Det er enno langt igjen til vi når måla våre for besøkstal. Men vi er viljuge til å satse på all turisme det er marknad for, seier Knapskog.
Bernt Hjørnevik som er kulturleiar i Øygarden kommune. meiner at auken i turisme i Øygarden dei siste sesongane, må magasinet som er utstilt i informasjonsmonteren ved turistinformasjonen i Bergen ta delar av æra for:
– Sidan denne marknadsføringsportalen er det største satsingsområdet vi har i samband med magasinet, er denne plasseringa ein viktig del av årsaka til auken i talet på turistar,
Hjørnevik fortel at hovudformålet med magasinet i år har vore å synleggjere fritidsaktivitetane og overnattingstilbodet i Øygarden.
– Fram til i dag har turistbiletet i Øygarden vore prega av tysk fisketurisme. No har vi lagt opp til meir familievenlege aktivitetar, blant anna tilbyr ein av aktørane fiske frå havkajakk, fortel Hjørnevik.
Han meiner at aktivitetstilbodet i kommunen har vorte populært, noko som viser at Øygarden har marknadsført seg på ein god og riktig måte. Det syner igjen i godt turistbesøk dei siste to åra.
I framtida er det fleire utfordringar som møter turistnæringa i Øygarden. Difor meiner Hjørnevik at samarbeid aktørane i mellom er spesielt viktig.
– Øygarden er ikkje større enn at det er viktig å snakke same språk. Vi må møtast i dialog slik vi gjorde i år då vi sette saman magasinet. Stort sett står kommunen for finansieringa av magasinet, men med pris for reportasjeplass og annonseinntekter frå større aktørar. Hjørnevik meiner likevel at meir synlege resultat som større aktivitetstilbod vil ta tid.
– Det tek tid å etablere seg med ein sentral posisjon i turistnæringa.
Øygarden er aktivitetsreisemål
I fjor inngjekk Øygarden ein treårig avtale med turistinformasjonen i Bergen. Ved å leige ein monter i deira lokale stiller kommunen og samarbeidspartnarane ut Inspirasjonsmagasinet og annan informasjon om Øygarden og regionen. Å leige denne plassen er ei investering Hjørnevik tykkjer har vore gunstig for turistnæringa og utviklinga av tilbodet i regionen.
– Det er mellom 500.000 og 600.000 turistar som er innom turistinformasjonen i Bergen kvart år. Slik er turistkontoret ein inngangsportal for store delar av reiselivet til resten av regionen, informerer han.
På turistinformasjonen i Bergen blir Vestnytt fortalt at spørsmåla om Øygarden i størst grad kjem frå turistar som ynskjer aktivitetsferie, og aller helst fiskeferie.
– Mange vil ha høve til å nytte båt for å fiske eller spør etter fine turløyper, fortel Gina Nævdal som jobbar i skranken ved Bergen Turistinformasjon.
Ho seier at Øygarden er ganske unike som driv båtutleige.
– Det er ikkje mange som kan tilby utleige av båt, og difor er dette attraktivt. Kombinert med billig overnatting som er relativt nær bykjernen, er dette eit alternativ som er midt i blinken for mange turistar, seier Nævdal.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



