Varsemd med overvaking
Fjell kommune vil setja opp overvakingskamera fleire stader. Blant stadane der folk truleg vert festa på film i framtida, er bussterminalen på Straume og offentlege bygg som til dømes skular.
Endret 11.03.10 02:03
Målet er at folk skal kunna ferdast trygt, få vekk kriminell aktivitet som til dømes narkotika og hindra hærverk. Det finst definitivt gode argument for å innføra kameraovervaking. Men ein bør vera forsiktig med kor stor del av dei offentlege rom ein overvakar.
I eit demokratisk samfunn med eit fungerande rettsvesen er det langt færre argument mot overvaking enn i ein diktatorisk stat med undertrykking av opposisjonelle. Likevel bør ein halda litt att på kamerabruken også i Noreg. I heile etterkrigstida fram til utpå åttitalet vart det drive ulovleg overvaking i stor skala av grupperingar og personar som politisk låg til venstre for Arbeidarpartiet. Denne overvakinga fekk konkrete negative konsekvensar for ein del av dei overvaka, som mellom anna fekk problem på jobbmarknaden. Overvakarane sjølv kom ustraffa frå det.
No er det stor skilnad på den målretta politiske overvakinga som Lund-kommisjonen avdekka og det å setja opp nokre kamera på sentrale punkt i Fjell kommune. Men overvakarane og andre må vera medvitne på at opplysningar innhenta frå desse kameraene kan misbrukast. Og det er sjeldan kjekt å føla seg overvaka, sjølv for folk med heilt reint mjøl i posen. Spørsmålet er og kva ein oppnår. Som historia har vist, forsvinn ikkje narkotikaproblema i Bergen om ein jagar misbrukarar og langarar vekk frå Nygårdsparken. Også i Fjell risikerer ein at dei lysskye aktivitetane berre forflyttar seg til stader som ikkje er overvaka. Helst bør ein bruka kreftene på meir langsiktige kriminalitetsførebyggjande tiltak enn overvaking. Men for folk som føler seg utrygge når dei ventar på bussen ein sein laurdagskveld, vil det å ha eit kamera der vera ein definitiv fordel.
Leiter etter veteranbussar frå vår region
Rutebilhistorisk foreining Hordaland manglar bussar frå Fjell, Sund og Øygarden. No er dei på jakt etter vekkgøymde klenodium.
– Samanslåing på sikt
Region vest får no pengar frå staten til samarbeid, mellom anna innan barnevernet. – Ei viktig støtte til regionen, seier Olav Martin Vik.
Iguanen får nytt hjem
Iguanen som sist uke ble beslaglagt hos Johnny Midttveit på Klokkarvik, kan folk snart se i en dyrepark på Karmøy.
Prøvde å selga kai utan å eiga den
Terje Nordøy har havna i havnetrøbbel mot si eiga vilje. Øygarden kommune har lista kaia han er medeigar i, som offentleg. – Det morosame er at Øygarden og Sotra Rutelag forsøkte å selga kaien i 1986, ler Terje Nordøy.
Siste kortnytt
- Stjal stereoanlegg fra bil [30.07.10 10:07]
- Leter etter båteier [28.07.10 03:07]
- Ulovlig bruk av vannscootere [28.07.10 09:07]
- Nytt innbrudd i bolig [26.07.10 02:07]
- Nest-siger over Os [24.07.10 08:07]
- Brann var bål [26.07.10 08:07]
- Brøt seg inn i hus på Straume [23.07.10 10:07]
- Politihundene fant biltyv [22.07.10 10:07]
- Påkjørt i fotgjengerovergang [22.07.10 10:07]
- To vogntog i klem [19.07.10 11:07]
- Mann fra Øygarden omkom [19.07.10 11:07]
- Måtte avslutte langvarig fest [19.07.10 11:07]
- Fant kattunge i Kolltveittunnelen [13.07.10 01:07]
- Mistanke om promille etter ulykke [13.07.10 10:07]
- Tyv tok bensintank [09.07.10 02:07]
- Sjekkar promille etter kantring [09.07.10 02:07]
- Mistenkt for promillekøyring [09.07.10 01:07]
- Tatt dagen derpå [07.07.10 09:07]
- Innbrudd i hytte [02.07.10 02:07]
- Kjørte helt på jordet [02.07.10 02:07]
Mest lest
- Sei di meining om framtidas Straume [29.06.10 10:06]
- Vått på Hellesøy [17.07.10 02:07]
- Tok «sjufjellstur» på asfalt [13.07.10 08:07]
- Billettsystemet er på plass [02.07.10 01:07]
- På oppdrag frå kommunen [02.07.10 01:07]
- Fratatt førerkort etter kjedekollisjon [13.07.10 03:07]
- Stort steinalderfunn på Bjorøy [22.07.10 03:07]
- Dykkelykke på Tofterøy [07.07.10 09:07]
- Døscherholmen inn i ny tid [16.07.10 02:07]
- Fikk kulturpris for Nordsjøløypen [29.06.10 10:06]
- Dødsulukke på Sotra [26.06.10 07:06]
- Klargjør Hellesøy til folkefest [15.07.10 10:07]
- Sommeravslutning med seier [26.06.10 11:06]
- Prøvde å selga kai utan å eiga den [23.07.10 05:07]
- Nattlige golftyver tatt på fersken [16.07.10 02:07]
- Varmer opp for Jethro Tull [09.07.10 01:07]
- Konsesjon til Kollsnes-vindmølle [09.07.10 02:07]
- Bløffa om sakna kamerat [21.06.10 09:06]
- Vurderer lågare SFO-pris [17.06.10 10:06]
- Syng om livet på øyane [25.06.10 02:06]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 07:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 04:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 02:09]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 03:08]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]
- Sund gjekk på kjempesmell i retten [13.11.07 12:11]
- Kan verta slutt på klasseturar [26.03.09 08:03]





