Vellukka satsing
Øygarden har lenge slite med høgt sjukefråver. Men etter berre to år med bevisst satsing for å få bukt med fråveret, kan kommunen vise til fantastiske resultat. Frå 12,4 prosent i februar fjor til rekordlåge 6,5 prosent same månad i år.
Endret 15.06.10 08:06
Øygarden er ikkje einaste kommunen i landet som har problem med sjukdom. Statistikken viser at verksemder i det offentlege slit meir på dette feltet enn private verksemder. Årsakene er mange og samansette, men det viser seg at dei kommunane som tar tak i problemet, gjerne får raske resultat.
I Øygarden har dei gått grundig til verks. Dei har satsa på kvalitetskommuneprogrammet, eit program som staten, Kommunenes Sentralforbund og arbeidstakerorganisasjonene står bak. Visjonen er mellom anna at kommunane skal vere ein god arbeidsplass for alle tilsette, i tillegg til å gi tenester av høg kvalitet. Gjennom regelsmessige møte og samtalar med alle partane, har ein greidd å betre samarbeidsklima og arbeidsmiljø. Det var tydelegvis det som skulle til.
Johannes Mikkelsen, som har vore ansvarleg for gjennomføringa av programmet, er realistisk og peikar på at sjukefråver kan svinga mykje. I ein liten kommune som Øygarden kan sjukdom hos nokre få arbeidstakarar vise godt igjen på statistikken. Han peikar også på at arbeid for ein god bedriftskultur ikkje er eit arbeid som nokon gong blir ferdig. Det må jobbast med kontinuerleg. Men uansett kor mykje ein jobbar for å få ned sjukefråveret, vil enkelte yrke ha høgare fråver enn andre. Og kommunane, med tunge pleie- og omsorgsoppgåver, har mange tilsette i desse yrkene.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



