Vestnytt / Leiar / Strammare reimar i Fjell

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Strammare reimar i Fjell

Rådmann Steinar Nesse ber politikarane i Fjell instendig om å ikkje auka dei kommunale utgiftene utan å også kutta. Det rådet bør politikarane følgja

Publisert 03.11.11 08:11
Endret 03.11.11 08:11

Fjell er på ingen måte ein fattig kommune. Økonomikontrollen virkar å vera god, og i motsetnad til mange andre kommunar har ein ikkje slite med store underskot. Det er dessutan lite som tyder på at ein har seriøse manglar i tenestetilbodet. Men alt kan alltid bli betre, og innbyggjarar vil ønskja seg betre trafikksikring, nye skulebygg og meir intensiv eldreomsorg. Desse ønska er det vanskeleg for politikarar å stå imot. Dei er valde inn for å forvalta innbyggjarane sine interesser, og sit i kommunestyret på innbyggjarane sin nåde. Dermed er det nærast standard både i Fjell og andre kommunar at politikarane plussar på rådmannen sitt budsjettforslag. Det finst alltid gode føremål som treng pengar.

I Fjell har ikkje politikarane sin gjevartrang fått dramatiske konsekvensar. Årsaka er todelt. For det første har Fjell kommune eit budsjett på langt over ein milliard kroner. Og då gjev ikkje nokre få millionar her og der dei heilt store utslaga i rekneskapen. For det andre har Fjell sparepengar, dei har kunna ta av kapitalfondet slik at budsjett i ubalanse brått kom i balanse. Difor har kommunen brukt meir pengar enn dei får inn, og i 2010 gjekk Fjell med 17 millionar kroner i underskot. No vil rådmannen stramma inn, og gjev klar melding om at ein ikkje kan halda fram slik. Fjell kuttar mellom anna stillingar tilsvarande 33 årsverk i jakten på ein meir bærekraftig økonomisk situasjon. Det er all grunn til å håpa på at politikarane tek signala frå rådmannen på alvor, og ikkje blir altfor gåvmilde i budsjettprosessen. At ein del innbyggjarar kjem til å bli skuffa, må heller politikarane læra seg å leva med.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477