Vestnytt / Leiar / Utvatna strilekommune

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Utvatna strilekommune

Seks av ti fjellsokningar er innflyttarar, viser ei ny undersøking. No er det berre såvidt Fjell kan skryta av å vera ein strilekommune.

Publisert 08.11.11 10:11
Endret 08.11.11 10:11

Undersøkinga viser at innflyttarane stort sett er nøgde med å bu i Fjell. Så og seia alle skryt av nabolaget og fortel om gode og velfungerande nærmiljø. Dei opplever at dei har god kontakt med offentlege serviceinstitusjonar og får gode tenester frå det offentlege.  Blant tinga dei saknar er bytilbod som uteliv, leiligheiter og eit godt kollektivtilbod.

Men Fjell er også ein fråflyttingskommune. Det flyttar nesten like mange ut som det flyttar inn kvart år. Først og fremst flyttar folk for å skaffa seg utdanning. Dette er naturleg og  nødvendig. Det er også livets gang at ikkje alle vender tilbake og befolkar heimkommunen med innbyggjarar med røter langt tilbake i tid.

Mange oppgir mangel på høveleg bustad som grunn til å flytta. Fjell er framleis ein kommune der storparten, heile 80 prosent, bur i einebustad. Dette er i ferd med å endra seg, og framtidige generasjonar kjem til å ha eit meir variert butilbod å velja i.

Den største utfordringa for kommunen er trafikken. Mange ser med stor bekymring på korleis utviklinga kjem til å bli fram til nytt sotrasamband er på plass. Derfor er det truleg at fråflyttinga ikkje kjem til å minka, og dei lange køane kan også vera med å bremsa tilflyttinga til Fjell.

Om det er eit problem eller ikkje, vil det nok rå usemje om. Mange vil hevda at det er bra om presset på kommunen minkar slik at ein får sjansen til å få på plass nødvendig infrastuktur, gode offentlege tenester og byggja velfungerande nærmiljø. Andre vil frykta at stagnasjon i folketalet vil gi negative ringverknader. At viss veksten stoppar her, vil andre kommunar stå klar til å ta over, og Fjell vil koma i bakleksa.

Men vi trur at det er lite grunn til bekymring. Alle prognosar tilseier at presset på bergensregionen kjem til å auka med åra. For folk som vil ha både i pose og sekk, som vil ha både byens mange tilbod og meir landlege bustadkvalitetar, kjem Fjell alltid til å vere ettertrakta. 

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477