Vestnytt / Leiar / Ungdom med makt

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Ungdom med makt

Ein av effektane etter dei grusomme hendingane på Utøya er at ungdommen er blitt meir politisk engasjert. Det har vist att i kommunevalet i haust.

Publisert 06.10.11 09:10
Endret 06.10.11 09:10

Mange kommunar har fått uvanleg mange ungdommar inn i kommunestyra. Medan det tidlegare år gjerne har vore vanleg at ungdommar datt nedover på lista etter valet, har det denne gongen vore motsett. Det er ikkje utenkeleg at årsaka er at fleire ungdommar brukte røystesetelen i kommunevalet denne gongen. Tradisjonelt har dei yngste veljarane ikkje vore så engasjerte i det som skjer på kommuneplan. Barnehagar og skular, vegar og kloakk er ikkje det som er mest aktuelt i dei unge sin kvardag. 

I Fjell får to unge politikarar, ein frå Høgre og ein  frå Ap, tunge oppgåver å bryne seg på. 22-åringen Jan Arthur Nilssen (H) skal ta sete som komiteleiar for plan. 21-åringen Joakim Snekkevik Hevrøy (Ap) vart stemt inn til fast plass i formannskapet. Dette kan gi spennande erfaringar, både for ungdommane og for det politiske miljøet. Det er eit faktum at lange kommunestyremøte kan fortone seg som ei ørkenvandring. Det kan vere langt mellom både godbitar og saftige saker. Men arbeidet som vert langt ned, er av stor betydning for kvardagen til innbyggjarane i kommunen.

Mange av medlemmene i kommunestyre og komitear er garva lokalpolitikarar som kjenner systemet ut og inn. Det kan vere vanskeleg for nye å skjøne det som foregår og få fram sine tankar og meiningar. Ein kan håpe at eit kommunestyre med mange unge kan vere med å røske opp i gamle og uheldige herskarkulturar. Samstundes er det slik at innsikt og erfaring er viktig når lokalsamfunn skal byggjast.

Vi bur alle i kommunar. Arbeidet som blir gjort i kommunestyra, vedkjem oss alle. Derfor er det gledeleg når samansetninga etter eit val gir eit variert mannskap i kommunestyret, både når det gjeld alder og kjønn.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477