Vestnytt / Leiar / Utvikling på Ågotnes

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Utvikling på Ågotnes

Etter åtte år med fram og tilbake står endeleg det nye helsesenteret på Ågotnes ferdig.

Publisert 06.12.11 09:12
Endret 06.12.11 09:12

Årsaka til den lange prosessen er ikkje at politikarane har vore i tvil om behovet for eit helsesenter i den nest største og  raskt veksande bygda i Fjell. Problemet har vore planar om ein ny vegtrase gjennom bygdesenteret. Så lenge det ikkje var gjort endeleg vedtak på kvar den nye vegen skulle gå, har dei folkevalde vore forsiktige med å tillate omfattande nybygging.

I teorien er dette heilt riktig prioritering. Mange bygde- og kommunesenter kunne sett heilt annleis ut om planane kom først og bygginga etterpå. Men det er ikkje alltid ting utviklar seg i ønskeleg kronologisk rekkefølgje. Vegbygging er ingen enkel faktor å ha oversikt over. Det er noko vi her i regionen etterkvart veit alt om. Dersom all utvikling skulle bli stoppa i påvente av vegplanar, hadde det ikkje skjedd mykje verken her eller andre stader i dette landet.

Gjeldande kommundelplan for Ågotnes vart utarbeidd før årtusenskiftet og den skulle gjelde frå 2000 til 2010. I botnen for planen var det utarbeidd ein stadanalyse med tilhøyrande vakre teikningar og visjonar. Så langt vi kan sjå, er det ikkje så mykje å spore av desse teikningane i dagens Ågotnes. Men noko er blitt nokonlunde som planlagt, nemleg utvikling av eit senter på eitt senterområde.

Blant dei mest etterlengta tilboda her, var eit helsehus.    No, i 2011, etter ein lang prosess står endeleg helsehuset ferdig. Her er også etablert butikkar og bustader i same området. Andre tilbod er på veg. Det er ingen tvil om at det er stor fart i utviklinga på Ågotnes. Det at utviklinga skjer utan ein overordna plan er sjølvsagt ikkje ideelt. Resultatet av å bygga først og planlegga etterpå ser ein på Straume. Utviklinga i dei to bygdene har vore svært ulik dei seinare åra. På Straume har ein endeleg planlagt ein heilskap, på Ågotnes har ein bygd ut. Det er å håpa at ein ikkje må til med den same planmessige ryddejobben på Ågotnes.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477