Vestnytt / Leiar / Solidarisk jul

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Solidarisk jul

Førebelse tal tyder på ein viss nedgang i julehandelen, for første gong på 23 år. Likevel brukar mange svært mykje pengar på julegåver og anna kos før jul. Men meininga med jula er så mykje anna enn ein kjøpefest.

Publisert 22.12.11 09:12
Endret 22.12.11 09:12

I Noreg har jula tradisjonelt vorte feira som det den er, ei kristen høgtid. At nissar har vore eit viktig innslag i feiringa, har ikkje tatt fokuset vekk frå at det er ei høgtid for djupe tankar og nestekjærleik. I moderne tid har den kristne bodskapen vorte mindre viktig for ein stor del av innbyggjarane i landet. Mange tilhøyrer andre religionar, og mange er ateistar. Men også for desse er jula gjerne ei tid der ein legg vekt på samvær med sine næraste, og viser at ein set pris på livet og andre menneske.

Jula er likevel også ei tid for kjøpefest. At ein brukar mykje pengar på mat er éin ting, men mange brukar også enorme summar på gåver. I vårt overflodssamfunn slit ein gjerne med å finna noko folk verkeleg treng, og for å løysa den floka endar ein kanskje opp med dyre luksusgåver som absolutt ikkje kan seiast å vera noko folk treng. Då kan det vera grunn til å minna om at det i verda vår er mange som langt frå har det dei treng. Sjølv i Noreg er det mange som manglar elementære ting, og i juletida blir det ekstra påtrengande – kanskje spesielt for foreldre som slit med å gje borna ei like gåverik jul som  andre får.

Heldigvis finst det motpolar til kjøpepress og pengegalopp. I Øygarden vert det for første gong arrangert alternativ jul, der rundt 30 menneske skal samlast for ei triveleg og nøktern feiring på Kvernepollen. Tilbodet er tenkt til alle som av ulike årsaker ikkje får i stand den store julefeiringa heime, eller som rett og slett har lyst til å ta del i eit godt fellesskap på julekvelden. I Fjell og Sund har Lions samla kjøpt inn øskjer med mat og snop, som gjennom Nav blir gjeve til folk som ikkje har så mykje å rutta med.

I ei tid der reklamar prøver å overtyda oss om at duppedittar til mange tusen kroner er årets sjølvsagte julegåver, er det godt at ein har motkrefter som alternativ jul og tiltaket til Lions. Det gjev håp om at både kristne og andre brukar høgtida til det den er meint til – å bry seg om andre og ting som verkeleg er viktige her i livet. God jul!

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477