Vestnytt / Leiar / Usikkert samarbeid

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Usikkert samarbeid

Etter at Lars Lie brått gjekk bort, valte Fjell kommunestyre torsdag Eli Berland (Høgre) til ny ordførar. Dei tragiske omstenda gjorde at det ikkje vart fremja motkandidatar, og ingen røysta mot Berland. Ho får no ei vanskeleg oppgåve med å hoppa rett inn i ordførarstolen i ei utfordrande tid for kommunen.

Publisert 29.06.10 10:06
Endret 29.06.10 10:06

Då fleirtalskoalisjonen Frp/Høgre/KrF kom til makta etter førre val, prioriterte Høgre å få ordføraren. Dette var det einaste vervet Høgre fekk. Frp fekk leiarvervet i to komitear i tillegg til varaordføraren, og KrF fekk leiarvervet i den siste komiteen. Då ordførar Lars Lie gjekk bort, stod koalisjonen att med to alternativ: Enten å henta ein annan ordførar frå Høgre, eller å reforhandla heile avtalen. Høgre valte å stå fast på at dei skulle ha ordføraren, og dermed fekk Fjell sin første kvinnelege ordførar i Eli Berland.

Berland har vore gruppeleiar for Høgre, og har lang politisk erfaring. Men det er ikkje ei enkel oppgåve å bli kasta inn i ordførarvervet så brått. Viktige saker som Sotrasambandet, ny storhamn for bergensområdet, vidareutvikling av Straume idrettspark og framtida for Straume sentrum er ting Berland må ta tak i midt i prosessane. I kommunestyremøtet der Berland vart ordførar, ba ho om støtte frå eit samla kommunestyre for å makta oppgåva. Men det er lite som tyder på at Fjell kommunestyre blir prega av harmoni og semje i perioden fram til kommunevalet hausten 2011.

Det har vore tidvis harde frontar mellom posisjon og opposisjon i Fjell-politikken. Og så langt har Eli Berland på ingen måte framstått som ein kompromissvillig politikar som samarbeider på tvers av partigrensene. Ho har snarare vore blant dei i fleirtalskoalisjonen som har stått hardast på frontane. Berland kan såleis ikkje automatisk venta seg støtte frå eit samla kommunestyre. Og delar av opposisjonen er skeptisk til om Berland vil klara å vera den samlande politikaren det ofte er forventa at ein ordførar skal vera. Men det er samstundes heilt på det reine at opposisjonspolitikarane hadde steila langt meir dersom varaordførar Georg Indrevik (Frp) hadde tatt steget opp og blitt ordførar. Av omsyn til dei 22.000 innbyggjarane Fjell kommunestyre skal jobba for, må ein håpa at politikarane klarar å finna felles grunn også utan den samlande figuren dei hadde i Lars Lie.

Tips en venn




Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular til Glesnes

Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

    Avgjorde på overtid

    Avgjorde på overtid

    Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Fjell får sin første kvinnelige prest

      Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

        Askøy enda med motsegn

        Askøy enda med motsegn

        I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

          Frontkollisjon på Dala

          Frontkollisjon på Dala

          To bilar frontkolliderte torsdag kveld på hovudvegen forbi Dala sør i Fjell kommune. Føraren av den eine bilen er mistenkt for promillekøyring.

            Vått men kjekt

            Vått men kjekt

            Nasjonaldagen var prega av regn, men unge og gamle lot ikkje det stoppa feiringa.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477