Trua tryggleik
Vinningskriminaliteten på Sotra og i Øygarden auka med 43 prosent i fjor. Samstundes viser statistikken at stadig færre innbrot og tjuveri blir oppklart. Dette er svært alvorleg for eit rettssamfunn som vårt.
Endret 04.02.10 11:02
Første halvår i fjor opplevde folk i regionen innbrot i heimane sine av ein type som vi ikkje har hatt før. Fleire fekk besøk av frekke tjuvar medan dei låg og sov. Andre kom frå reise til heimar som var endevende og reinska for verdiar. Når slikt hender, er det ikkje berre materielle verdiar som blir tekne frå deg. Kjensla av at heime er ein trygg stad, blir også svekka. Då blir det eit helseproblem, for tryggleiken under eige tak er ei kjensle vi er avhengige av for å kunne fungere skikkeleg.
Auken i vinningsbrotsverk er ille i seg sjølv. Men saman med det faktum at stadig færre slike lovbrot blir oppklarte, blir opplevinga av utryggleik forsterka. I vårt lensmannsdistrikt vart berre 19 prosent av vinningskriminaliteten oppklart i 2009. Det er eit ufatteleg lågt tal, og sender signal som er skremande. Om nokon skulle finne på å ta seg til rette på annan manns eigedom, er det stort sett fritt fram. Sjansen for å bli tatt er liten.
Lensmann Odd Dale seier at folk på Sotra og i Øygarden må ta inn over seg at den store verda er komen litt nærmare. Den tida då vi kunne gå frå utedøra ulåst, er forbi for lenge sidan, og det har dei fleste av oss akseptert. Men at vi også må vere forsiktige med å sove med ope vindauge, er verre å finne seg til rette med.
Utanlandske kriminelle meiner vi i Norge er naive og truskuldige. Å stele frå oss er som å ta sukkertøy frå barn. Vi kan rope på meir politi og strengare straffer. Men vi kjem ikkje bortifrå at vi må sikre oss betre, bli flinkare til å registere verdigjenstandar og sørge for å låse inne alt av verdiar. Førebels slepp vi å bygge høge gjerde og låsbare portar slik dei må mange stader i verda. Men vi kan ikkje sjå bortifrå at det kan bli slik her og.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





