Vassproblem i Øygarden
Endeleg kan folk på Toftøy igjen bruke vatn frå Stegavatnet. Etter algeoppblomstring i sommar har vatnet vore ubrukeleg som drikkevatn heilt fram til no.
I 2009 vart eit toppmoderne, nytt vassverk opna nord i Øygarden. Alvheim vassverk har kapasitet til å forsyne heile kommunen med vatn. Vassverket som førebels berre forsyner Alvheim krins, har ein kapasitet som gjer det til Vestlandets største.
Då Alvheim vassverk vart offisielt opna 9. desember i 2009, fortalte dåverande ordførar Olav Martin Vik at kommunen hadde fått streng beskjed frå Mattilsynet om å byggje nytt vassverk. «Eller så byggjer me det for dykk», refererte ordføraren. Det gjekk likevel seks år før nytt vassverk var på plass.
Ein kan spørje seg kvifor drikkevatn til folket ikkje har vore ei høgare prioritert sak i Øygarden. Årsaka kan ikkje vere at behovet ikkje har vore der. Kommunen kan heller ikkje skulde på dårleg økonomi.
På 90-talet var også mange sundsokningar plaga med dårleg drikkevatn. Særleg var det ille i Klokkarvik, der det nesten var meir regel enn unntak at drikkevatnet måtte kokast. Gong etter gong kunne lesarar vise Vestnytt brunt og ekkelt vatn. Men det vart teke tak i problemet. Politikarane innsåg at skulle vasskvaliteten bli betre, måtte det eit krafttak til. Og innbyggjarane måtte betale gildet sjølv i form av auka avgifter. Sund Vatn og Avlaup vart danna, og sidan har det ordna seg med vatn for sundsokningane. I tillegg har dei fått til eit utstrekt samarbeid med vegvesenet. Det har sørga for at når det først vart grave for å leggje ned vassleidningar, vart det også ordna med gang og sykkelvegar og eit utbetra vegnett.
I Øygarden har det vore prioritert annleis. Her har det vore bygd mange flotte offentlege bygningar. Samstundes har politikarane prioritert låge prisar på offentlege tenester. Reint drikkevatn har det ikkje vore snakka så mykje om. Dessverre er det slik at vatn og avlaup ikkje er blant dei sakene som partia set øvst på valprogramma sine, og problemstillinga er lite synleg i lokale valkampar.
Sylvia Haugland (TVØ) uttrykte på opningsfesten stor glede over at det nye vassverket ville gi reint vatn i springen til innbyggjarane i Alvheim krins. – Eg gler meg til resten av innbyggjarane i Øygarden får det, sa ho til Vestnytt.
Dessverre ser det ut til at det kan ta tid å få realisert den framtidsvisjonen.
Endret 29.12.11 10:12
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



