Vel utført oppdrag
Pakkegjengen ved gamleskulen på Kårtveit har lagt ned arbeidet. I 20 år har dei stått på for å skaffe kle og pengar til trengande i Pascani i Romina. Det er ein innsats det står respekt av.
Endret 26.01.10 09:01
Etter å ha vore primus motor i pakkegjengen gjennom mange år, vart Anna Martinussen med på ein tur til Romania i 2003. Ein del av opplegget var omvisning på sjukehuset. Då Martinussen og dei andre frå pakkegjengen såg vaskeriet, vart dei så sjokkerte at dei straks tok affære. Sjukehuset i seg sjølv var ille nok, men vaskeriet greidde dei ikkje gløyme. Då dei kom heim, sette dei seg som mål å skaffe 250.000 kroner til nytt vaskeri. Dåverande ordførar Jan Utkilen kvitterte med å seie at for kvar krone pakkegjengen greidde å samle inn, skulle Fjell kommune gi ei krone. Innsatsen frå Fjell utløyste også andre midlar. Og då Tøy frå Øy-representantane kom til Pascani denne gongen, var sjukehuset som nytt. Dei kunne med sjølvsyn konstatere at innsatsen dei hadde lagt ned, hadde gitt resultat langt utover det dei hadde drøymt om.
I tillegg til innsatsen for sjukehuset, har pakkegjengen på Kårtveit sørga for gode, reine klede og julegåver til trengande i Romania. Primus motor i arbeidet har vore Anna Martinussen, og ho er blitt rettmessig heidra for dette arbeidet. Mellom anna har ho fått Kongens fortenestemedalje. Men ho hadde ikkje greidd arbeidet åleine. Saman med henne har 12 andre ivrige personar stått på, iherdig og jamnt og trutt gjennom 20 år. Det er ein mildt sagt ein imponerande innsats.
Lars Vaular til Glesnes
Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.
Avgjorde på overtid
Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.
Fjell får sin første kvinnelige prest
Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.
Askøy enda med motsegn
I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.
Siste kortnytt
- Sotra med storseier [19.05.12 18:05]
- Promillekjørte på nasjonaldagen [17.05.12 20:05]
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Frontkollisjon på Dala [18.05.12 20:05]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Vått men kjekt [17.05.12 20:05]
- Skålar om nokon tar hytta [16.05.12 14:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger [15.05.12 08:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



