Uhaldbart taxirot
Fleire elevar på Sotra har fått ein svært amputert skulestart. Norgestaxi har ikkje klart jobben med å frakta dei til skulen. Konsekvensane for elevane er store, og ting tyder på at taxiselskapet har tatt seg vatn over hovudet.
Endret 02.09.10 10:09
Fylkeskommunen har tildelt Norgestaxi oppdraget med å frakta skuleelevar som treng skyss, og som ikkje kan nytta skulebuss. Tidlegare var det Bergen Taxi som hadde denne køyringa. Og dei første skuledagane i Fjell har vore prega av rot og frustrasjonar for elevar som treng taxiskyss.
Kvar morgon i førre veke stod Mohamed Osman (6) opp, pakka sekken og gjorde seg klar til å gå på skulen. Men kvar einaste morgon blei han ståande og venta på ein drosje som ikkje kom. Mohamed går i mottaksklassen på Foldnes skule, ein klasse for elevar som nettopp har kome til Noreg, og dermed treng opplæring som er tilpassa deira situasjon. Det er 13 elevar i klassen, og heile ni av desse har blitt svikta av Norgestaxi – enten ved at dei har kome for seint på skulen, eller at dei ikkje har blitt henta i det heile tatt. Foldnes skule har vore i hyppig kontakt med taxiselskapet, og blitt lova spesiell oppfølging, utan at noko har skjedd.
At elevar ikkje kjem på skulen på grunn av rot med transporten, er ille nok i seg sjølv. At førsteklassingar ikkje kjem seg på skulen dei første skuledagane, er rett og slett tragisk. Ei stor hending og ein toneangjevande periode i livet deira vert på grunn av Norgestaxi prega av usikkerheit og rot. Det er uakseptabelt.
Norgestaxi hadde tidlegare pasientkøyringa for Helse Bergen, men mista denne kontrakten etter rot som liknar mykje på det elevane i Fjell no opplever. Mykje tyder på at taxiselskapet har for få bilar og sjåførar, for dårleg system og for dårleg kommunikasjon mellom leiing og sjåførar. Dersom ikkje Norgestaxi snarast får full orden på skulekøyringa, må konklusjonen vera at selskapet er kronisk upåliteleg. Og då bør selskapet neppe tildelast fleire offentlege kontraktar.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





