Vestnytt / Leiar / Sund satsar på ungdom

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Sund satsar på ungdom

Til hausten opnar Sund dørene til eit nytt ungdomskontor. Dette er eitt av mange nye tilbod kommunen har starta for ungdom den siste tida.

Publisert 10.06.10 10:06
Endret 10.06.10 10:06

På 90-talet blomstra ungdomskulturen i Sund. Rockeklubben, som fekk boltre seg i det gamle kommunehuset på Steinsland, var arnestad for mange nye rockegrupper og var ein samlingsstad for ungdom. Rockeklubben stod som arrangør for konsertar og kurs, og vart eit alternativt tilbod til ungdom som elles berre hadde idrett som fritidstilbod.

Då dette miljøet forsvann, var det mange ungdommar som vart rotlause og ikkje hadde noko konstruktivt å ta seg til i fritida. Dei siste 10 åra har det vore minimalt med tilrettelegging for ungdomsaktivitetar og andre tilbod utanom dei tradisjonelle til denne aldersgruppa.

Det er derfor gledeleg å leggje merke til at det den siste tida har kome i gang fleire tiltak. Rockeklubben er ferd med å starte opp igjen i nye lokale og med støtte frå kommunen. For første gong har Sund kosta på seg å tilby sommarjobb til ungdommar. Heile 400.000 kroner er sett av til dette formålet, og søknadene har strøymd på. Det er tydeleg at dette er eit populært tiltak.

Det nye ungdomskontoret som opnar til hausten, representerer endå eit viktig tilbod. Hit kan ungdommar kome og få svar på det meste av ting dei måtte lure på, om det gjeld utdanning, arbeid, helse eller økonomi. Kontoret tar også i mot foreldre.

Ungdommar i vår tid møter ei rekke utfordringar som ingen i deira aldersgruppe har møtt før, både på godt og vondt. Det er behov for gode tilbod og støttetiltak i nærmiljøet for å leggje grunnlaget for ei best mogleg framtid for alle. Med desse tiltaka er Sund igjen på offensiven når det gjeld ungdom. Det er frivillige krefter i kombinasjon med dyktige tilsette i kommunen som gjer at det no skjer mykje positivt på dette feltet i Sund.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477