Vestnytt / Leiar / Tranevågen ungdomsskule

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Tranevågen ungdomsskule

I morgon får Fjell kommune nøkkelen til den nye ungdomsskulen på Ågotnes. Skulen var planlagd som ein baseskule, men rektor Johnny Eide føretrekkjer  kalle den for fleksiskule. Her er det både klassiske klasserom og opne areal.

Publisert 09.06.10 11:06
Endret 09.06.10 11:06

Då det vart kjent at Fjell ville bygge ein baseskule til ungdommane på vestsida, vart det mykje ståk. Både blant foreldre og lærarar var det mange som var skeptiske til ei slik løysing. Det er lett å forstå både med utgangspunkt i sunn fornuft og erfaringare som tidlegare er gjort med opne skular. Elevar i tenåra let seg lett distrahere, og skjer det mykje i landskapet, kan det by på problem å halde på konsentrasjonen.

Det er over 30 år sidan siste bølgje av opne skular gjekk over landet. Då gjekk ikkje mange år før dei fleste skulane vart utstyrt med vegger og vanlege klasserom. Sidan den tid har mykje endra seg. PC-bruk, internett og nye krav til skulen har ført til at undervisningskvardagen er ein heilt annan, og behovet for fleksible løysingar er stort. Ein skule med gammaldags romløysing ville ikkje vore funksjonell.

Tranevågen ungdomsskule er ikkje den einaste opne skulen i Fjell kommune. Liljevatnet skule har også ei open løysing. Det er dessutan ei rekkje andre skular i her i fylket og elles i landet med ulike typar opne løysingar. Og erfaringane er ulike, somme lovprisar nye løysingar, andre dømmer dei nord og ned. Mykje er avhengig av motivasjonen til rektor og lærarar.

Eitt er sikkert, og det er at Tranevågen ungdomsskule er lenge etterlengta. Plassproblema i skulane på vestsida vart drøfta i det vide og det breie før politikarane endeleg bestemte seg for å ta kostnadene med å byggje ein heilt ny skule for ungdomstrinnet. Det blir betre plass på skulane på  Ulveset og Ågotnes som no blir reine barneskular, og ungdomstrinnet får ein skule tilpassa sine behov. Vi ønskjer rektor, lærarar og elevar lukke til med ny skule og nye utfordringar.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477