Vinter til glede og bekymring
I år opplever vi ein vinter som blir historisk. I staden for den vanlege vestlandsvinteren der snøen kjem på korte besøk, har vi hatt samanhengande snødekke i snart tre månader. Det har ført til mange utfordringar, men også til stor glede.
Endret 02.03.10 10:03
Det er ikkje vanskeleg å finne ting å ergre seg over når snøen ikkje berre blir liggande, men veks med jamne mellomrom. Det blir harde dagar med snømåking, fortau som tvingar folk ut i kjørebanene, problem for postfolka og problem for bossfolka, overforbruk på brøytebudsjett og straumbudsjett. Dette er berre nokre av utfordringane som har krydra kvardagen denne vinteren.
Men det kvite rundt oss har også positive verknader. Alle som ønskjer det, har fått tid til å hente fram skia og ta seg ein tur rundt stovedøra. Ungane har fått leike seg i snøen så mykje dei orkar. Der vanlege januarmørket som brukar å føre til tunge tankar hos mange, har måtta vike for lyset frå snøen. Noko som har gitt påviseleg mindre pågang hos behandlarar.
Mange har i tillegg kasta frå seg bekymringane for klimakrise. Dei peikar på gradestokken og ler av spådommane om varmare klode. Dessverre er det ingen grunn til det. Den harde vinteren vi opplever her nord, kan forklarast med naturlege svingningar. Det kan til og med hende at vi får fleire slike vintrar på rad. Men snitt-temperaturen for heile verda er dessverre på stødig og skremande veg oppover.
Vinteren kjem alltid overraskande. Når den kjem fleire gonger i løpet av vintermånadene, kjem den like overraskande kvar gong. Det fører til snøkaos og bilkrasj på vegane. Fordelen med ein vinter som blir verande, er at vi alle har blitt flinkare til å kjøre på vinterføre.
No er det vinterferie for skulane. I år er det ikkje berre dei utvalde med hytte på fjellet som får sjansen til å boltre seg på kvite vidder. Vi har viddene her, like ved stovedøra. Om fjella ikkje er så høge, kan dei likevel by på utfordringar.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





